Forside:Valdres

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Portal Valdres

Kart over Valdres, med den historiske vandreruta Stølsrute teikna inn.

Valdres er eit landskap i Oppland, med kommunane Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og Etnedal.Dalføret femner størstedelen av nedbørsområdet for Begnavassdraget nord for Sperillen og den øvre delen av Etnedal landskapsområde med kringliggande fjellstrok. I sør finn ein Begnadalen og Hedalen. I nord er Valdresflye ein del av Jotunheimen. Valdres reknast med til Austlandet, men er òg eit grenseområde til Vestlandet. Den eldste busetninga i dalen kom vestfrå, og Valdres var lenge under Gulatingslagen. I 1153 vart dalen ein del av Stavanger bispedøme.

Den største tettstaden, og den einaste mer over 1000 innbyggjarar er Fagernes i Nord-Aurdal. Fagernes som fekk bystatus i 2007 og har drygt 1900 innbyggjarar (2018). Andre tettstader, med folketal per 2018 i parentes, er: Leira i Nord-Aurdal (873), Bagn i Sør-Aurdal (668), Aurdal i Nord-Aurdal (681), Beitostølen i Øystre Slidre (349), Slidre i Vestre Slidre (346), Røn i Vestre Slidre (283), Heggenes i Øystre Slidre (283), Moane i Øystre Slidre (230) og Bruflat i Etnedal (248).

E16 og fylkesveg 51 går gjennom Valdres. Det er bussamband frå fleire stader i dalen til Oslo, Bergen, Gjøvik og Gol. Valdresbanen gjekk til Fagernes, og vart nedlagd i 1989. Fagernes lufthamn, Leirin var den høgast liggande flyplassen i Nord-Europa, på 822 moh. Den hadde daglege avgonger til Oslo lufthavn, Gardermoen. Lufthamna vart opna i 1987, og nedlagd i 2018.
Gravminnet til Ole og Kjellaug Fløgum på Bruflat kyrkjegard.
Foto: Dag Gurihus (ca. 2006)

Ole Fløgum (fødd 20. mai 1905, død 1. januar 1975) var Ap-politikar i Etnedal kommune, Valdres. Han vart vald til ordførar i bygda i 1967 og attvald etter kommunevalet i 1971. Fløgum døydde 1. januar 1975, då han enno hadde att eit år av valperioden. Varaordførar Kristian Midthus tok over som ordførar.

Ole Fløgum vaks opp på garden Fløgei (Fløgum) som son av gardbrukar Nils O. og Helene Fløgum. Da han var 12 år gammal, flytta familien til Vestre Toten, der dei kjøpte garden Vestre Gårder. Ole Fløgum ble gift med Kjellaug Hestekind (1921-94).

Kjelder og litteratur


Øvre Brøtin
Alt. navn: Skinnrudbrøtin; Brøtatn; Brøta
Først nevnt: 1818
Sted: Reinli
Sokn: Reinli
Fylke: Innlandet
Kommune: Sør-Aurdal
Gnr.: 9
Bnr: 2

Øvre Brøtin i Sør-Aurdal var opphavleg ein husmannsplass og frå 1827 eit eige bruk. Plassen vart oppretta i 1818 under Øvre Skinnrud, og vart også kalla Skinnrudbrøtin eller for kort berre Brøtatn eller Brøta. Bruket vart utskilt som bruksnummer 2 då husmannen Anders Syversson fekk kjøpt han av Ola Knutsson øvre Skinnrud i 1827.

Våningshuset som står på bruket, vart reist i 1974. Det er også eit eldre våningshus, som er frå 1944, og eit uthus frå 1937.

Det høyrde med ei seter til bruket, KaristølhalleSøre Fjellstøle. I Arne Olssons tid som bruker (sjå brukarliste nedanfor) vart setra bytta med Aslak Slette mot ei anna seter på søre Fjellstøle.

Brukarar / eigarar

  • Anders Syversson (1791–1848), frå Nord-Aurdal, husmann på plassen frå 1818, kjøpte for 100 spd. i 1827.
Gift med Sigri Paulsdotter Framgardseige (f. omkr. 1791). Barn:
  • Paul Andersson (1821–1899), overtok ved skifte etter faren i 1848. Flytta mellom 1861 og 1865 til Nes i Hallingdal.
Gift 1) i 1842 med Marit Iversdotter Dølvesbergatn (1818–1883). Barn:
  • Marit Andersdotter (f. 1841), gift med Ola Hallsteinsson Kyrkjebjørghaugen, busett på Bakkatn under midtre Jukam og Steinli i Bagn.
  • Andres Paulsson (1804–1903), busett på Skollerud i Nes i Hallingdal.
  • Sigri Paulsdotter (1847–1847).
  • Sigri Paulsdotter (1848–1871), drukna i Nes i Hallingdal saman med broren Johan og ein annan ungdom.
  • Johan Paulsson (1853–1871), drukna i Nes i Hallingdal saman med systera Sigri og ein annan ungdom.
  • Syver Paulsson (f. 1855).
  • Mathias Paulsson (f. 1858).
  • Jørgine Paulsdotter (1861–1940), det siste av barna som vart født i Reinli. Gift med møllar Kristian Olsen Fossen frå Modum, busett på Nedre Prestbakken i Nes i Hallingdal.
  • Margit Paulsdotter (f. 1863)
Gift 2) 1884 med Mari Johannesdotter (f. 1821) frå Nes i Hallingdal. Ingen barn, dei var 63 år gamle då dei gifta seg.

Ved folketellinga 1865 budde det ingen på bruket. Paul Andersson og familien flytta som nemnd over til Nes i Hallingdal, der dei i 1865 budde på Stuvengen.

  • Arne Olsson Sløtet (1839–1894), flytta inn mellom 1865 og 1870. Hadde ikkje tinglyst skøyte på bruket.
Gift 1870 med Siri Olsdotter Roo (1837–1916) frå Nørdre Roo 8/6. Satt på bruket fra mannens død i 1894 til ho selde i 1907.
  • Marit Arnesdotter (1870–1955), gift med Johan Olsson Nybråten, neste brukar.
  • Gunhild Arnesdotter (f. 1874), gift med Ola Eriksson Sagbrøtin, busett på Knutshaugen i Nord-Aurdal.
  • Oline Arnesdotter (f. 1878), gift med Ulrik Knutsson Øydgarden.
  • Kari Arnesdotter (f. 1880), gift med Halstein Olson Nybrøtin, busett på Nybrøtin.
  • Johan Olsson Nybråten (1872–1960), frå Nybrøtin 13/17. Kjøpte av enka Siri Olsdotter i 1907.
Gift med Marit Arnesdotter (1870–1955), dotter av førre brukar. Barn:
  • Sigrid Johansdotter (f. 1906), gift med Olaf Olsson Haslene, busett på Sålså.
  • Arne Johansson (f. 1908), neste brukar.
  • Ola Johansson (f. 1911), tok over etter broren Arne.
  • Ingebjørg Johansdotter (f. 1914), gift med Gustav Evensson, busett i Heggedal i Asker.
  • Arne Johansson Bråten (f. 1908), fekk skøyte på auksjon i 1933.
  • Ola Johansson Bråten (f. 1911), kjøpte av broren Arne i 1944.
Gift med Anna Bergljot Antonsdotter Røang (f. 1917), frå Nørdre Roo 8/5. Barn:
  • Marit Bergljot Bråten (f. 1946), gift med Erik Eggum frå Fagernes.
  • Berit Anny Bråten (f. 1951), gift med Odd Karsten Østgaard, neste brukar.
  • Odd Kartsen Østgaard (f. 1949), frå Myrvøll, overtok bruket i 1978.
Gift med Berit Anny Bråten (f. 1951), dotter av førre brukar. Barn:
  • Gro.
  • Steinar.

Kjelder

Koordinater: 60.8317717° N 9.4664128° Ø

  Les mer…

Marit Mattisdotter (fødd 1794 i Sør-Aurdal, død 7. mai 1850 same stad) var husmannskone i Sør-Aurdal i Valdres.

Ho var dotter av husmann Mattis Ivarsson (1748–1815) og Marit Kristafersdotter (1757–1829). Faren var fyrste kjende husmann på Dølvesbergatn, og mora kom frå Nedre Jukam. Marit Mattisdotter var tippoldebarn til Ola Ellingsen Dølve (1637–1721), så ho stamma frå ætta på Dølve gjennom faren. Også på mora sin side hadde ho band til den ætta, då Arne Bjørnsson Dølve (d. før 1655) var 2*tippoldefaren hennar på den morssida. Marit vart døypt i Bagn kyrkje den 16. mars 1794.[1]

Mattis Iversson og Marit Kristafersdatter er nemnd på Dølvesbergatn frå 1778, og plassen vart også kalla Mattisbergatn etter faren til Marit Mattisdotter. Ho var det sjuande av dei åtte borna; vi veit at to av dei døydde før Marit vart fødd, og truleg døydde òg ein eller to andre av dei før 1794.

Den 1. januar 1818 vart Marit Mattisdotter gift med Iver Olsson (f. 1792) i Reinli kyrkje.[2]. Dei fekk fem born:

Sonen Iver skal ha vore fødd på Hølersetre og Kristafer på Koparvike. Det er ikkje teikn til at dei budde der; dei hadde slekt der, så Marit kan ha vore på desse bruka når ho fekk born. Det som er sikkert er at då Marit døydde i 1850 var ho framleis på Dølvesbergatn. Ho vart gravlagd frå Bagn kyrkje den 14. mai.[6]

Referansar

Litteratur og kjelder

Advarsel: Standardsorteringen «Mattisdotter, Marit» tar over for den tidligere sorteringen «Fløgum, Ole».  Les mer…