Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Hytta i Lii 20.3.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Den lisle plassen Lii under Nordstog låg i dalsøkket mellom det gamle Gjerdentunet og der Kanada i Jåro ligg i dag, og beint nordom Myri på motsett side av vegen. Der plasstunet låg står ei lita hytte, som Olav A. Haugen sette opp etter at den gamle plasstoga datt ned. Hytta er i dag i eiga til Georg Lidtveit i Åraksbø (sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21). Plassen har aldri vore utskilt eller matrikulert, så bortsett frå den nemnde hytta høyrer han framleis til Nordstog.

Nett kva tid plassen vart busett er uvisst, men mannen i den familien som budde her vert fyrste venda nemnd som husmann her i 1867. Han var frå Nordstog, og yngste son åt Auver Knutsson på det bruket og kona, Margit Knutsdotter.

  • Olav Auversson Gjerden (y.), f 1832, d 1915
g 1858 m Ingebjørg Torleivsdotter Haugo, f 1837, d 1888.   Les mer …

Haugebakk i Bykle ligg vestom Kroné og litt høgre i terrenget, altså ikkje fullt så langt ut på bruna mot åjuvet. Tilliks med Kroné har Haugebakk gått ut ifrå Uppistog, og også tilliks med Kroné vart det eit sjølveigande småbruk. Men Haugebakk vart aldri matrikulert for seg sjølv, og difor er eigedomen utan eiga landskyld og eige bruksnummer. Ein grunn til at dette i seinare tid ikkje har vorte oppfatta som nødvendig, er rimelegvis at oppsitjaren i Haugebakk etter 1949 også har ått Kroné, og at dei to bruka sidan då har vore rekna som eitt, med bnr 6 under Byklum, men utan at denne faktiske samanslåinga nokon gong har vorte formalisert.

Bruket kom til ved at Hallvard Torleivsson kaupte ein utmarksteig av Ånund Pålsson på Kultro i 1883, dyrka han opp, sette seg opp hus, og flutte hit.

Hallvard var frå Uppistogshaugo, foreldra hans var Torleiv Torleivsson Holen og kona, Margit Knutsdotter, fødd Hisdal.   Les mer …

Dette biletet er teke i Sandbekksosen i Bossvatn. Sandbekk er ein støyl på sørsida av vatnet som høyrde til Neire Dysje. Mannen på land er Juel Lund. I båten sit Thina Lund (som seinare gifte seg med Ånund Brotteli), Søren Lund og Ragna Abrahamson - kona til August Abrahamson som tok biletet. Dette var truleg ein gong i den tida då Søren Lund åtte Brotteli, dvs. mellom 1903 og 1907. Frå Setesdalsmuseet.

Neire Dysje var ein av Dysjegardane i Bykle kommune. Som det går fram av bolken om den udela garden, vart dette bruket utskilt i 1815. I og for seg kunne ein godt tenkt seg at det hadde vore husmannsplass tidlegare, men me har ikkje sett noko som peikar i den lei.

I den gamle gards og ættesoga (89) les me at «Åvold Jonsson kjøpte garden av Mikkelsen Bratteland» og at det «ser ut som om Mikkel Olsen Bratteland fekk garden etter Ole Tallaksen Dysje, eller borna hans». Dette er iallfall delvis gale, ettersom Olav Tallaksson aldri hadde noko gardsbruk å selje, han var busete hjå broren. Når det gjeld Mikkel Bratteland, har me ikkje sett at han heller åtte noko i Dysje, men for den skuld kan han kanskje ha gjort det ei tid. Det me veit heilt sikkert er at Åvold fekk skøyte på bruket hjå Åsmund Sørensson. Dette var i 1815, i 1819 vart det halde delingsforretning og skyldsetjing, og overdragingsdokument vart tinglyst i 1820.

Åvold Jonsson var frå Vatnedalen, og son åt Jon Åvoldsson Nesland og kona, Tore Bjørgulvsdotter, fødd Breive. Åvold åtte Ryningen nokre år, men selde det bruket til Salmund Snæresson Ryningen i 1797. I 1800 kaupte han Attistog Gjerden hjå Bjørgulv Åsmundsson, og etter at han gifte seg i 1805 budde han og huslyden hans der.   Les mer …

Tunet på Berdalen Der uppe sett nedanfrå 5.8.2005.
Foto: Aanund Olsnes

Der uppe er det gamle hovudbøle på Berdalen i Bykle kommune. Som me var inne på i artikkelen om den udela garden, meiner me at garden vart dela kort etter at Arne Knutsson døydde kring 1712. I bolken om den udela garden fortalde me også at Esaias Bugge åtte tre skinn då han døydde, og at ervingane hans er oppskrivne som eigarar av denne halvparten av garden i ei skatteliste frå 1712. Me har ikkje funne noko om innløysing av dette godset, men reknar med at det må ha vorte innløyst fyre matrikkelframlegget frå 1723 vart skrive. For i den kjelda står det at oppsitjarane i Der nede og Der uppe bruka 3 kalveskinn (= 1 geiteskinn) kvar, og at alt saman var «bondegods».

Skogen er halden utanfor landskyldrekninga, men den same kjelda opplyser at garden hadde «god Tømmerskog tilhørende Peder Claussen i Kristiansand». Når heile garden var bondegods, hadde det kanskje vore rimeleg å rekne med at båe oppsitjarane var sjølveigarar. Men av grunnar me kjem til sidan, vil me tru at det var mannen i Der uppe som åtte båe bruka, og at han hadde løyst ut Buggeervingane åleine.

Husbonden her på denne tid var frå Espetveit i Valle, bnr 1, og son åt Tarjei Åsmundsson på det bruket og kona, Jorunn Gunsteinsdotter, fødd Skomedal (jfr. Valle V, 273).   Les mer …

Halvor O. Breive var ein ivrig jeger. Her er han og tre kameratar rusta til jakttur. Frå venstre: Gunnar H. Brokke, Halvor O. Breive, Hallvard H. Brokke, Olav H. Brokke. Frå Setesdalsmuseet.
Foto: Knut Jonsson Heddi

Bergland var ein bustadeigedom i Hovden sentrum, like attanfor Fjellgardstun. Det var Hallvor Olsson Breive som sette seg opp ei stoge her i 1951. Tomta vart formelt utskilt frå bnr 2 året etter. Halvor vart oppskriven som arbeidar då han døydde, og har vel då drive med slikt arbeid som var å få. Men i yngre år veit me at han dreiv som skinnhandlar og kreturhandlar og var partner i selskapet A/S Stavenes, Breive & Co i Kyrkjebygdi (sjå Solbakken, Byklum). Han var også sterkt engasjert i tamreindrifta, og leiar for Byklehei Reinsamlag A/S frå 1945 til 1954. Han var frå Breive Der uppe, og son åt Olav Alvsson på det bruket og kona Åshild Hallvardsdotter.

Hallvor Olsson Breive, f 1884, d 1963, ug

Vidare var det ein annan gamal arbeidsmann som budde her. Han hadde vore her i lag med Halvor i mange år, og Halvor hadde gjeve han rett til å sitje i huset livet ut.

Johan Andersen (Myrmo), f 1890, d 1972, ug   Les mer …

Bjåen fjellstove og Bjåen-gardane. Biletet er truleg teke sumaren 1939. Gamalt prospektkort frå samlinga ved Setesdalsmuseet.
Bjåen fjellstove - flyfoto frå ca 1970 ved Norrønafly. Her frå Jorunn Rosenberg Rysstad via Setesdalsmuseet.

Bjåen fjellstove ligg på austsida av Breivatn i Bykle kommune, på flaten under Buskarlii, og i det nordvestre hyrna av Breivassflotti. Tomta og teigen ikring som høyrde til, ligg på grunnen til den eigedomen, gnr 2, bnr 9, og har aldri vorte formelt utskilt eller matrikulert for seg sjølv. Sjølv om eigedomen vart utskild frå Hovden, er han nært knytt til Bjåen som er ein av Breivegardane.

Bakgrunnen for byggjinga av fjellstoga var at det i andre helvta av 1930-åra vart arbeidd med veganlegg frå Hovden til Haukeli. Når denne vegen vart ferdig, ville det vera køyrande med bil frå Vinje over Valle og alt til Kristiansand. Dette måtte ein vente ville føre turisttrafikk med seg, og det burde det gå an å gjera seg ei næring av. Omlag såleis har han nok tenkt, Aslak Såvesson Bjåen frå Nor i stoga, då han bestemte seg for å setje i gang med fjellstove innmed nyvegen. Det fyrste tiltaket hans på staden var å setje opp ei hytte, som han fekk under tak i 1937. Dei større bygga, sjølve fjellstoga og uthuset, laut vente til vegen vart ferdig året etter, for slike materialmengder var ikkje godt å draga fram med hest.   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest