Primærnæringar i Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oversyn over primærnæringane i Telemark frå 1900 og fram til i dag

Utdypende artikkel: Telemark i det 20. århundret

Denne artikkelen gir eit oversyn over primærnæringane som har eksistert i Telemark. Artikkelen er meint å skulle hjelpe privatarkivinstitusjonar i innsamlingsarbeidet av privatarkiv i fylket og vart starta av Telemarksarkivet. Sjå også eigne artiklar om sekundærnæringane, tertiærnæringane og organisasjonslivet i fylket.

Næring Kjenneteikn for perioden 1900-1945 Kjenneteikn for perioden 1946-1972 Kjenneteikn for perioden 1973-dd. Artiklar om tema Bevarte privatarkiv
Jordbruk
  • Løna i industrien lokka.[1] Samstundes gav industrien ein større marknad for matprodusentar. Dette gjaldt særleg rundt befolkningssentera i industribeltet og langs Sørlandsbanen (1927).
  • I mellomkrigstida kom primærnæringane i store vanskar grunna høg gjeldsprosent, og Bygdefolkets Krisehjelp fekk ei ekstra sterk stilling i fylket. Motorisert mekanisering kom for alvor fyrst etter krigen.[2]
  • Attåtnæringar vart vanlegare; meir kanin, bier, fjørfe, grønsaker og frukt. Pelsdyrnæringa i 1930-åra. I 1939 fanst det 1250 pelsdyrgardar i fylket.[3] Mange fekk lønsarbeid i skog og på veg.[4]
  • Alternative næringar som t.d. fruktdyrking auka etter Stortingets «jamstillingsvedtak» frå 1975.[7]
  • Attåtnæringar, m.a. gjennom bygging og vedlikehald av vegar.[8]
  • Småbruk: I 1975 hadde mindre enn 1/10 av dei 4 650 jordbrukseigedomane[9] meir enn 100 dekar. Gjennomsnittet var 50 dekar. Fram mot vår tidsalder vart småbruka gradvis lagt ned.

50 arkiv
22,11 hm

Skogbruk
  • 2/5 av Telemark var skogdekt.[10] Ved 2/5 av den produktive skogen måtte ein nytte vinsj eller taugbane.[11]
  • Arendalsvassdraget og Telemarkskanalen vart viktige samband for skogeigarane og skogsarbeidarane og gav mange arbeidsplassar i skogsbygdene. Skiensvassdraget var ei tid på tredjeplass i landet målt etter trelast og treforedling.[12] Saman med den skogbaserte industrien på Notodden og Grenland utgjorde desse «skogsystemet» som lenge hadde ei dominerande stilling i næringslivet.[13]
  • Den økonomiske krisa vart også merkbar i skogbruket då prisen på eitt lass grantømmer fall frå 60 kr hausten 1920, til 14 kr i mai 1922.[14]
  • Motorsaga tok over for øks og tigersvans, medan fargemerking tok over for tradisjonell merking.[15]
  • Skogsystemet gradvis lagt ned frå 1960.[16]
  • Skogbruk vart stadig mindre lønsamt.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

3 arkiv
5 hm

Fiske
  • Telemark har 665 km kystline, men i luftline utgjer dette berre 40 km.[17] Næringa var difor svært sentrert før oppdrettsnæringa.
  • Mangsysleri var vanleg, men det var likevel mange som oppgav fiske som eine- eller hovudyrke i folketellingane i kystbyane og kystbygdene; i 1900: 420 personar, i 1910: 600 personar. Fiskeyrket var i framgang frå slutten av 1800-talet til siste helvta av 1940-åra.[18]
  • Oppdrettsanlegg for aure frå 1954.[19]
  • I 1950 fanst det 533 fiskarar i fylket – 409 av desse med fiske som hovudyrke.[20]
  • Utanlandseksport av fisk varte fram til 1970-åra.
  • Få hadde fiske som hovudinntektskjelde i perioden.
  • Produksjon av settefisk[21] og oppdrettsfisk har seinare vorte vanlegare.
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

0 arkiv
0 hm

Kjelder

  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie: Etter 1905, band 3, Fagbokforlaget. 2014. ISBN 978-82-450-1409-9.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det norske næringsliv 4, Telemark fylke, Bergen, 1949.
  • Åsen, Kjell (red.), Nissedal bygdesoge. 4: Kultursoga : 1900-1999, Nissedal, 2000.

Referansar

  1. ↑ Telemark Historie 3, s. 33
  2. ↑ Telemark Historie 3, s. 28
  3. ↑ Sætherskar, 1949, s. 121.
  4. ↑ Telemark Historie 3, s. 29
  5. ↑ Telemark Historie 3, s. 28
  6. ↑ Åsen, 2000, s. 425.
  7. ↑ Telemark Historie 3, s. 69
  8. ↑ Telemark Historie 3, s. 28
  9. ↑ Jordbrukseigedom definert som eigedom med minst 5 dekar jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktivt skogareal.
  10. ↑ Telemark Historie 3, s. 24
  11. ↑ Telemark Historie 3, s. 26
  12. ↑ Telemark Historie 3, s. 15
  13. ↑ Telemark Historie 3, s. 9
  14. ↑ Telemark Historie 3, s. 44
  15. ↑ Telemark Historie 3, s. 26
  16. ↑ Telemark Historie 3, s. 12
  17. ↑ Telemark Historie 3, s. 85
  18. ↑ Telemark Historie 3, s. 92
  19. ↑ Telemark Historie 3, s. 67
  20. ↑ Telemark Historie 3, s. 93
  21. ↑ Telemark Historie 3, s. 67