Forside:Husdyrraser

(Omdirigert fra «Husdyrraser (forside)»)
Om Husdyrraser
Det finst fleire tradisjonelle husdyrrasar i Noreg og nærområda. Det følgjande er ei liste over slike rasar sortert etter dyreslag:
 
Smakebitar
Sauegjeting i Bøgrend i Vinje kommune.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling
(1950-52)
NEG 105 Sauehald er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1964 med tittel Sauehald. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Gustav Nærland.   Les mer …

Kystgeit, òg kalla utegangargeit og villgeit, er ein geiterase som tradisjonelt blir halden på øyane langs kysten. Alle dyra som finst att i dag er etterkommarar etter utegangargeiter frå Stadlandet i Selje i Nordfjord, Sandsøya i SandeSunnmøre og Skorpa i Herøy på Sunnmøre. Kystgeita har tradisjonelt vore halden for kjøtet si skuld og ikkje for mjølking. Tradisjonelt har mange av bukkekjea vorte kastrert.   Les mer …

Islandsgeiter.
Foto:  Magga Dóra
Islandsgeit (islandsk íslenska geitin, ‘den islandske geita’) eller islandsk landnåmsgeit (islandsk íslenska landnámsgeitin, ‘den islandske landnåmsgeita’) er den tradisjonelle geiterasen på Island. Ein trur at geitene er ukryssa etterkommarar etter dei geitene som landnåmsmennene tok med seg frå Skandinavia i vikingtida. Det finst kring 650 dyr (2012).   Les mer …

Lappgeit.
Foto: Jon Julius Sandal
Lappgeit (svensk lappget) er ein gammal geiterase som har vorte attoppdaga i Norrland i Sverige. Dei skil seg ut frå andre skandinaviske geiterasar med at dei har litt kortare føter og ofte lengre ragg. Dei er oftast kvite. Med kring 277 alsdyr (desember 2016) blir rasen framleis rekna som kritisk truga. Blant reindriftssamar har det vore vanlig i eldre tid å mjølke reinane, og det var lite aktuelt å ha geiter. Under omlegginga frå intensiv mjølkereindrift til ekstensiv kjøttreindrift i løpet av 1800- til 1900-talet var det vanlig å skaffe seg nokon få geiter for bruk til mjølking. Ein rein gjev berre kring ein desiliter med mjølk per dag, medan ei geit gjerne gjev kring ein liter; og dessutan kunne geita mjølkast tidlig på året, medan reinkalven helst trong mjølka for seg sjølv til han vart sterk nok utpå seinsommaren.   Les mer …

Grå trøndersau på ValsøyaNordmøre.
Foto: Olve Utne
Grå trøndersau, noen gonger berre kalt trøndersau eller grå trønder, er ein sauerase av «crossbreed»-type med halvlang spæl (hale). Ulla er grå, og sauene har ein kjennspak kvit flekk under augo. Den varme ulla ligg til grunn for kallenamnet sjøvottsau fleire plassar i Trøndelag. Trøndersauen blir rekna å vera ein blandingsrase av den utdødde tautersauen og gammelnorsk sau. Tautersauen var i sin tur basert på importerte dyr frå England1700-talet — trulig ryeland.   Les mer …

Ein fjording på beite på Hjerl Hede i Danmark.
Foto: Tomasz Sienicki
Fjordinghoppe med føll i Asker utenfor Oslo.
(2003)
Fjording eller fjordhest er ein vestnorsk hesterase. Han blir rekna som det norske nasjonalhesten. Fjordingen er kjenneteikna med den meir eller mindre blakke fargen sin og med den såkalla ålen — ei mørk stripe frå manke til hale på kvar side av det lysare, gjerne kvite, midtfeltet av manen. Fjordingar med broten eller manglande ål blir ikkje godkjende. Tradisjonelt blir fakset klipt, slik at fjordingen får ein ståande man. Vanleg mankehøgd er kring 135–150 cm, men høgder ned i 125 og opp i 155 er ikkje uvanlege. Den blakke fargen finst i fem godkjende nyansar: brunblakk, raudblakk, ullsblakk, grå og gulblakk.   Les mer …
 
Kategoriar for Husdyrraser


 
Andre artiklar
 
Siste endringer for Husdyrraser

Flere endringer ...