Forside:Notlag og notbruk

Om Notlag og notbruk
Holsvik notlag med Storenota, Follabugen ca. 1910
Notlag er opp gjenom tidene brukt som felles omgrep/begrep for eigarskap til not og driftsmidlar for å bruke nota.

Eigarskapen kan vere eine-eigarar, men det vanlegaste var nok parts-eigarskap/lut-lag. I lut-lag var det frå gammalt vanleg med "bolkenøter", at kvar part eigde og heldt vedlike ein på førehand bestemt bolk/lut/del av ei not. Bolkane var merka og rettar og plikter i høve til eigarskap var regulert etter den gamle notlova langt bakover i tid. Fram til om lag 1930 var det vanleg med heil- og halve-lutar. Heil lut hadde to mann (personar) oppmøte og halv lut ein mann.   Les mer ...

 
Smakebiter
Årset notlag, og kalla Årsetnotalaget, var eit av fleire notlag i Austefjorden eigd av gardane Årset, Årsetøya, Aurstad og Skjeret då det vart avvikla i 1963. Notlaget vart delt 1932. Dei som gjekk ut og danna Håvik notlag var fire bruk i Håvika, to bruk i Hamre. Vikestranda gjekk over frå Årset til Håvik notlag 6. juli 1946. Skjæret kjøpte seg inn i Årset notlag på dette tidspunktet.

Notlaget hadde hus til båt og bruk på Årset. Då det vart investert i endesnurpe i 1951, måtte ein også investere i nytt nothengje. Nytt nothengje på Laberget på Aurstad vart teke i bruk i 1952. Naust til båtane med halvetak på vestsida av nothengjet var ferdig i 1953. Medan Årset notlag byggde hengje turka dei not på nothengjet til Holsvik notlag.

Laget dreiv med sekkjenot og landnot i Austefjorden. Då Austefjordingane sette motor i fiskebåtane sine leigde Årset notlag motorbåt til sleping og då vart området å drive i utvida. "Litleveiren" vart kjøpt i 1937, nota vart heitande Landnota og brukt frå den nye båten. Ved kjøp av brukt øyresnurpe/snurpenot på Bergenskanten i 1951 vart denne brukt på sunnmørsfjordane med notbåt, øyrebåt, slepebåt og loddebåt / lettbåt.

Setjing av Storenota
Årset notlag brukte not for siste gong sommaren 1963. Deretter vart brukbart utstyr selt, området på Aurstad rydda og laget avvikla som dei fleste andre store notlag langs fjordane her.

Årset notlag er godt dokumentert gjennom notat og rekneskap tilbake til 1870-talet. Andreas Årsetøy f. 1902 har dokumentert drifta med:

  • Modellar om båtar, hus og nøter utstilt i Austefjord Museum.
  • Film, 8 mm, frå 1950-talet.
  • Stykke i Kjeldearkiv:Om Aarset notlag Årbok 1976 Sunnmøre Museum: Notlaget frå Austefjorden.
Båtsamlinga til Sunnmøre Museum har to båtar frå dette laget: "Storenotabåten" (brukt til «Lissjeveren» overtok nota 1937) og den gamle spelbåten, brukt til 1951. Desse syner korleis notbåt og spelbåt såg ut så lenge det var robåtar.   Les mer …

Andreas Aarsetøy f. 1902 har skrive to stykke om Aarset notlag i Årbok 1976 til Sunnmøre museum s. 56 til 58. Det første gjev att eit dokument, «Overenskomst» frå 1897, som syner formalisering av samarbeidet etter «den gamle notlova» etter at notlaget har vore i drift i mange år. Det andre, «Notlaget frå Årset», syner kor nøgne dei var med kontraktar for drifta for ikkje å «ryke i tottane på kvarandre». Ved skriving av stykket har ein korrekturlese mot den orginale protokollen frå Årset notlag.   Les mer …

Høydalen sett fra nord.
(2009)

Høydal notlag var eit notlag i Høydalen i Volda. Kva tid laget vart skipa er det til denne tid ikkje råd å finna dokumentasjon på. I dei skrifter som er framkomne så langt er heile bygda med, så nær som dei to fremste gardane i bygda. Om også dei har vore med i tidlegare tider kan ein ikkje så burt ifrå. To av gardane i Berget, Nedsteberget, gnr. 83 bnr. 1 og 2, delte ein part. Laget hadde då 14 heile partar, og vart i bygda gjerne omtala som stornotalaget.

I fyrstinga må ein tru at notlaget var organisert som eit bolkenotlag. Det vil seie at kvar part eigde ein bolk, som er ein del av nota, og var ansvarleg for vedlikehald av denne. Om kvar bolk var 960 mauskar, som er standard lengde, veit ein ikkje. Som støtte til dette vert det fortalt om ein av eigarane at hans bolk vart bøtt med heimespunnen tråd. Desse gamle nøtene var bomullsnøter, men ein kan ikkje sjå burt ifrå at der kunne vera delar av hampetråd.

Nøtene var tunge å handtera så det kom nok vel med at det var 14 partar. Stornota var cirka 120 famner lang, djupta truleg rundt 12-15 famner. I tillegg til stornota var det minst to stengenøter, truleg med litt forskjellig størrelse.   Les mer …

Notabåten Trollet.
Foto: Arne Høydal
Notbåten «Trollet» var kjøpt frå Årsheim notlag 25/9 1951. Prisen står i kassaboka for Høydal notlag 25/9 1951; «kjøpt ein gavlbåt Kr 3800,00». Den var registrert i Selje kommune med SF 113 S og hadde namnet «Drott». I Volda kommune kom denne båten ikkje med i det offisielle registeret over fiskebåtar. Dette kjem truleg av at seljar ikkje har meldt frå om at båten var seld. Men bilder viser at båten var registrert i Volda med M-9-VA. Det er ikkje klart kva namn båten vart registrert med i Volda kommune, men den vart i daglegtale kalla «Trollet», som vel er eit klengenamn. Båten var bygd som klinker med speiel. Det var lagt dekk med ca 45 cm høg ruff til atterkant rorhus. Tradisjonell innreiding av lugar framom maskinskottet. Lugarkappe framom rorhuset. Bak rorhuset var båten åpen med notrull bak på speielen. I notromet var bygt ei notkasse slik at når ein greidde inn nota kunne ein stå på utsida av kassa og slapp å trakke i nota, burtsett frå han som la «minot», midnot.   Les mer …

«Øyrebåten» tek fast på babord side av MB «Rolf» etter set
«Holsvik-øyrebåten» eller «Øyrebåten/Spelbåten», brukt i Holsvik notlag saman med «Storenota» (landnot), truleg frå 1951 som øyrebåt på snurpenota. Hang ved bruk i enden på snurpenota, rigga slik at den la seg på tvert og bremsa så ein fekk laus notenden og fekk nota til "å gå". Vanlegvis var der ein mann om bord i øyrebåten når nota skulle setjast.

Truleg er den byggd då notlaget gjekk til innkjøp av MB «Timann» M 46 VA i 1946. Notlaget har og truleg fått den fram på dugnad då der var to båtbyggjarar i notlaget, Rasmus Løfoll (1887 - 1979) og Einar Høydalsvik (1920 - 1997). På Løfolla er der høveleg skog, så notlaget trengde eigentleg berre å kjøpe to pakkar båtesaum og tre meter tau til belag og hamleband. Dette var rett etter 2. verdskrig og det meste var mangelvare. Der var og to røynde anleggssmedar i notlaget, Laurits Djuvik (1894 - 1984) og Harald Botn (1908 - 1976), så det var ikkje så lenge gjort å smi noko saum heller om naudsynt. Denne spelbåten var ein sterkbygd gavlbåt med rull i dokker bak og hengsla spel på tofta bak rotofta (noko liknande som ein ser på Lissjenotabåten (sjå under Holsvik motlag). Då tofter og tverrband vart demonterte ved innsetjing av motor vart den for veik i skroget og den fekk etter kvart lagt i meir innved i form av lekter på bordinga, og forsterka rekke.

  Les mer …

MB «Rolf» blir sjøsett på våren.
MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane.   Les mer …
 
Kategorier for Notlag og notbruk
ingen underkategorier


 
Andre artikler