Hulda Garborg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. apr. 2015 kl. 05:06 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Justeringar)
Hopp til navigering Hopp til søk
Portrett av Hulda Garborg
Foto: Gustav Borgen/Nasjonalbiblioteket
Bunad etter Hulda Garborg på Labråten i Asker.
Foto: Olve Utne (2007).

Karen Hulda Garborg (fødd 22. februar 1862Stange, død 5. november 1934 i Asker) var forfattar, folkeopplysar og samfunnsdebattant. Ho var ein av dei viktigaste frontfigurane innan norskdomsrørsla frå 1880-åra fram til sin død, i glanstida for den kulturelle venstrenasjonalismen. Ho gav ut mellom 40 og 50 bøker, derunder mest romanar og skodespel. Mange av dei provoserte og vekte sterk debatt, spesielt dei som dreia seg om emne relaterte til feminisme og kjønnsliv. Mest kjend er ho truleg for arbeidet sitt med bunader og folkeviseleik, og ikkje minst for å ha vore ei hovuddrivkraft i skipinga av Det Norske Teatret i Kristiania.

Hulda Garborg har vore kalla ein nasjonal strateg og kulturentreprenør, kulturnasjonalistisk ideolog og institusjonsbyggar. Ho vart spesielt tonegjevande for det norske i klesdrakt, folkedans, matvanar og andre kulturelle ovringar. Ho tok avstand frå kvinnesaksrørsla i samtida, men var like fullt ein feministisk pioner, ikkje minst kva gjeld likestilling mellom mann og kvinne på kjønnslivets område.

Familie og oppvekst

Såstad søndre på Stange var Hulda Garborgs fødestad.

Ho var dotter av overrettssakførar Christian Frederik Bergersen (1829–1973) og Marie Petrine Olsen (1835–1888), og vart fødd på garden Såstad søndre i Stange på Hedmarken. Faren var velståande, men hadde alkoholproblem og kunne vere valdeleg i familien. Han fekk barn med ei av tenestejentene på garden.[1] Foreldra blei skilde då Hulda var eitt år gammal. Mora hadde med seg Hulda og flytta på hybel på Hamar, og mora prøvde å livnære dei ved å sy. Dei to eldre søstrene til Hulda, Martha Elida og Sofie Wilhelmine, vart inntil vidare buande hjå faren. Sofie emigrerte til USA i 1883. I folketeljinga 1865 finn vi mora og Hulda i ein bustad i 23. kvartal på Hamar. Faren gjekk fallitt, og måtte selje garden i 1870.

I Hamar gjekk Hulda på Gløersens Pigeskole, der ein av lærarane blei ei viktig inspirasjonskjelde for henne. Denne skulen på barnetrinnet var den einaste formelle utdanninga Hulda fekk. Da ho var ferdig med skulen, 13 år gammal, flytta ho og mora til Kristiania.

I radikale kretsar i Kristiania

I 1879 fekk Hulda stilling som butikkjomfru i firmaet Brødrene Dobloug. Mikkel Dobloug var ivrig venstremann, og gjorde sitt til å påverke den unge jenta ideologisk i den retning.[2] Hulda byrja å vanke i det intellektuelle miljøet i Kristiania Arbeidersamfund saman med andre unge kvinner. Hausten 1885 byrja ho på ein målskule som Ivar Mortensson-Egnung hadde i lokalet til Fedraheimen, avisa som Arne Garborg hadde starta opp i 1877. Ho vart kjent med Garborg, og også med Lars Liestøl, Andreas Hølaas og Molkte Moe. Ho byrja å skrive i avisene, særleg i Verdens Gang, og hadde ei tid fast løn der.

I folketeljinga 1885 finn vi Hulda Bergersen og mora i Thorvald Meyers gate 64. Mora er då oppført som enkje.

Ekteskap og heim på Kolbotn 1887-1897

Hulda og Arne garborgs heim Kolbotn i Tynset.
Foto: Kaitil (Wikimedia Commons).

Hulda Bergersen og Arne Garborg fann tonen, og i 1887 blei dei borgarleg gifte. Dei flytta til huset Kolbotn ved Savalen i Tynset kommune (på grensa mot Alvdal), der dei fekk sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg (Tuften) året etter. Familien budde på Kolbotnen i ni år, og Hulda Garborg fortalde seinare mange historier om denne tida. Ho lærte tradisjonelt matstell av bondekvinner i grenda, og formidla dette vidare gjennom artiklar i Den 17de Mai. Desse artiklane blei seinare samla i boka Heimestell.

På Labråten frå 1897. Askerkretsen

Labråten på Hvalstad i Asker. Familien Garborg flytta inn her i 1897, og heimen vart sentrum for den såkalla Askerkretsen av forfattarar og andre kulturarbeidarar innan norskdomsrørsla.
Foto: Olve Utne 2007.
Peiskroken på storstua i Hulda og Arne Garborg sitt hus på Labråten.
Foto: Olve Utne 2007.

Familien Garborg flytta frå Kolbotn i 1896, og budde eit års tid i eit leigd husvere på ein gard i Stokke, Vestfold. I 1897 slo dei seg ned på Hvalstad i Asker, der dei budde i sjølveigd hus på Labråten. Vi finn paret og sonen der i folketeljingane for 1900 og 1910.

Effektiv og praktisk som ho var, vart Hulda Garborg eit stødig og moderleg midtpunkt i den såkalla Askerkretsen rundt heimen til Hulda og Arne Garborg. Askerkretsen omfatta dei mest sentrale personane bak store norskdomstiltak som avisa Den 17de Mai, Norsk barneblad, Det Norske Teatret og ei lang rad omsetjingar til landsmål av dei fremste verka i verdslitteraturen: Bibelen, Homer, Goethe, Dante, det indiske Ramayana m.fl., og dessutan ei lang rekkje bøker frå underhaldningslitteraturen som Conan Doyle, Jules Verne og Alexandre Dumas. Kjernen i Asker-kretsen var personlegdomar som i kortare eller lengre tid budde saman med Garborgs på Labråten eller like i nærleiken: Rasmus og Marta Steinsvik, Ivar og Karen Mortensson-Egnund, Rasmus Løland, Otto og Tilla Valstad, Kristoffer Uppdal, Olav Nygard og Henrik Rytter. I ein meir ytre krets, og ikkje nødvendingsvis sterkt knytta til norskdomsstrevet, fann ein mellom andre Harriet Backer, Kitty Kielland, Fernanda Nissen, Sophie Werenskiold og Gustav og Kitty Wentzel.

Forfattarskap og teaterverksemd

Frå mannen og frå Amalie Skram fekk Hulda Garborg inspirasjon og oppmuntring til å skrive skjønnlitteratur. Debutromanen Et frit forhold kom ut anonymt i Bergen i 1892; seinare romaner ga ho med få unntak ut under eige namn. Ho skreiv ei stor mengd artiklar i blad og avisar som Syn og Segn, Edda, Samtiden, Den 17de Mai, Dagbladet, Verdens Gang og fleire andre. Ofte fekk ho sterk kritikk frå mannlege forfattarar, ofte i usaklege ordelag. I stridane fekk ho støtte særleg frå mannen, Amalie Skram, Fernanda Nissen og Harriet Backer. Ikkje minst vart Hulda Garborg kjend for sine mange skodespel.

Ho var den kvinnelege norske forfattar som fekk flest skodespel oppført i den mannsdominerte tida ho verka i. Farsen Rationelt Fjøsstell hadde urpremiere på Christiania Theater i 1897, og vart seinare oppført på nytt og pånytt, både profesjonelt og ikkje minst av amatørteatergrupper i ungdomslaga på bygdene over heile landet. Blant dei beste skodespela hennar reknar ein elles gjerne Liti Kersti og Edderkoppen.

Det aller meste av sin litterære produksjon skreiv Hulda Garborg på bokmål. Men målsaka var alltid viktig for henne. Ho gjekk tidleg inn for å opprette eit landsmålsteater. I kjølvatnet av Den norske marknaden i 1898 i Kristiania, ei storhending for markering av landsmålskulturen, vart det skipa eit fyrste «spellag» for framføring av skodespel på nynorsk. Hulda Garborg stod for det formelle skipingsmøtet for Det Norske Spellaget 3. mars 1899. Ho sat sjølv i styret saman med Rasmus Løland, Otto Valstad og Magnus Hydle, med sistnemnde som formann. Etter litt verksemd sentrert rundt Asker-kretsen, låg spellaget i dvale i mange år, før det vart gjennoppliva i 1910. Det Norske Spellaget, der Hulda Garborg nå var både leiar, instruktør og skodespelar, gjennomførte nå fleire segnomsuste teaterturnear over det meste av landet. Dette vart den direkte forløparen til Det Norske Teatret, skipa i 1912, der Hulda Garborg var den fyrste styreleiaren.

Folkedans, bunad og sunt norsk kosthald

Under arbeidet i spellaget såg Hulda Garborg at folkedansen var i ferd med å forsvinne. I 1902 reiste ho til Færøyane for å studere færøydans, ei form for ringdans, og etterpå starta ho «leikarringar» fleire stader i Noreg. Instruksjonane hennar blei utgjeve av Noregs Ungdomslag i heftet Norske folkevisor.

Det var Hulda Garborg som i boka Norsk Klædebunad (Fraa ymse bygdir) frå 1903 lanserte omgrepet «bunad» for dei nasjonale festdraktene som tok utgangspunkt i tradisjonelle folkedrakter. Ho rekonstruerte i betydeleg grad slike festdrakter sjølv. Mellom anna skapte ho «Hulda-drakta» ved ein omsydd versjon av ein tradisjonell stakk frå Gol i Hallingdal. Hulda Garborg både inspirerte og instruerte andre til å ta i bruk bunader, mellom anna ved instruksjonsbøker og uteljande kurs i frilynte ungdomslag og andre stader. Skiljet mellom rekonstruert «bunader» og genuine «folkedrakter» slik det vart aktualisert ved Hulda Garborgs verksemd, har i ettertid vorte avklara særleg av konservator Aagot Noss.

Hulda Garborgs innsats når det gjeld denne typen kulturell fornorsking, har vore ulikt vurdert i ulike miljø til ulike tider. Alfred Fidjestøl konkluderer om dette i boka si om Askerkretsen på følgjande vis:

«Hulda Garborg blei ein sjølvutnemnd danse- og bunadsekspert, like suverent som ho var blitt matmor og teaterinstruktør. Folk som ville skaffe seg bunader og folkedrakter, skriv til henne og bad om råd. Like eins snikkarar som fekk bestillingar på "norske" møblar. Hulda Garborg svarte og forklarte og tipsa og synsa. I botnen låg ein sjølvtillit som grensa mot kritikkløyse, og ei elitistisk oppfatning om at nokon måtte ta ansvar for å oppdra og rettleie folket.»[3]

Internasjonal orientering

Hulda Garborg var godt internasjonalt orientert. Det nasjonalistiske livsprosjektet stod ikkje i motsetnad til dette, men verka heller motiverande. Som mannen Arne Garborg hadde ho særs godt kjennskap til europeisk, særleg tysk, åndsliv. Mellom anna hadde ho eit langt og nært vennskap med den naturalistiske dramatikaren og romanforfattaren Gerhart Hauptmann, og særleg hans kone Marie.

Hulda Garborg hadde fleire lengre utanlandsopphald. Vinteren 1889-1890 budde ho i og rundt München. Derifrå tok ho på reise til Italia (1890), og budde vinteren 1890-1891 igjen i Tyskland, denne gongen Berlin. Året etter vart det igjen Italia-opphald over vinteren. Midt på 1890-talet gjennomførte ho språkstudiar i Frankrike (Paris og Marlotte).

I 1902 hadde ho eit opphald på Færøyane og året etter på Island, båe stader for å studere folkedans og drakttradisjonar.

I 1913 var ho tre månader på studietur og foredragsturne i USA. I Fergus Falls i Minnesota avduka ho ein bauta til minne om Ivar Aasen. Ho vart også sterkt oppteken av indianarane si stilling i Amerika.

I 1920 var ho igjen på reise i Tyskland og Frankrike. Ho reiste saman med venninna Fernanda Nissen, som døydde undervegs.

Ideologi

Kulturnasjonalismen

Kritisk til den industrialiserte sivilisasjonen

Feminisme

Hulda Garborg var også oppteken av kvinnesak. Ho er blitt omtala som forskjellsfeminist. Det vil seie at ikkje gjekk inn for at kvinnene i sin kamp for likeverd skulle adoptere maskuline verdiar og bli som dei. Ho sette husmoryrket og morskallet høgt, og skil seg der frå mange seinare feministar, men gjekk mellom anna i romanen Mann af Guds nåde til angrep på late mannfolk som ikkje gjorde eit slag i heimen. Ho svarte også, anonymt, på fordøminga av kvinner frå den austerrikske filosoden Weininger. Ein finn også kritikk av kapitalismen hos Hulda Garborg, særlig i tendensromanen Hildring. Særleg var ho opprørt over at bønder måtte gå frå gard og grunn på grunn av spekulasjon. I fleire romanar frå barndomsmiljøet på Hedmarken finn ein både kvinnesak og kapitalismekritikk; her er kvinna den naturlege forkjempar for ei ny og betre tid gjennom den moderne arbeidarrørsla, og mannen er den nedbrytande.

Politikk

I lokalpolitikken stilte ho til val for Det frisinnede Venstre, og kom inn i kommunestyret i Asker. Ho blei det første kvinnelege medlem av formannskapet i kommunen.

St. Olav

I 1932 blei ho riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

Hulda Garborg er gravlagd saman med mannen på KnudeheioJæren.

Ho har fått fleire veger oppkalla etter seg:

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Fidjestøl, A. 2014:33.
  2. Skre, A. 1911:49.
  3. Fidjestøl, A. 2014:77.