Øystre Haugen (Bykle gnr 14/21)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Øystre Haugen
Byklum 99.jpg
Øystre Haugen 9.4.2003.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1890-åra
Utskilt: 1917
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 21
Type: Småbruk

Øystre Haugen i plassgrenda i Byklum har Evre Haugen på vestsida og Neire Haugen på austsida. Såvidt me kan sjå har det aldri vore husmannsplass, ettersom me ikkje har funne at det budde nokon her fyrr Jon Olsson Hoslemo kaupte denne parsellen av Olav og Gjermund Gunsteinsssøner i Uppistog ein gong på 1890-talet. Handelen vart ikkje tinglyst, og difor kan han ikkje tidfestast nøyare enn dette. Men han som kaupte bruket, og bygde seg ein heim her, er det sumt å melde om.

Lat det fyrst vera nemnt at han var frå Nigard Hoslemo, og at foreldra hans var Olav Tallaksson Hoslemo på det bruket og kona, Birgit Auversdotter, fødd Vatnedalen.

  • Jon Olsson Hoslemo, f 1830, d 1916
g 1859 m Torbjørg Auversdtr. Gjerden, f 1835, d 1915. Born:
  • Birgit, f.1860, g 1901 m Pål Oddsson Byklum, sjå Austistog, bnr 7
  • Olav, f 1861, g 1888 m Tore Olavsdtr. Byklum, sjå Listog, nr 14, bnr 54
  • Auver, f 1864, d 1945, skomakar, g 1902 m Birgit Olsdtr. Røysland, frå 1932 busett Graver, Løyland, gnr 26, bnr 6, born:
  • Jon, f 1903 g 1. 1935 m Torbjørg Olsdtr. Åmli, f 1911, d 1937, g 2. 1940 m Ingebjørg Lidvardsdtr. Myrum, busett Graver
  • Olav, f 1906, utv. til Nord-Dakota ca 1924, g m Josephine
  • Jorunn, f 1912, g m Johannes Østebøvik, Haugesund, busett Haugesund, seinare (som enke) Arendal, jfr. Valle VI, 133 f
  • Knut, f 1866, utv. til Amerika 1894, farmar, 1920 busett Spruce Grove Township, Beltrami County, Minnesota, g m Gjertrud, f 1872, born, iallfall:
  • Mathilda (Tillie), f 1899
  • Tone, f 1902
  • Helga, f 1903
  • Anne, f 1908
  • Ingebjørg, f 1910
  • Nina, f 1912
  • Jon, f 1915
  • Ingebjørg, f 1869, g 1898 m Dreng Torleivsson Byklum, sjå Utistog Byklum, bnr 2
  • Tellef[1], f 1874, g 1904 m Asgjerd Mikkelsdtr. Holen, sjå Evre Haugen, bnr 30
  • Hæge, f 1879, d 1974, g 1906 m Kjetil Olsson Lien, busett Innistog Løyland, bnr 3 ( jfr. Valle VI, 120 f), born:
  • Olav, f 1907, d 1924
  • Torbjørg, f 1909
  • Torbjørg, f 1911, g m Knut Sveinsson Røysland (jfr Valle VI, 530)
  • Nils, f 1914
  • Jon f 1919
Hæge Jonsdotter Lien (1879-1974), fødd Hoslemo. Ho var gift med Kjetil O. Lien og budde i Innistog Løyland. Bilete frå Tore K. Mosdøl.

Torbjørg Auversdotter var frå Nordstog Gjerden. Foreldra hennes var Auver Knutsson Gjerden og kona, Ingebjørg Kristensdotter. Dei fyrste åra av ekteskapet sitt var Jon og Torbjørg truleg busetar hjå foreldra hans i Hoslemo, sidan var dei bruksfolk i Utistog Stavenes ei årrekkje. Etter dette sat dei av og til som bruksfolk i Gjerden og Bjørnarå, inntil dei flutte til bruket her, det var etter 1891, men fyre 1900.

Knut Jonsson, som reiste til Amerika sumaren 1894, vart nokre månader etter utreisa registrert i kyrkjeboka som far til ein Knut, som vart fødd 19.10. det året. Mora var Torbjørg Torleivsdotter Byklum. Også Torbjørg og son hennes hamna sidan i Minnesota. Ein kan lesa noko lite meir om dei i bolken om Utistog, bnr 2.

Jon Olsson og Torbjørg Auversdotter budde sin alder ut i Øystre Haugen. Etter at dei båe var døde sto versonen, Kjetil Olsson Lien i Valle, som eigar eitt års tid, men han budde aldri her, og selde snart eigedomen til Auver Olavsson Gjerden.

Auver Olavsson var frå Lii under Gjerden. Foreldra hans var Olav Auversson frå Nordstog Gjerden og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, som var frå Uppistogs-Haugo. Då Auver overtok bruket her, var det på papiret framleis ein del av Uppistog, ettersom bruket var umatrikulert, og kaupet åt Jon Olsson ikkje hadde vorte tinglyst. For å få matrikulert og skyldsett det som eigen eigedom laut det difor fyrst skiljast ut, noko som vart gjort 19.10.1917. I skøytet, som vart tinglyst same dagen, står Olav Gjermundsson i Uppistog som seljar, men det var ein formalitet, den røynlege seljaren var Kjetil Olsson Lien, som hadde løyst ut dei hine ervingane etter Jon Hoslemo.

Så langt komne kan me vende merksemda mot den nye eigaren og familien hans:

Auver O. (Gjerden) Haugen (1875-1970) er her fotografert mellom døtrene Ingebjørg (1910-ca 1963) og Borghild (1912-ca 1996). Biletet, som må vera teke i 1930-åra, kjem frå Ingebjørg Vegestog.
  • Auver Olavsson Gjerden, f 1875, d 1970
g 1908 m Gro Åvoldsdtr. Byklum, f 1870, d 1957. Born:
  • Olav, f 1908, d 1994, ug, sjå nedanfor
  • Ingebjørg, f 1910, gardkone, d ca 1963, g m Torvald Mosfjell, busett Birkenes, ikkje born
  • Borghild, f 1912, gardkone, d ca 1996, g m Gunnar Lidtveit, Åraksbø, born:

Gro Åvoldsdotter var frå Juvet, bnr 4. Foreldra hennes var Åvold Knutsson Byklum på det bruket og kona, Birgit Åsmundsdotter.

Fyre dei kaupte bruket her budde Auver og Gro fleire stader. Dette ser me av at Olav Auversson vart døypt frå Byklum, Ingebjørg frå Sollid og Borghild frå Bjones. «Auver bruka i Heggjesletta hjå Taddeiv 1907-09», les me i Kultursoga (1993, 315). Etter dette flutte dei åt Sollid og så vidare til Otreos under Bjones. Me let Olav G. Holen fortelje eit stykke vidare (Holen 3, 68 f):

[...] men så flutte dei ned i Otreos, sette opp hus [der] og dyrka opp litt jord, avdi der var så lett å leve på mange vis. Der hadde han Otreelvi og det fiskerike Bykilvatnet. Vedskogen hadde han tett ved seg, beite for buskapen og slåttemark i heikanten. Det høyrde til garden Bjones [...]. Auver budde der i 7-8 år, men då byrja ungane å mase om at dei heller ville opp i Kyrkjebygdi. Auver sette opp hus i Haugen, og budde der resten av si tid, og levde til han var nesten 95 år. [...] Auver var så flink ein arbeidskar, og flink til å setje rypesnare[...].

Dei sette opp ny stoge her på bruket i 1932 og eldhus året etter. Bruket var for lite til å liva av, den dyrka jorda vert oppgjeve til 6 mål, og Auver laut difor hente seg inntekt med anna arbeid. Lengste tida var han vegarbeidar, men dei dreiv også gardsbruket med ei kyr eller to og ei handfull sauer. I 1937 vart eigedomen overdregen til Olav, sonen.

  • Olav Auversson Gjerden, f 1908, d 1994, ug

«Olav Haugen var ein allsidig kar», fortel Olav G. Holen (3.72):

[Han] gjorde alt arbeid så fint, at sume kalla han 'Pussen'. Olav var snikkar av yrkje, og sette opp uthus og hus for folk, høybuer og båthus og alt som baud seg av snik

kararbeid. Men så byrja han med sløyden, arbeidde vindaugo og dørar og alle slags bruksting, og til slutt fekk han seg avrettar og fræs.

Snikkarverkstaden, der han heldt til med arbeidet sitt, sette han opp i 1938. Han emna også på å drive litt jordbruk, skjønar me, ettersom han sette seg opp nytt fjos i 1945. Men det er ikkje registrert nokon buskap her i 1953, så det ser ut til at han mest kom til å konsentrerte om snikkeringa. Elles var han, etter det Holen fortel, også ein ivrig rypefangar og jeger etter jase og storfugl, og lommekjend i liar og heiar.

Etter at Olav var død gjekk heimelen til eigedomen over til systersønene i Åraksbø, Olav og Georg Lidtveit. I 2002 overdrog Olav sin halvpart til Georg, slik at han vart eineeigar.

  • Georg Lidtveit, f 1954, snikkar, busett Åraksbø
g m Ingebjørg Haugstad, Greipstad, f 1961

Ingebjørg Haugstad er dotter åt Signe Arnesdotter Bjørgum frå Valle og Fredrik Haugstad frå Vigrestad (jfr. Valle II, 42).

Bruket fungerer nå (2006) som fritidseigedom.

Referansar


0941 Bykle komm.png Øystre Haugen (Bykle gnr 14/21) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Fådapen • Neste bolk: Neire Haugen