Mugg Byklum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Muggsloptet under restaurering i 1998. Han som ser til torva er Alf Helge Vatnedalen. Bilete frå Ingebjørg K. Byklum.

Mugg Byklum er etter segnet rudkallen på garden Byklum i Bykle kommune. Johannes Skar fortalde i Gamalt or Sætesdal om han:

Mugg'e Byklum rudd' upp å husa i Byklum. Han sett' upp so svært a lopt. Syddin hoggj' 'an i tuptinn'. Veggjinn' hoggj' 'an i Byklelii å bar dei heim å herinn; han vassa Ottre - de va gule fossen. Dei spurde kvi 'an kjøyre 'kji stokkann'. Mugg'e la ti me heste'. Han lesste på 'an a håv tylvt, so som 'an sjav'e va vani ti drage. Men 'an knita de alli. «E du so roten», sa Mugg å tok 'an i beisleringann'; då sleit han hovu' av heste.

Honnsteinann' før' 'an o Øyrevikjinn' å 'n stut'e. Me Lunden kom 'n kristen mann. Han krossa seg ive klyvinn'. Då rauk ryggjen av å stute. So vurte steinann' liggjandi me Lunden. De e «Muggsklyv».

Mugg'e muste me raudt å grønt klæi; de va so de lysti i suo.

Der va so grumt me beiti i Byklelii. So ville Mugg'e leggje bru - de va me «Bruhylen» 'an tenkti. Landskoti klyvja'n på 'n stut'e; åbandsekkjen sill vere grjotkjer. Då spratt soli - då rauk ryggjen av me sam' 'u stakk innå stuten. No liggje steinann' der ti a bisn.

Gamalt or Sætesdal I, s. 237 f.

Om ikkje setesdalsmålet er så lett for alle, skjøner ein vel at Skar her skriv om ein kjempekar som enorme kreftar. Hatten hans skal ha romma seks nottungar, det vil seie rundt 36 liter.

Innistog Byklum er det fleire minne etter Mugg. Muggsloptet er det mest kjente. Dette er eit lopt frå før 1350. Ein finn òg «Muggsvogge», «Muggsklyv», «Muggsrøys», «Muggsflett» og «Muggsåker». Muggsrøys skal vel vera ei rudningsrøys etter Mugg, og Muggsklyv er nemnd hos Skar som nokre store steinar han lot ligge att i marka. Muggsåker er åkrane nord for Innstog, og Muggsflekk er ein åkerlapp ved Utistog Byklum.

Vi kan seie noko om Muggsloptet: Byklum vart nok rydda i bronsealderen eller yngre steinalder, altså lenge før loptet vart bygd i mellomalderen. Så anten var ikkje Mugg rudningsmannen, eller så var det ikkje han som sette opp loptet. Muggsloptet er òg datera til før svartedauden, så det kan nok ikkje vere det at Mugg var rudningsmann etter pesten. Den historiske Mugg er altså ikkje lett å plassere, men ein kan jo tro at segnene har opphav i ein brukar på Byklum som var sterkare enn dei fleste. Olav G. Holen nemner at segnet seier at Mugg og familien overlevde svartedauden, og trur at dei var dei einaste som var att i grenda. Såleis vart han ifølgje Holen stamfar til heile Bykle. Han trur óg at Mugg var med på å byggje den første kyrkja i Bykle. Å knytte han så sikkert til 1300-talet er det ikkje noko hald for i kjeldene, men det kan vere at segnet går attende dit, og om det er rett kan jo Mugg ha stått bak Muggsloptet.

Også i Bygland lenger ned i Setesdal er Mugg kjend. Han skal ha vore faren til Gyro Muggsdotter, som var gift med Frutti Frøyrak som var rudkallen på Frøyrak.

Litteratur