Hulda Garborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. mar. 2015 kl. 13:46 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Sette inn bilete)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bunad etter Hulda Garborg på Labråten i Asker.
Foto: Olve Utne (2007).
Såstad søndre på Stange var Hulda Garborgs fødested.
Hulda og Arne garborgs heim Kolbotn i Tynset.
Foto: Kaitil (Wikimedia Commons).
Labråten på Hvalstad i Asker. Familien Garborg flytta inn her i 1897, og heimen vart sentrum for den såkalla Askerkretsen av forfattarar og andre kulturarbeidarar innan norskdomsrørsla.
Foto: Hans P. Hosar 2015.

Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, samfunnsdebattant og kulturperson. Blant tinga ho engasjerte seg i var målsaka, teaterarbeid, kvinnesak, kosthald, bunadbruk, folkevisedans og mykje meir. Ho var gift med forfattaren Arne Garborg (1851–1924).

Ho var dotter av overrettssaførar Christian Frederik Bergersen (1829–1973) og Marie Petrine Olsen (1835–1888), og vart fødd på garden Såstad søndre i Stange på Hedmarken. Foreldra blei skilde då ho var lita, og ho flytta på hybel på Hamar med mora og dei to søstrene Martha Elida og Sofie Wilhelmine. I folketeljinga 1865 finn vi mora og Hulda, men ikkje søstrene, i ein bustad i 23. kvartal på Hamar. Faren gjekk fallitt, og måtte selje garden i 1870.

I Hamar gjekk ho på Gløersens pigeskole, der ein av lærarane blei ei viktig inspirasjonskjelde for ho. Etter skulen reiste ho til Kristiania, der ho fekk jobb i butikken til Mikkel Dobloug. Ho byrja å vanke i det intellektuelle miljøet i Kristiania Arbeidersamfund saman med andre unge kvinner. Hausten 1885 byrja ho på ein målskule som Ivar Mortensson-Egnung hadde i lokalet til Fedraheimen, avisa Arne Garborg hadde starta opp i 1877. Ho vart kjent med Garborg, og også med Lars Liestøl, Andreas Hølaas og Molkte Moe. I folketeljinga 1885 finn vi Hulda Bergersen og mora i Thorvald Meyers gate 64. more er då ført som enkje.

Hulda Bergersen og Arne Garborg fann tonen, og i 1887 blei dei borgarleg gifte. Dei flytta til huset Kolbotnen ved Savalen i Alvdal, der dei fekk sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg året etter. Familien budde på Kolbotnen i ni år, og Hulda Garborg fortalde seinare mange historier om denne tida. Ho lærte tradisjonelt matstell av bondekvinner i grenda, og formidla dette vidare gjennom artiklar i Den 17de Mai. Desse artiklane blei seinare samla i boka Heimestell.

Frå mannen og frå Amalie Skram fekk hos inspirasjon til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen Et frit forhold kom ut anonymt i Bergen; seinare romaner ga ho ut under eige namn. Ho skreiv også skodespel, og var den kvinnelege norske forfattar som fekk flest skodespel oppført i den mannsdominerte tida ho verka i. Blant dei beste skodespela reknar ein gjerne med Liti Kersti og Edderkoppen.

Stundom skreiv ho på riksmål, men målsaka var alltid viktig for Hulda Garborg. Ho irriterte seg over korleis landsmålet og dialektane vart behandla i teateret, og gjekk tidleg inn for å opprette eit landsmålsteater. I 1895 vart ho leiar, instruktør og skodespelar i Det Norske Spellaget, forløparen til landsmålsteateret.

I 1897 flytta paret Garborg til Hvalstad i Asker, der dei budde på Labråten. Vi finn paret og sonen der i folketeljingane for 1900 og 1910. Spellaget samla seg der når dei ikkje var på turné. I nokre byar blei det pipekonsertar, men stort sett blei dei godt motteke. I 1912 blei spellaget omdanna til Det Norske Teatret. Labråten var også ein samlingsstad for Askerkretsen, der ein fann mellom anna Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen, Marta Steinsvik, Tilla Valstad, Sophie Werenskiold og Kitty Wentzel.

Under arbeidet i spellaget såg Hulda Garborg at folkedansen var i ferd med å forsvinne. I 1902 reiste ho til Færøyane for å studere færøydans, en form for ringdans, og etterpå starta ho danseringar fleire stader i Noreg. Instruksjonane hennar blei utgjeve av Noregs Ungdomslag i heftet Norske folkevisor.

Ho var også opptatt av bunad, og og arrangerte kurs i ungdomslaga. I 1917 ga ho ut boka Norsk Klædebunad, som blei ei viktig lærebok. Ho reiknast som ein av dei helt sentrale pionerane for bunadssaka.

Hulda Garborg var også oppteke av kvinnesak. Ho sette husmoryrket og morskallet høgt, og skiljer seg der frå seinare feministar, men gjekk mellom anna i romanen Mann af Guds nåde til angrep på late mannfolk som ikkje gjorde eit slag i heimen. Ho svarte også, anonymt, på fordøminga av kvinner frå den austerrikske filosoden Weininger. Ein finn også kritikk av kapitalismen hos Hulda Garborg, særlig i tendensromanen Hildring. Særleg var ho opprørt over at bønder måtte gå frå gard og grunn på grunn av spekulasjon. I fleire romanar frå barndomsmiljøet på Hedmarken finn ein både kvinnesak og kapitalismekritikk; her er kvinnen den naturlege forkjempar for ei ny og betre tid gjennom den moderne arbeidarrørsla, og mannen er den nedbrytande.

Ho skreiv ein stor mengd artiklar i blad og avisar som Syn og Segn, Edda, Samtiden, Den 17de Mai, Dagbladet, Verdens Gang og fleire andre. Ofte fekk ho sterk kritikk frå mannlege forfattarar, ofte i usaklege ordelag. I stridane fekk ho støtte særleg frå mannen, Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer.

Ho reiste ein del, ikkje berre i Noreg og Vest-Europa, men også til USA. I 1913 var ho i Fergus Falls i Minnesota og avduka ein bauta til minne om Ivar Aasen.

I lokalpolitikken stilte ho til val for Det frisinnede Venstre, og kom inn i kommunestyret i Asker. Ho blei det første kvinnelege medlem av formannskapet i kommunen.

I 1932 blei ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Hulda Garborg er gravlagd saman med mannen på KnudeheioJæren.

Ho har fått fleire veger oppkalla etter seg:

Kjelder