Kosi (Bykle gnr 14/28)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Kosi
Byklum 117.jpg
Kosi 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: 1885
Utskilt: 1929
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 14
Bnr: 28
Type: Småbruk

Kosi i Bykle grensar mot Haugebak på austsida, mot Lii på sudsida, mot Innistog i vest og mot Haugen og Hagen mot nord. Det vart matrikulert for seg sjølv og utskilt frå Kultro, bnr 8, så seint som i 1929, men det hadde budd folk her ein god del lenger attende.

Til å byrje med var denne verestaden plass under Kultro, men me veit ikkje plent kva tid det vart ein heim her. Dei fyrste me kan vera sikre på budde her er Ånund Eivindsson Stavenes og familien hans. Desse folka hadde tidlegare rudt og bygt Lii-plassen under Utistog, men etter at Torleiv Drengsson selde Lii til sjølveigarbruk i desember 1884, laut dei flytje derifrå. I den nærare omtalen av Ånund og folket hans, som er å finne i bolken om Lii, har me kome til at dei sannsynlegvis kom til Kosi sumaren 1885. Om her då låg ein ferdig plass, eller om Ånund laut til å huse og rydje på nytt, er uvisst.

Eigaren av Kultro i 1885 var Tarald Drengsson Mosdøl, så det lyt vera han som har fest bort Kosi til Ånund Eivindsson. Men i 1888 kaupte Tarald Utistog og flutte dit, og året etter selde han Kultro til broren, Ånund Drengsson.

Ånund Drengsson tykkjest ha leigd bort jorda i Kultro, og sjølv flutt inn i Kosi ei tid, men i 1899 selde han Kosi, og vart då busete hjå eldstebroren Hallvard Drengsson i Lunden, inntil han emigrerte og miste livet i 1904. Me veit ikkje plent kva tid Ånund Drengsson flutte inn i Kosi, og kva tid Ånund Eivindsson laut flytje ifrå, men det må ha vore litt utpå 1890-talet. Me veit heller ikkje kor lenge Ånund Drengsson budde på plassen, men det treng ikkje ha vore meir enn eitt år eller to.

Kauparen i 1899 var frå Sygard Nesland, og son åt Knut Hallvardsson på det bruket, og kona, Hæge Olavsdotter, fødd Hoslemo.

  • Jon Knutsson Nesland, f 1864, d 1907
g 1899 m Åse Arnesdotter Byklum, f 1882, d 1979. Born:
  • Knut, f 1900, g 1937 m Birgit Tarjeisdtr. Stavenes, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1902, d 1913
  • Margit, f 1904, d 1988, g 1924 m Knut Jonsson Breive, sjå Vang, Gjerden, gnr 15, bnr 11
  • Arne, f 1907, d 1907

Åse Arnesdotter var frå Lii, dotter åt Arne Knutsson Byklum på det bruket og kona, Margit Olavsdotter.

Attåt gardsbruket arbeidde Jon som skomakar. Det må ha vore hardt for Åse å greie seg etter at han døydde så tidleg, men einkorleis stridde ho seg igjennom inntil sonen vart vaksen og kunne taka over.

  • Knut Jonsson Byklum, f 1900, d 1978
g 1937 m Birgit Tarjeisdotter Stavenes, f 1908, d 1972. Born:
  • Jon, f 1939, ug. sjå nedanfor
  • Åse, f 1940, d 1994, husmor, busett Valle, sidan Grimstad, g 1962 m Olav Bjørgulvsson Homme, Valle, born:
  • Birger, f 1962, busett Grimstad, g m Lisa Gunhild Øyestad
  • Bjørg, f 1965, busett Valle, g m Åge Lund
  • Knut, f 1967, d 1988, ug
  • Bernt, f 1972, ug., busett Åmli
  • Torgeir, f 1942, navigatør, sidan plattformsjef, g m Gerd Bratteland, Arendal, busett Arendal til 2002, sidan Teigen Stavenes, gnr 16, bnr 1, born: sjå Teigen

Birgit Tarjeisdotter var frå Teigen Stavenes, og dotter åt Tarjei Torleivsson på det bruket og kona, Ingebjørg Torleivsdotter.

Knut Jonsson hadde arbeid i vegstellet. Han var flink til å spila trekkspil og munnharpe, og ikkje så lite bruka som dansespilemann, vert det fortalt. Han sette opp ny stoge og nytt uthus på bruket. Stoga kom opp i fyrste halvparten av 1950-åra, løa fyre krigen.

Sonen, Jon, overtok eigedomen i 1973.

  • Jon K. Byklum, f 1939, ug

Jon har vore anleggsarbeidar. På 1990-talet prøva han å få til bilveg til tunet i Kosi, som var veglaust. Men då dette ikkje let seg sameine med reguleringsplanane åt Bykle kommune, fekk han i 1998 i staden overtaka ein kommunal bustad i Øvre Sarv (Holen, gnr 15, bnr 47). Dit flutte han hausten 1999, og sidan har det ikkje budd nokon i Kosi.

Etter det eigaren opplyser er bruket på omlag 10 mål, mesteparten dyrka.


0941 Bykle komm.png Kosi (Bykle gnr 14/28) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Storemyr • Neste bolk: Lislestog