Johan K. Thuland Foto: Ukjent.
Johan Knutsen Thuland (fødd 1862 i Fjaler i Sunnfjord, død?) var lærar, klokkar og norskdomsforkjempar. I ein tjueårsperiode budde og arbeidde han i Skjåk, og er der saman med Hans B. Osnes kjend som den fyrste typiske vestlandslæraren i bygda. Dei stod for venstrepolitikk, målsak, frilynt ungdomsarbeid og fråhald.
Thuland var fødd på garden Tuland i Guddal i det som den gongen var Ytre Holmedal prestegjeld og herad, i dag Fjaler kommune. Foreldra var Knut Hansson frå Tuland og Marta Eriksdotter frå Langeland (fødd 1818). Dei hadde gifta seg i 1841, og var brukarar på Nordre Tuland. Produksjonsoppgåvene i folketelinga 1865 viser at det var eit heller lite gardsbruk, med to kyr. Les mer …
Bjørnestad krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 gardane Bjørnestad, Rutle, Teige og Trausdalen. I 1864-1867 går Trausdalen i Ulvik krins, før garden går tilbake til Bjørnestad krins i 1867. I 1893 kom det ny krinsregulering, Seljevoll og Myklebust vart flytta frå Bordvik krins til Bjørnestad og Trausdalen vart på ny overført til Ulvik krins. Bjørnestad krins bestod av desse gardane frå 1893-1932: Seljevoll, Myklebust, Bjørnestad, Rutle og Teige. Den tida det var skule i bedehuset, var det todelt skule; småskulen og storskulen gjekk på skule annankvar dag.
Bestefar til Gunvor Risnes var lærar. Gunvor var eldste born på garden då bestefaren skulte, og ho syns det var svære greier når borna kom på garden for å bli undervist. Gunvor fekk lov å vere med så lenge ho sat stilt i ro. Les mer …
Skifjord bedehus Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i Hyllestad kommune.
Det vart halde skule i bedehuset for fyrste gong i 1942. Før dette vart det halde skule i ei stove på nabogarden, og før dette i ei stove på ein gard lenger ned mot fjorden. Både hovudsalen og den vesle salen på bedehuset vart brukt til undervisning. Dei fyrste åra var det ingen pultar på bedehuset, men i dei seinare åra brukte dei både pultar og langbord.
Den nye skulen i Skifjorden vart opna i 1955. Etter dette vart bedehuset brukt til skule berre dei åra det ikkje var nok plass på nyeskulen. Les mer …
|