Øvre Moen under Trydal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øvre Moen
Alt. namn: Stigamoen under Nordstog Trydal
Moen under Nordstog Trydal
Rydda: omkr. 1770
Stad: Trydal
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 17
Type: Husmannsplass

Øvre Moen var ein husmannsplass under Nordstog Trydal i Bykle kommune. Dei som truleg var dei fyrste til å bu her, kom hit frå Ljosådalen.

Kona i denne huslyden tykkjest ha vore fødd på den nemnde plassen som dotter åt ein Olav Bjørgulvsson, som etter Vallesoga (VI, 122) var den fyrste kjende oppsitjaren der. Ho heitte iallfall Ingrid Olsdotter, ser me, og ho og den andre mannen hennes, som heitte Askjell Jonsson, er noterte som husmannsfolk i Ljosådalen i 1751. Dei var framleis der i 1762, men sidan kom dei til Moen:

  • Ingrid Olsdtr. (Ljosådalen?), f 1714, d 1776
g 1. 1730 m Torkjell Torkjellsson, d 1732, ikkje kjende born
g 2. 1751 m Askjell Jonsson, f ca 1712, d 1775, ikkje kjende born

Johannes Skar har det fylgjande å fortelje om desse folka (Gamalt or Sætesdal II, 256):

Askjell og Ingjerid kom til Bykle vilde rydja og bu - dei kom av Austlandet. Fyrst la dei til i Ljosådalen. Men Valldølane sette sak og ville trætte byklarane ut or den dalen. Då tok dei hit til Stigahyl og rudde opp i «Moen», til dess trætta var enda. Gamle-Såvi Storstein i Trydal vitna i saki:

«Askjell å Ingjeri reist' at Ljosådale ti rø»W , sa han «dei sette ne tytti und' 'n stein med Stigahyl - mei veit inkji eg», sa Såvi [...].

Ingjerid var so fælt eit arbeidsmenneske. Ho var utifrå til å gjera trog. Ho telgde plent som ein karmann, alle kvende som kunde bruka kniv, kalla dei «Ingjeri» sidan.

Ho sat i Moen det siste, eisemo. Det var so syndleg ei avferd ho fekk - ho krøkte ut barken med bismarkroken dei hadde løynt burt alt som var bit fyre so stod der inkje anna til taks. Dei såg koss den vonde avensera kring huset. Det va inkje ko Trydalskona som torde inn i stoga. Då ho var ut so svint, kom der ei rekkje med herklædde menner sulande. «Åhå, e 'er slike karar uti», sa ho. Og med same kvarv dei burt. So gjekk ho inn att, kona. Då låg der ein stor svart hund med lampane upp i kvila ho la til med ei salme og fekk sunge tvo vers men då ho skulde til med det tridje: «Om verden fuld», då kom han burt.

I kyrkjeboka vart både Askjell og Ingrid oppskrivne med etternamnet «Stigen» då dei døydde. Det hadde høvt betre om det hadde stått «Stigamoen», skjønar me.

Etter at Ingrid var død i 1776 høyrer me ikkje gjete nokon som budde på Moen fyrr me finn ein huslyd på ein ikkje namngjeven plass i 1801-folketeljinga, men at denne plassen lyt vera Øvre Moen er sikkert nok. Mannen i den familien som budde her var etter den nemnde folketeljinga ein husmann Gunstein Pålsson, ein kar på 75 år med ei kjering som heitte Hæge Gunsteinsdotter. Ho var 46 år står det. Her har me då eit døme på at det stundom kan finnast nokså forvirrande feil i ei folketeljing. For mannen heitte ikkje Gunstein Pålsson, men Gunstein Såvesson. Kona heitte rett nok Hæge Gunsteinsdotter, men ho var ikkje 46 år i 1801, derimot 57.

Gunstein gifte seg andre venda i 1788, 64 år gamal. Nykona hans var syster av gardkjeringa i Nordstog, og det gjev vel grunn til å tru at det var etter dette giftemålet han hamna på Øvre Moen. Om det hadde budd andre på plassen mellom 1776 og 1788, veit me ikkje kven dei kan ha vore.

Når ein rullar opp familien åt Gunstein frå kyrkjeboka, vert det som fylgjer:

  • Gunstein Såvesson Stavenes, f 1724, d 1813
g 1. 1754 m Gunvor Gjermundsdtr. Byklum, f 1727, d 1784. Born:
  • Ingebjørg, f 1754, g 1784 m Olav Arnesson, sjå Berdalen Der uppe, gnr 3, bnr 4
  • Gyro, f 1757, lagnad ukj.
  • Hallvard, f 1760, d 1831, ug
  • Gro, f 1766, d 1780
  • Gjermund, f 1770, g 1.1793 m Margit Tallaksdtr. Stavenes, d 1827, g 2. 1835 m e Borghild Tarjeisdotter Bjørnarå, sjå Teigen Stavenes, gnr 16, bnr 1
g 2. 1788 m Hæge Gunsteinsdtr. Berdalen, f 1747, d 1802. Born:
  • Gunvor, f 1787, g 1830 m Svenke Knutsson Dale, jfr. Valle VI, 32, 240

Foreldra åt Gunstein var Såve Torleivsson Stavenes og kona, Gyro Niklosdotter, fødd Brokka. Me vil gjeta på at Gyro hadde kome til Nordstog Stavenes ilag med Olav, bror sin, og såleis trefte Såve, som var frå Teigen.

Gunvor, fyrste gifta av Gunstein, var dotter åt Gjermund Ormsson og kona, Tone Hallvardsdotter, i Utistog Byklum. Hæge, andre kona var frå Hagen i Berdalen og dotter åt Gunstein Tarjeisson på det bruket og kona, Birgit Olavsdotter.

I 1762 var Gunstein og Gunvor bruksfolk hjå bror hennes, Torbjørn Gunsteinsson i Uppistog Byklum. Dei vart då utsette for eit uhell som må ha svidd hardt økonomisk: «Gunsten Salvesen Bøchlum og quinde Gunvor Giermondsdtr. ved den Vandheld at have mistet 2de Hester og andre Creature», står det i ein merknad i ekstraskattemanntalet.

Ein merker seg at Gunstein reiste oppatt fyrste kona si, då han fekk ei dotter med den andre. Dette er heilt i samsvar med dei tradisjonelle oppkallingsreglane, men det er interessant å sjå at dei vart etterlivde.

Saman med Gunstein og Hæge i Moen budde det i 1801 ein familie til. I folketeljinga er dei oppskrivne som fylgjer:

  • Aasne Olsdtr, 48, enke e. 1. ekt., Inderste og lever af almisse
  • Folke Tallachsen, Aasnes uægte søn, 19, ug., Inderste og gaar i dagleje
  • Ole Olsen, Den sammes ægte børn, 9
  • Gunil Olsdtr, ", 6
  • Ingier Olsdtr, ", 3

Dette var huslyden etter Olav Olsson Homme frå Uppigard Gråmannshus i Valle, gnr 29, bnr 2. Ein kjenner ikkje til kva tid Olav døydde, bortsett frå at det sjølvsagt må ha vore fyre 1801. Foreldra åt Åsne var Olav Folkesson Rygnestad og kona, Ingjerd Folkesdotter (Syndre Rygnestad, bnr 3). Av borna av Åsne var Olav og Gunhild døypte frå Homme og Ingjerd frå Rygnestad. Folke Tallaksson er litt verre å identifisere, men «ein Folke Tallaksson Brokka, 'uægte', vart døypt 1781. Namnet på mora står ikkje, men det må ha vore Åsne. Var Tallak Øyulvsson Brokka (Lunden, bnr 1) faren?», ymtar Alfred Ryningen, som vidare opplyser at Folke Tallaksson døydde ugift i 1836. Dei andre borna av Åsne vart derimot gifte, Olav med Gunvor Torsdotter Lunden, Gunhild med Åsmund Folkesson Løyland og Ingjerd med Åsmund Kristensson Hisdal (jfr. Valle V, 440 f og Hisdal, bnr 1).

Ikkje nok med at Gunstein og Gunvor hyste ein heil familie med fatigfolk, hadde dei såmenn funne rom åt endå ein person:

«Aanon Targeisen, 56, ug, Inderste og lever af almisse»W , står det om han. Denne Ånund Tarjeisson var fødd i 1749 som son åt Tarjei Gunsteinsson Stavenes og kona, Ingebjørg Såvesdotter, så Gunstein Såvesson var altså morbror hans. Ånund vart gravlagd frå Stavenes i 1804, framleis ugift og framleis fatiglem.

Me veit ikkje kor lenge Åsne Olavsdotter og borna hennes heldt til på Moen. Det er ikkje nye spor etter nokon av dei i kyrkjebøkene fyrr mange år seinare seinare, og truleg har dei drege or bygda. Alfred Ryningen har funne ei Åsne Rygnestad frå Valle som døydde 60 år gamal i Bygland i 1817, og meiner det har vore den same Åsne som budde i Trydal (jfr. Valle V, 440 f).

Etter at Gunstein Såvesson var død og borte trur me at Tone Åvollsdotter frå Nordstog og mannen hennes overtok kontrakta hans på Øvre Moen. Då Tone døydde i 1821, er ho iallfall kalla «husmannskone» , og då er det ikkje stort andre stader det kan vera rimeleg å plassere henne.

  • Tone Åvollsdotter Trydal, f 1791, d 1821
g 1814 m Tor Olsson Berg, f 1777, d etter 1835, fyre 1846. Born:
  • Olav, f 1815, d 1816
  • Olav, f 1817, d 1846, ug, «inderst»
  • Birgit, f 1820, d 1820

Tor Olsson var frå Heimigard Berg i Valle, gnr 51, bnr 1, og son åt Olav Gunnarsson Flateland og kona, Birgit Torsdotter, fødd Besteland (jfr. Valle III, 377). Kor lenge Tor vart verande på plassen etter at Tone var borte, er noko uvisst. Me veit at Åvoll Torleivsson, far hennes, hadde retten til å bu på Moen som ein del av kåret sitt, og Åvoll var foddogsmann frå 1826 til 1843. Men då Olav Torsson vart konfirmert i 1835, er han oppført som son åt husmann Tor Olsson i Trydal, så då har han iallfall vore her. Men då dei skifte etter sonen i 1846, var faren død. Me kan ikkje finne at han har døytt i Valle eller Bykle, så rimelegvis har han fare or bygda.

Budde då Åvoll Torleivsson på Moen ilag med versonen og dottersonen? Trulegvis ikkje. Iallfall ser me at ein annan dotterson flutte inn på plassen på 1830-talet, slik at her då ei tid var to familiar, og då vil me rekne det for mest sannsynleg at den gamle drapsmannen var i Nordstog ilag med dottera og versonen til han døydde i 1843.

Tor hadde som nemnt vore gift med Tone Åvollsdotter, og budd med henne på Moen, medan Torleiv Åsmundsson Stavenes var gift med Tore Åvollsdotter og budde i Nordstog. Etter at Tor hadde reist frå Moen, flutte son åt dei sistnemnde, Åsmund Torleivsson, inn her. Dette ser me av at han er oppført som «inderst» i Trydal då han døypte eldstesonen sin i 1834, medan han året etter, då han har ein ny son til dåpen, er kalla husmann på Stigamoen. Tor Olsson og Åsmund Torleivsson tykkjest altså å ha budd her ilag eit bil. Nå over til den sistnemnde:

  • Åsmund Torleivsson Trydal, f 1808, d 1841
g 1833 m Gunhild Olavsdtr. Dysje, f 1814, d 1898. Born:
  • Torleiv, f 1834, d 1834
  • Torleiv, f 1835, d 1890, ug.
  • Tone, f 1834, d 1917, ug, sjå Tykkholt, bnr 18
  • Tore, f 1841, d i Amerika 1917

Gunhild Olavsdotter var dotter åt Olav Gunnarsson Nesland, seinare Dysje, og kona, Tone Tarjeisdotter, fødd Mosdøl.

Åsmund Torleivsson fekk ein udaude. Han «dræbte sig selv i raseri», står det i kyrkjeboka. Gunhild vart buande på Moen med borna sine til uti 1850-åra. I 1854 fekk ho ein son, som ho kalla Åsmund etter den avlidne mannen sin, faren var Torleiv Asjørnsson Berdalen. Fyre barselet hadde ho flutt frå Moen til plassen Skarberg under Bratteland. Sidan drog ho or bygda nokre år. I 1865 tente ho hjå Gunnar Grundesson Austad i Bygland. Men i 1875 var ho attende i Trydal, då som plassbrukar i Tykkholt under Storstein. Med seg der hadde ho dei to borna sine, Tone Åsmundsdotter og Åsmund Torleivsson. Det står noko lite meir om desse folka i bolken om Tykkholt, bnr 16 (Uppistog) og 18 (Nistog).

Tore Åsmundsdotter finn me i folketeljingane frå 1865 og 1875 som tenestejente hjå Sigurd Torjusson i Åmli, Valle, bnr 3. I 1873 fekk ho eit jentebarn med Daniel Kjetilsson frå bnr 1 i Åmli. Denne jenta, som heitte Tone, var hjå mora i Åmli i 1875, og fylgde henne til Amerika i 1884 (jfr. Valle III, 175).

Då dei skifte etter Tone Åsmundsdotter i Uppistog Tykkholt i 1918, vart det lagt fram brev frå Tone Danielsdotter, som då skreiv seg som Mrs. Sivert J. Olsen, Canby, Minnesota. Her gav ho uttrykk for vonbrot over at morsystera hadde sett inn Eivind Mikkelsson Hisdal til eineerving, men sette ikkje fram krav om å få omstøytt testamentet. Av det nemnde brevet går det fram at Tore Åsmundsdotter døydde i Minnesota 6.12.1917, berre nokre dagar etter systera.

Om det kom nye folk på Øvre Moen med det same etter at Tone Olavsdotter flutte ifrå er noko uvisst. Men nokre som kan ha vore her nokre år er Åvoll Torleivsson (y.) frå Nordstog og Tore Eivindsdotter frå Storstein. Desse gifte seg i 1846, og budde nok det meste av tida som busetar i Nordstog, såleis var dei etter folketeljinga der i 1865. Men i Nordstog var det i denne perioden temmeleg mange som skulle hysast, og var det ledig på Moen, er det rimeleg at nokre flutte hit. Men etter at Knut Hallvardsson Der inne overtok Nordstog i 1867, er det uvisst om det var rom for nokon av den eldre Nordstogsætta på Moen stort lenger. Iallfall finn me i 1875 Åvoll og Tore som plassfolk i Grasbrokke under Systog. Der vart dei verande, og dei vert difor nærare omtala under det bruket.

Folketeljinga frå 1875 opplyser at både Øvre og Ytre Moen då var folketome. Men hausten 1876 byrja veganlegget i Byklestigen, og anlegget leigde då alle hus i Moen som var eigna til det til arbeidarbustader. Ein av dei som budde her var Mikkel Torkjellsson Rygnestad, fødd 1828. I eit brev frå lensmann Lund til sorenskrivaren frå 1889 står den fylgjande passasjen om han:

Mikkel Torkjellson selde kaffi på Moen, ser me. Her har me to gamle kaffekverner frå Henriksen-samlinga. Den til høgre er den eldste, og heilt sikkert heimegjord. Såvoren reiskap vert i Setesdal omtala som «tro og trille», får me opplyst. Den venstre kverna er nok frå tida kring 1900, men også den ber merke av å vera handverk, og altså ikkje eit fabrikkprodukt. Setesdalsmuseet skaffa bileta, og sakene er registrerte som MOR 199 og MOR 26.
 
[...] da veiarbeidet begyndte [var han] en arbeidsmand med kone og barn. Han kom inn ved veiarbeidet og var først arbeider ved dette i de år arbeidet i Byklestigen holdt paa. Da veiarbeidet trængte en landhandler, som kunde forsyne arbeidsstyrken med tobak, kaffe og fødevarer, fik Mikkel Rygnestad laane kr 400 af veianlægget samt tilladelse til at bo i de af veianlægget leiede huse paa Stigamoen. Handelsbevilling erholdt han i mars 1878 [...].

Etter avsluttinga av anlegget i 1879 heldt Mikkel ei tid fram med handelen i Øvre Moen, og bruka dertil jorda i båe Moenplassane. Men i 1882 leigde han Berget Mosdøl, flutte dit, og dreiv framleis kombinasjon av gardsbruk og landhandel til han i 1885 fekk kaupe Sygard Nesland (gnr 10, bnr 3) etter Hallvard Knutsson Nesland. Der slo han seg til, og han og familien hans vert nærare omtala i bolken om det bruket.

Me kjenner ikkje til at det har vore nokon i Øvre Moen etter at Mikkel Torkjellsson flutte ifrå. Ein skal ikkje sjå bort i frå at her stundom kan ha budd ein og annan busetefamilie, men me veit ikkje kven det i tilfelle kan ha vore.


0941 Bykle komm.png Øvre Moen under Trydal er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Stigamoen • Neste bolk: Ytre Moen