Richard Floer. Ukjent kunstnar. Richard Floer (fødd i Kvikne i nåverande Rennebu og Tynset kommunar 11. april 1767, død på Røros 28. august 1822) var bergverksfunksjonær, offiser og eidsvollsmann. Lite og ingenting er kjent om Floers aktivitet og standpunkt på Eidsvoll 1814. Han var vald som representant for det frivillige Rørosiske bergjegerkorps.
Foreldra var overstiger Henning Floer og Helveg Marie Brandt. Faren var tilsett ved koparverket i Kvikne da Richard var fødd, og flytta seinare til Røros. Familien hadde vore tilknytta bergverksverksemda i generasjonar. Les mer …
Jens Erichstrup. Ukjent kunstnar Jens Erichstrup (fødd i Skien 10. november 1775, død i Stavanger 18. august 1826) var embetsmann, eidsvollsmann og stortingsrepresentant.
Han var fødd inn i ein handverkarfamilie. Foreldra var glasmeister Daniel Jensen Erichstrup og Dorothea Jonsdotter. Han fekk utdanning og tok i 1798 embetseksamen i juss på dansk (ikkje latin). Hans tenestemanns- og embetskarriere byrja med teneste i Rentekammeret i København, fyrst som kopist 1801-1803 og deretter som fullmektig. I 1810 vart han utnemnd til fut i Lister fogderi, så vidt ein kan sjå busett i Farsund. I 1818 fekk han same embetet i Larvik, og allereie året etter konstituert amtmann i Larvik amt. Han vart utnemnd til amtmann i Stavanger 16. april 1825, men døydde allereie året etter. Han var ugift. Les mer …
Christian Magnus Falsen - lederen av Selvsterndighetspartiet. Selvstendighetspartiet, også kjent som danskepartiet, prinsepartiet og « de ilende», var en av to løst organiserte grupperinger som dannet seg under Riksforsamlingen på Eidsvoll i 1814. Verken selvstendigspartiet eller unionspartiet var politiske partier i moderne forstand, men grupper av delegater som hadde et felles grunnleggende syn på spørsmålet om norsk uavhengighet. Motivene til selvstendighetspartiet er uklare, men gjennomgående var de innstilt på å velge Christian Frederik som norsk konge (derav «prinsepartiet») og på fortsatt tette bånd til Danmark (derav «danskepartiet»). Les mer …
|