Tertiærnæringar i Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Oversyn over sekundærnæringane i Telemark frå 1900 og fram til i dag

Utdypende artikkel: Telemark i det 20. århundret

Denne artikkelen gir eit oversyn over tertiærnæringane som har eksistert i Telemark. Artikkelen er meint å skulle hjelpe privatarkivinstitusjonar i innsamlingsarbeidet av privatarkiv i fylket, og vart starta av Telemarksarkivet. Sjå også eigne artiklar om primærnæringane, sekundærnæringane og organisasjonslivet i fylket.

Næring Kjenneteikn for perioden 1900-1945 Kjenneteikn for perioden 1946-1972 Kjenneteikn for perioden 1972-d.d. Artiklar om tema Bevarte privatarkiv
Varehandel
  • Detaljhandlar, landhandlar, engroshandlar, agentur – samvirkelag og forbruksforeiningar. Forbrukarsamvirke tilknytta NKL vaks fram frå 1910 til 1930-talet. I 1900 fanst 10 samvirkeforeningar, medan talet auka til 60 i 1940.[1]
  • Landbruksmarknader: fleire årlege marknader og fesjå som omsette både dyr og landbruksmaskiner.
  • Nye spesialforretningar i bykjernane. Handelen vart konsentrert til «bygdebyane» mot slutten av perioden. Desse vart igjen utfordra av varehus og supermarknadar, delvis knytt til større kjeder.[2]
  • Varehandel og forretningsmessig tenesteyting ekspanderte. Samstundes endra strukturen i varehandelen seg. Frå eit mylder av mann- og konebutikkar, landhandlar og samvirkelag utover bygdene, vart handelen meir konsentrert i «bygdebyane», særleg i 1970- og 1980-åra.[3]
  • Omsetting av frukt og andre gardsprodukt gjennom gardssalg og fruktsentralar.[4]

75 arkiv
66 hm

Transport og lagring
  • Telemark vart meir til ei eining etter at kanalane opna og jernbanar vart bygd.[5] Hydro-systemet bunde saman med jernbane frå Rjukan, ferje over Tinnsjøen, bane til Notodden og derifrå vidare til kysten med Bratsbergbanen. Telemarks­kanalen vart meir enn ei kommunikasjonsåre for trebaserte næringar, på same måte som Arendalsvassdraget vart det for Fyresdal, Nissedal, Vrådal til Arendal (frå 1913 erstatta av Treungenbanen). Frå 1927-1939 var Kragerø endestasjon for Sørlandsbanen. Det vart laga ei rekkje planar om jernbaneutbygging til Øvre Telemark, men desse vart aldri realisert.
  • Bilruter, i lag med jarnbanane, førte til at bryggene langs vassdraga miste sin funksjon som senter for samferdsel og handel, og det vaks fram nye bygdesenter langs dei nye landtransportrutene – m.a. Nordagutu, Bø, Lunde og Drangedal. Den fyrste bilruta kom i 1908, og i 1920 fanst det ruter i dei fleste kommunar. Desse minska avstanden mellom produsent og kunde.
  • Svingingar i sysselsettinga var merkbare i rederinæringa. I 1900 var 2500 personar sysselsett i sjøtransport. Flest i Skien, Porsgrunn, Bamble og Kragerø. I 1920 1857 personar, og i 1930 2379 personar. I 1946 hadde talet synke til 1644.[6] 7,1 prosent av den norske handelsflåten fanst i Telemark i 1910[7], mot 1,6 prosent av den norske handelsflåten i 1939.[8] Dampskip og postbåtar gjekk i rute frå Brevik til Kristiansand frå 1896, eit år etter at jernbanen kom til Brevik. Valberg i Kragerø eksporterte stein, pukk og grus frå 1913.
  • Geiteryggen som einaste flyplass som var i drift i fylket i perioden.
  • Bilrutene fusjonerte til større selskap i både Øvre og Nedre Telemark mot slutten av perioden.
  • Etter krigen var det framleis fløyting i kanalane, men vegen tok meir og meir over også for denne verksemda.[9]
  • Rederinæringa i tilbakegang. Siste rederi i Kragerø forsvann med Rindes Rederi i 1973. 1,4 prosent av den norske handelsflåten fanst i Telemark i 1959.[10]
  • Eksport av tre og papir frå Porsgrunn og Skien – Kragerø, Langesund og Brevik sin status som «skipsfartsbyar» heldt på å forsvinne.[11]
  • Rutebilselskapa fusjonerte ytterlegare, og køyrde langt utanfor fylkesgrensene mot slutten av perioden.
  • Jarnbanenettet lagt ned, snarare enn å bli utvida.
  • I 2006 vart Borgestad Shipping solgt til utlandet. Det siste rederi med eigne skip i utanriksfart var dermed historie.[12]
  • Fjordbåtselskap etter hytteutbygging langs skjergarden.
  • Mindre flyplassar vart satt i drift i perioden, m.a. på Notodden og Fyresdal. Liten aktivitet i slutten av perioden.

Biltransport

Ingen artikler oppfyller kriteria

Jarnbane

Sjøfart

Lufttransport

45 arkiv
145 hm

Overnattings- og serveringsverksemd
  • Fleire overnattingsstader då turismen auka ved hundreårsskiftet. Telemarkskanalen frå 1892 som turiståre. Ei rekkje nye hotell, herberg og pensjonat.

Overnattingsstader

Serveringsstader

6 arkiv
8 hm

Informasjon og kommunikasjon
  • Både fylkesaviser og lokalaviser. Mange med partipolitisk tilknyting. Avisene stoppa eller lagt under nazistisk kontroll under krigen.[13]
  • Få nyetableringar av aviser etter krigen.
  • Ei rekke lokale radiostasjonar kom til i 1980-åra, Lokal-TV i 1990-åra. Avisene vart stadig færre då internett tok meir over kring 2000-talet.

25 arkiv
65 hm

Finansierings- og forsikringsverksemd
  • Ei rekkje lokalbankar.[14]
  • I løpet av perioden fusjonerte mange lokalbankar ut av kommunegrensene.
  • Bankane sentralisert.

24 arkiv
97 hm

Omsetting og drift av fast eigendom

0 arkiv
0 hm

Faglig, vitskapleg og teknisk tenesteyting
  • Forskningsbaserte bedrifter.
  • Forskningssenter tok over for forskningsbaserte bedrifter.[15] Næringsparkane eit nytt fenomen kring 2000.[16]

Advokater

Arkitekter

Veterinærer

Ingen artikler oppfyller kriteria

Forskningsinstitusjoner

Ingen artikler oppfyller kriteria

Fotografer

8 arkiv
30,4 hm

Forretningsmessig tenesteyting

2 arkiv
4 hm

Offentleg administrasjon og forsvar, og trygdeordningar underlagt offentleg forvaltning

1 arkiv
4 hm

Undervisning
  • Privatskular etablert for forskjellige fag, m.a. planteskular, husmorskular, landbruksskular. Skiensfjordens Tekniske Fagskole i Porsgrunn frå 1884 vart grunnlaget for Ingeniørhøgskolen i Porsgrunn som med tida vart del av Høgskulen i Telemark. Asbjørn Knutsen etablerte kristeleg lærarseminar på Notodden i 1895, lagt ned i 1937.[17]
  • Skulenedleggingar førte til opprettinga av privatskular enkelte stader, m.a. Montessoriskular.[18]
Ingen artikler oppfyller kriteria

10 arkiv
3 hm

Helse- og sosialtenester
Ingen artikler oppfyller kriteria
Ingen artikler oppfyller kriteria

9 arkiv
45 hm

Kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar
  • Etablering av bygdemuseum.
  • Bygging av badehus og badeanstaltar i Nedre Telemark.
  • Kulturformidling gjennom ein kulturpolitikk som vart institusjonalisert og internasjonalisert. Fyrste fylkeskultursjef kom på 1970-talet.[19]
  • Telemark som «festivalfylke», samstundes med at folkemusikk vart styrkt heller enn svekt.
  • Regionteateret Telemark Teater - seinare Teater Ibsen etablert i 1975.
  • Kring 2000 oppstod det ei rekkje festivalar, både innan musikk, poesi og teater.[20]
  • Tre konsoliderte museum etter 2003.

15 arkiv
112 hm

Anna tenesteyting

1 arkiv
0,05 hm

Kjelder

  • Rovde, Olav og Ingvar Skobba (red.), Telemarks historie: Etter 1905, band 3, Fagbokforlaget. 2014. ISBN 978-82-450-1409-9.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. ↑ Sætherskar, 1949, s. 184.
  2. ↑ Telemark Historie 3, s. 72
  3. ↑ Telemark Historie 3, s. 72
  4. ↑ Telemark Historie 3, s. 69
  5. ↑ Telemark Historie 3, s. 34
  6. ↑ Telemark Historie 3, s. 90
  7. ↑ Telemark Historie 3, s. 86
  8. ↑ Telemark Historie 3, s. 88
  9. ↑ Telemark Historie 3, s. 27
  10. ↑ Telemark Historie 3, s. 88
  11. ↑ Telemark Historie 3, s. 27
  12. ↑ Telemark Historie 3, s. 90
  13. ↑ Telemark Historie 3, s. 162
  14. ↑ Telemark Historie 3, s. 73
  15. ↑ Telemark Historie 3, s. 61
  16. ↑ Telemark Historie 3, s. 62
  17. ↑ Telemark Historie 3, s. 157
  18. ↑ Telemark Historie 3, s. 105
  19. ↑ Telemark Historie 3, s. 246
  20. ↑ Telemark Historie 3, s. 292