Forside:Telemarksarkivet

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Telemarksarkivet
Telemarksarkivet, logo
Foto: Telemarksarkivet.no

Telemarksarkivet er eit samarbeid mellom dei tre konsoliderte musea i Telemark: Telemark Museum, Norsk Industriarbeidermuseum og Vest-Telemark Museum. På oppdrag frå Telemark fylkeskommune jobbar Telemarksarkivet for å ta vare på og formidle arkiv frå privat sektor.

Telemarksarkivet blei lansert 1. september 2015, med prøvedrift frå 1. juli 2015, og er ein forlenging av prosjektet «Privatarkiv i Telemark», PRAKT, som blei gjennomført i 2013 og 2014. Dei tre musea såg behovet for å finne ei felles løysing for bevaring av privatarkiv i regionen, og initiativet fekk økonomisk stønad frå fylkeskommunen.   Les mer ...

 
Smakebitar
Transport av molybden med taugbane frå toppen av gruva ned til Bandak. Molybdenen vart frakta vidare med båt.
Foto: Ukjend / Vest-Telemark Museum.

Dalen Gruber A/S var ei molybdengruve som låg på Dalen i Telemark. Gruva var i drift frå 1916 til 1919. Undersøkelsane ved Dalen gruver vart gjort av Otto Bonden og A. Dettmer i 1915. Året etter vart drifta tatt over av A/S Dalen Molybdengruber som 20. desember satte i drift eit «Elmore»-vaskeri.

Molybden var eit viktig metall for krigsindustrien. Når ein fekk reinsa malmen for ymse stoff kunne ein blande molybdenen med stål. Slik fekk ein panserstål som vart nytta som materiale i bygging av tanks og stridsvogner.

Medan fyrste verdskrig rasa i Europa i 1916 tok ingeniør Otto Falkenberg initiativ til gruvedrift på garden Berge i Eidsborg. I liane ned mot Dalen var det store forekomster av malm. (Her skal ein ha funne ein klump på 10 kilo som visstnok har hamna på eit museum i Belgia.) I desse liane bygde Falkenberg opp Dalen Gruber A/S som allereie i 1917 hadde 90 arbeidsfolk.   Les mer …

Fagforeningsmannen Arthur Berby.
Foto: Dagbladet 1931-06-06.

Arthur J. Berby (født 30. oktober 1892 i Idd, død 1977) vart landskjend då han som ein av leiarane i fagrørsla i Grenland vart arrestert og dømt i samband med dei fyrste demonstrasjonanen under Menstadkonflikten i 1931. Berby hadde vore aktiv i både ungdomsrørsla og den faglege samorganisasjonen i Skien. Han stifta og var leiar i ei rekkje fag- og partiforeiningar, m.a. Herøya Arbeiderforening frå stiftinga i 1929 til 1932.

Han var son av husmann Johan Kristian Eliasen og Augustua Bernhardine Johannesdotter. Faren var frå Idd, og mora frå Sverige. Då han var døypt i Idd kyrkje den 5. februar 1893 budde dei på Kirkebøen. I folketeljinga 1910 står han som losjerande på Løvmon, men under «sedvanlig bosted» står det Bærby, så det er der han fekk det namnet frå.

I 1993 fekk Arthur Berby ein veg oppkalla etter seg i industriparken på Herøya i Porsgrunn. Vegen vart fjerna då det skjedde utbyggingar i industriparken i 2010. Vegnamnet "Arthur Berbys vei", vart samstundes sletta.   Les mer …

Bratsberg Landmandsforretning.

Bratsberg Landmandsforretning ble stiftet av bøndene i Telemark i 1901. Forretningen ble gjerne kalt bare "Landmand" Hensikten med forretningen var import og omsetning av kraftfôr, kunstgjødsel, såkorn, frøvarer og kolonialvarer. Forretningen solgt også andre landbruksprodukter.

Til dette formålet kjøpte "Landmand" Limigården i Liegata 10 og 12 i Skien. Hele eiendommen ble ominnredd og modernisert i 1937/38. Etter dette hadde forretningen kraftfôrblanderi, maismølle og korn- og frørenseri. Den disponerte tre lastebiler og én varebil. Foruten bestyreren bestod personalet av tre kontormedarbeider, 7 butikkmedarbeider og 8 sjåfører og lagerarbeidere i 1949. J. O. Grimsrud var bestyrer på dette tidspunktet.   Les mer …

"Love for Selskapet Fyresdals Vel".
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Fyresdals Vel vart skipa allereie i 1898 og hadde som oppgåve å stimulere til diverse aktivitetar til fordel for bygda og innbyggarane. Foreininga vart nedlagd som eiga stifting i 2001.Grunnlaget for oppstartinga var ei gåve frå Anders Jørgensen Veum på kr. 2000,- og ei tilsvarande løyving på kr. 2000,- frå Fyresdal heradstyre. Fyresdal heradstyre skreiv lovene, og laget fekk namnet Fyresdals Vel.

16. desember 1898 godtok kongen lovane. Brevet er stempla med riksseglet og underskrive av regjeringa. 8. april 1899 valde Fyresdals Vel sitt fyrste styre: J. K. Kiland (formann), B. Taraldlien (nestformann), H. Qvisling, Ivar Tveiten, Torleiv Veum. Torgeir Lie blei kassastyrar. I 1902 blei Bendik Taraldlien formann og var det til 1908 med unnatak av 1905 då J. K. Kiland var formann.

Fyresdals Vel vart innmeld i Norsk Landmandsforbund og Bratsberg Landhusholdningsselskap. Fyresdals Vel var og innmeld i Bratsberg amts skogselskap og hagebrukslag.   Les mer …

Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.
Foto: Ukjend fotograf.

Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.

Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdene i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal.   Les mer …

Delar av Rikard Berge si handskriftsamling ved Telemark Museum. Berge oppbevarte kladdebøkene i hengsla kjeksboksar frå "Sætre Kjæksfabrik".
Foto: Tor Kjetil Gardåsen (2015) / Telemark Museum
Rikard Berge si handskriftsamling er arkivet etter folkeminnegranskaren Rikard Berge. Delar av arkivmateriale vart overtatt av Fylkesmuseet for Telemark og Grenland, i dag Telemark Museum, i 1970. Samlinga inneheld unike skildringar frå historia i Telemark, og er i dag gjort søkbar gjennom Telemarkskilder ved Høgskulen i Telemark, avdeling Notodden. Det var i 1970 at Fylkesmuseet for Telemark og Grenland tok over hovuddelen av det handskrivne materialet etter Rikard Berge. Det var Halvor Landsverk, dåverande styrar ved Fylkesmuseet, som m.a. med midlar frå Norsk Kulturfond, sørga for å få kjøpt inn materialet. Eit stort kulturhistorisk stofftilfang frå Telemark var dermed sikra. Utanom det skriftlege materialet omfatta samlinga voksrull¬opptak av spelemenn og kvedarar.   Les mer …
 
Sjå òg




 
Kategoriar for Telemarksarkivet
ingen underkategorier


 
Andre artiklar