Lokalhistoriewiki:Hovedside
Smakebiter fra artiklene
Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge av Jens Kraft er eit bokverk utgjeve i seks band i tidsrommet 1820–1835. Delar av verket kom i reviderte utgåver 1838–1842, og eit samanfattande band vart trykt heftevis i åra 1845-1848. Verket gjev ei grundig og detaljert framstilling av naturtilhøve, befolkning, økonomi og næringsliv i tida rett før industrialiseringa kan seiast å ha teke til i Noreg. Det omhandlar også ein del «historiske Notitser» og «Oldtidsminder». Men fyrst og fremst er det ei allsidig natur- og samfunnsgeografisk samtidsskildring, landsdel for landsdel, amt for amt og fogderi for fogderi ned til bygdelagnivå, og endatil med omtale av eit ganske omfattande utval av gardar i dei einskilde prestegjelda. Byane er omtala i eigne avsnitt. Les mer …
Abel Cathrine Amundson (født 8. oktober 1809 i Sandeid i Vindafjord, død 31. oktober 1885 i Northwood, Iowa) var gardkone og utvandrar. Ho og ektemannen var mellom dei fyrste utvandrarane til USA frå Norge, berre eit drygt tiår etter pionerane på sluppen «Restauration». Dei budde i fleire av dei norske nybyggjarkoloniane i Midtvesten i 1830- og 1840-åra. Ektemannen Bjørn og sonen Bruun døydde båe i ein koleraepidemi i august 1850. Etter at ektemannen døydde, fekk Abel Cathrine alle barna med unntak av eldstesonen døypt av en dansk metodistprest, men seinare vart ho medlem av den lutherske kyrkja i Dane County. Ho gifta seg på nytt i 1854 med Bright Amundson frå Stavanger, og dei levde saman fram til han døydde i 1861. Les mer …
Herman(n) Fischer (født 1. januar 1893 i Litauen, død 2. januar 1943 i Auschwitz) var ein forretningsmann, cellist, målmann og sjakkspelar i Kristiansund. Han tok over forretninga Beklædningsmagasinet Fix etter faren i 1914 og dreiv ho med eit kortare avbrott fram til tidleg i 1940-åra. Han var cellist i Kristiansund Symfoniorkester og leiar av orkesteret. Hermann Fischer vart fødd den 1. januar 1893 i Leckava (jiddisch Latskeve) i Litauen som den eldste av åtte born av foreldra Dina f. Bekker (f. 1872 i Leckava; d. 1943 i Auschwitz) og Abraham Fischer (1867–1942). Han vaks opp hovudsakleg i Trondheim, der familien hadde busett seg midt i 1890-åra — den første tida i Nedre Møllenberg gade 36B (Folket. 1900), og seinare i Krambodgate 15 (Folket. 1910) og Innherredsvn. 27. Hermann gikk på 7-årig folkeskule ved Bispehaugens folkeskole i Trondheim, og deretter utdanna han seg ved K. Solbergs handelsskole. Han må nok òg ha fått god opplæring i cello som vi ser av rolla hans i Kristiansund Symfoniorkester, men vi veit ikkje enno kven læraren hans var. Han gifta seg med Gusta Berman i Trondheim den 19. september 1915. Les mer … Grorud, gnr. 94 i nåværende Oslo kommune, er en matrikkelgård i tidligere Aker herred, Østre Aker sogn. Den eksisterer ikke lenger som gårdsbruk, men utgjør nå en del av strøket eller drabantbyen Grorud i Oslo. Arealet, der det iallfall fram til 1960-åra fremdeles fantes jorder og havnehager, er nå dominert av boligblokker, industri og annen næringsvirksomhet, med små eldre villastrøk innimellom. Gården har gitt navn blant annet til Bydel Grorud, Groruddalen, Grorud kirke og en rekke andre steds- og institusjonnavn. Våningshuset til det som ble Øvre Grorud gård (gnr 94 bnr. 196) ligger i dag i Grorudveien 13. Det er fra 1830-årene og er det eneste som er igjen av denne gården. Grorud har en historie som strekker seg langt tilbake i middelalderen. Den eide store områder, og lå ved Gamle Trondheimsvei, sentralt i forhold til det som alltid har vært en av hovedferdselsårene inn til Oslo. Les mer … |
Aktuelt
Om lokalhistoriewiki.nolokalhistoriewiki.no drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI), men artikler skrives og bilder lastes opp av frivillige med interesse og kompetanse innen områdene den dekker, og både faghistorikere og amatører er velkomne som bidragsytere. Wikien har nå 73 430 artikler og 210 425 bilder, og om du vil bidra kreves det kun at du registrerer deg. Via forsideoversikten eller røde lenker i artiklene kan du se om noen allerede har begynt å arbeide innenfor ditt interessefelt, og via sidene om wikien og redigeringshjelp får du starthjelp. |