Hagen (Bykle gnr 14/24)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hagen
Byklum 105.jpg
Hagen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Alt. namn: Paradis
Rydda: 1882
Utskilt: 1922
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 24
Type: Småbruk

Hagen i Bykle ligg mellom Haugebakk og Øystre Haugen, rett nedanfor Samyrkelaget.

I utgangspunktet var det plass under Uppistog Byklum, og den fyrste som budde her var Andres Olavsson. Då han gifte seg, vart han oppskriven i kyrkjeboka med etternamn Tveiten, og med det namnet finn me han også i den gamle gards- og ættesoga (144). Men tilknytinga hans til Tveiti var ikkje annleis enn at han hadde vore dreng der ei tid. Foreldra hans, som heitte Olav Tarjeisson Nesland og Ingebjørg Andresdotter, fødd Brotteli, budde på Strandestøyl. Dei er omtala i bolken om den verestaden, og sonen skulle difor ha vorte oppførd med etternamnet Strandestøyl i denne boka. Men ettersom han, etter at han flutte åt Hagen, alltid tykkjest ha vore omtala med etternamn Byklum, skal me gjera det same.

  • Andres Olavsson Byklum, f 1834, d 1910
g 1872 m Anne Ånundsdtr. Holen, f 1847, d 1908. Born:
  • Olav, f 1873, g Kr. sand 1900 m Tore Drengsdotter Mosdøl, til Amerika 1900, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1874, d 1875
  • Ånund, f 1876, g 1915 m Sigrid Arnesdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1879, g 1917 m Torleiv Hallvardsson Byklum, sjå Haugebakk
  • Eli, f 1882, g m Olav Knutsson Byklum, sjå Kroné, bnr 6
  • Birgit, f 1887, d 1887
  • Olav, f 1888, d 1888

Anne Ånundsdotter var frå Holenplasset, foreldra hennes var Ånund Olavsson Mosdøl og kona, Eli Olavsdotter, fødd Holen.

Andres og Anne var busetar mellom anna på Nesland og Tveiten, inntil dei kring 1880 fekk bygsla plassen her frå Uppistog. I folketeljinga frå 1891 står det at det plassen dei budde på heitte Paradis, men etter det me skjønar var dette berre eit anna namn på Hagen, som vart prøva ei beite, men som ikkje kom til å feste seg, sannsynlegvis avdi Hagen var eit eldre namn. I kyrkjeboka er Andres omtala som husmann under Byklum f.o.m. 1882 t.o.m. 1894, men ein gong mellom 1894 og 1900 har han fått kaupe plassen til sjølveigarbruk, for i folketeljinga frå det sistnemnde året er han oppskriven som «Bruger af selveierjord».

Olav A. Byklum, f 1873. Bilete frå Ingebjørg Vegestog.

Olav Andresson reiste til Amerika med eit emigrantskip frå Kristiansand 27.4.1900. I emigrantprotokollen står han oppførd som «Ole A. Byklum», i innvandrarprotokollen frå Ellis Island i New York står «Olaf Andreason». Saman med han reiste Tore Drengsdotter Tveiten (Mosdøl). Etter det me har fått fortalt hadde ho ikkje fått lov hjå Dreng Hallvardssson, far sin, til å gifte seg med Olav, og difor reiste dei ut. Dei gifte seg i Kristiansand dagen fyre dei gjekk ombord i Amerikabåten.

Den fyrste tida i Amerika var dei hjå bestefarbror hennes, Hallvard Ånundsson Tveiten, i Grafton Township, Walsh County, Nord-Dakota. I den amerikanske folketeljinga frå 1910 finn me dei att i Benville Township, Beltrami County, Minnesota. Dei hadde då borna Annie, 10 år; Dreng, 7; Andrew, 3 og Betsy, mindre enn 1 år.

Etter at Olav hadde teke ut til Amerika, vart det den nest eldste sonen som kom til å overtaka bruket etter foreldra.

  • Ånund Andresson Byklum, f 1876, d 1917
g 1915 m Sigrid Arnesdtr. Byklum, f 1891, d 1969, sjå nedanfor. Born:
  • Andres, f 1916, d 1916

Sigrid Arnesdotter var frå Lii, dotter åt Arne Knutsson Byklum og kona, Margit Olavsdotter.

Då Ånund døydde berre eit par år etter brudlaupet, vart Sigrid sitjande med bruket, og hadde det med seg inn i det nye ekteskapet sitt:

Margit Bjørgulvsdotter Hagen ca 1946, bilete frå Åsmund G. Tveiten.
  • Sigrid Arnesdtr. Hagen, f 1891, d 1969
g 2. 1921 m Bjørgulv Knutsson Nesland, f 1860, d 1934. Born:
  • Tore, f 1922, d 1982, husmor, busett Vennesla, g m Olaf Leland, f 1917, born:
  • Knut, f 1924, ug, sjå nedanfor
  • Margit, f 1927, g m Knut Olavsson Trydal, sjå Strondi Trydal, gnr 17, bnr 5

Då Sigrid døydde, vart ho oppskrive med namnet Hagen, og difor er det namnet nytta her.

Bjørgulv var frå Vodden Nesland, og den yngste av sønene åt Knut Olavsson Nesland på det bruket og kona, Tore Olsdotter, fødd Løyland. Han hadde fare til Amerika i 1882, og då han kom att derifrå, må han ha hatt ein del pengar, for då han gifte seg med Sigrid i 1921, vart han oppskriven i kyrkjeboka som «rentenist».

I 1922 vart Hagen formelt utskilt frå Uppistog som eit eige bruk med bnr 24 og ei landskyld på 1 øre, og tre år seinare fekk Bjørgulv tinglyst skøyte frå Olav Gjermundsson Byklum for 300 kr. Men om det er rett, slik me har kome til ovanfor, at det var Andres Olavsson som fyrst hadde fått kaupe bruket frå Uppistog, var skyldsetjinga og overdraginga i 1922 i røynda berre ei innhenting av eit formelt etterslep av papirarbeid.

Sonen Knut overtok bruket etter foreldra. Han dreiv det med ei kyr og ei handfull sauer til i 1952, då han slutta ut jordbruket og byrja som anleggsarbeidar. I 1953 sette han opp nytt bustadhus. Her bur han framleis (2006).

  • Knut B. Byklum, f 1924, ug

Eigedomen var på ca 12 mål. I seinare tid har han vorte redusert avdi vegvesenet og kommunen har overteke mykje av jorda til veggrunn.


0941 Bykle komm.png Hagen (Bykle gnr 14/24) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Neire Haugen • Neste bolk: Solbakken (Bykle samyrkelag)