John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.
Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).
Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil. Les mer …
Nærleiken til breen har alltid prega livet i Jostedalen. Her Nigardsbreen fotografert av Knud Knudsen mellom 1895 og 1902.
Jostedal (Jostedalen, Justedalen, Jøstedalen) er ei bygd og ein tidlegare kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen. Bygda er særleg kjend for segna om Jostedalsrypa og for Jostedalsbreen, spesielt Nigardsbreen. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen.
Jostedalen har i dag 26 matrikkelgardar. Framover på 16- og 1700-talet låg gjerne talet på gardbrukarar oppunder 30 før bruksdelinga skaut fart utover 1800-talet. Dei gamle gardane låg gjerne oppe i dalsida medan busetnaden i bygda i dag er dominert av dei nyare grendene i dalbotnen. Les mer …
Nigard, fotografert av Knud Knudsen i 1870-åra.
Nigard (gnr. 202/3) er eit gardsbruk under matrikkelgarden Mjølver i Jostedalen, Luster kommune. Bruket har gjeve namnet til den kjende Nigardsbreen som har skapt stor dramatikk i soga til Nigard. Nigard var bruket som vart hardast råka av den sterke framrykkinga til Nigardsbreen frå slutten av 1600-talet til midten av 1700-talet.
Den fyrste kjelda som fortel om problem for Nigard, er matrikkelutkastet frå 1723. Her heiter det at «breen forøges frem Voxer og fremskyder sig alt dybere og dybere ofver gaardens tilliggende marcher, og kand formedelst kulden udaf samme Jisfield, ingen sæd voxe». Matrikkelkommisjonen gjorde difor framlegg om ei nedsetjing av skatten med 12 merker smør (ca 1/5 reduksjon). Dette var den einaste garden i Jostedalen der det var framlegg om reduksjon, men matrikkelen vart aldri sett i kraft. På hausttinget 1735 vart det teke opp eit tingsvitne der allmugen vitna at «breen nu paa et steen Kast, nær gaardens huuse har nærmet sig». Størstedelen av beite- og slåttemarka til den gamle storgarden var bortteken, og leiglendingen Guttorm Johannesson Nigard måtte tigge både såkorn og eiga føde. Gardeigaren Christopher Munthe hadde ikkje fått betaling for jordleiga på årevis. Les mer …
Gamletunet på Kruna sett frå aust.
Kruna (Luster, gnr. 208) er ein matrikkelgard i Jostedalen, Luster kommune. Garden har gjeve namnet til Krundalen og grensar i aust mot Hellegård og i vest mot Snøtun. Heimane under Kruna sokna til Krundalen skule fram til krinsen vart nedlagd i 1963. Kruna er ein av to gardar i Jostedalen som er nemnd i mellomalderen, i eit diplom frå 1318-19 der "Asbiorn a Krunu ok Hærmundr son hans" er nemnde. Kruna er dessutan ein av nokre få gardar i Jostedalen der ein har arkeologiske registreringar med dateringar av dei eldste dyrkingslaga. Ei registrering i 2004 viste at garden truleg vart rydda og dyrka opp i fyrste halvdel av 1000-talet. I andre halvdel av 1800-talet, truleg kring 1880, vart det etablert turiststasjon i stova på Kruna. Kronen Turistasjon var eit knutepunkt for turistar som gjekk over breen til og frå Nordfjord. Verten for turiststasjonen, Tøger Larsson Kronen, vart patentførar ei tid etter at Den Norske Turistforening i 1890 innførte patentførarordninga. Frå kring 1880 dreiv han òg landhandel i stova på Kruna. Denne verksemda vart avvikla då han døydde i 1909, men turiststasjonen vart driven vidare. Les mer …
Mjølvergrendi frå sør, ved Breheimsenteret.
Mjølver (Luster, gnr. 202) er ein matrikkelgard og ei grend (Mjølvergrendi) i Jostedalen, Luster kommune. Grenda ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot området på Gjerde som ligg under matrikkelgardane i Krundalen, og i nord mot garden Li.
Mjølver har gjeve namn til Mjølverdalen og til Mjølverdalen skule. Skattelistene tidleg på 1600-talet vitnar om at Mjølver var den største garden i heile dalen når ein reknar dei tre bruka i lag. Frå 1627/28 til 1642 hadde Mjølver ei samla smørskyld på 4 laupar og 12 merker. Nigardsbredalen må såleis ha vore frodig beite- og slåttemark før Nigardsbreen skaut seg fram utover 16- og 1700-talet. Les mer …
|