Bruker:Olve Utne/Månadens bilde
(Omdirigert fra «Brukar:Olve Utne/Månadens bilde»)
Hopp til navigering
Hopp til søk
![]() Huset i Grinda (eller Mogrinda, bnr. 3 under garden Mo (gnr. 113) på Kvenna i noverande Surnadal kommune) sett frå nordvest. Felespelaren Jó Gri’nn voks opp på dette bruket, som var husmannsplass på den tida. Foto: Olve Utne
|
![]() Taffelpiano (‘bordpiano’) — frå ein konsert i Gunnesdal bedehus i Godfjorden i 1994. Denne pianotypen var populær på store deler av 1800-talet. Når ein lukkar tangentlokket, ser instrumentet ut som ein bord. Kring 1900, da instrumenttypen forlengst var gått av moten, vart instrumentet ofte kalla «spinett» mange stader i Noreg. Men taffelpianoet er eit hammarpiano, medan det eigentlege spinettet er ein type cembalo. Foto: Olve Utne
|
|
|
|
![]() Labråten i Kunstnerdalen i Asker var Hulda og Arne Garborg sin bustad frå 1897 til 1934. Foto: Olve Utne
|
|
|
![]() Sigd av bein type (i motsetn. til skjøro/skyru) frå Tustna på Nordmøre. Denne typen sigd vart særleg produsert på Engjan i Valsøyfjord. Foto: Olve Utne
|
![]() Inni gamle Hals skule på Tustna. Skulebygninga vart tømra i 1890-åra. Skulen har eitt klasserom, og i tillegg er det eit lærarkammers, yttergang og mørkloft. Skulen vart nedlagt i juni 1972 og er no skulemuseum. Foto: Olve Utne
|
![]() Rade, eller småflis og anna rask etter hogst og vedkløyving, blir frå gammalt av kalla skottrae på Nordmøre og råd(d)å på Innherad. Foto: Olve Utne
|
|