Forside:Språkåret 2013: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
 
Linje 1: Linje 1:
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategori=Språk¦Språkskifte¦Dialekter¦Samiske_språk}}
{{Emnemal|Flertall(er/ar)=ar|kategori=Språk¦Språkskifte¦Dialekter¦Samiske_språk}}
[[kategori:språk]]
[[Kategori:Språk og tegn]]
[[kategori:2013]]

Nåværende revisjon fra 15. mai 2023 kl. 11:21

Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Illativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk. Illativ, som vi òg kunne kalle dit-kasus, blir bruka om tilstadsrørsle, og i tillegg om nokon ein gjev noko til eller om ein tilstand noko blir endra til. På sørsamisk er den typiske endinga -se i dei fleste orda og -an i ie-stammar, men dei nordligaste sørsamiske dialektane har òg illativsendinga -je. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske endinga -áj (pite- og lulesamisk ortografi) / -ái (nordsamisk ortografi).   Les mer …

Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Tornesamisk eller karesuandosamisk, òg kjent som markasamisk i Ofoten og Troms, er ei samisk dialektgruppe som oftast blir rekna til nordsamisk språk. Tornesamisk er den sørvestligaste av dei nordsamiske hovuddialektane og blir snakka i deler av Finland, lengst nord i Sverige og blant markasamane i Nord-Noreg frå Ballangen kommune i Ofoten til Nordreisa kommune i Nord-Troms. Tornesamisk låg til grunn for Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Johansson Ganander.   Les mer …

Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Henrik Johansson Ganander (f. i Åbo (Turku) i Finland, d. 1752 i Sjundeå (Siuntuio) i Finland), òg skrive Henricus Ganander Abœnsis, var ein finlandsk prest som er mest kjent for sitt verk Grammatica Lapponica (1743) — ein samisk grammatikk med grunnlag i tornesamisk, den sørvestligaste hovuddialekten av nordsamisk. Frå 1731 til 1744 var Henrik Ganander kapellan i Karesuando ved det som i dag er grensa mellom Sverige og Finland. Frå 1743 til han dødde i 1752 var han kyrkoherde i Sjundeå (Siuntuio) i Sør-Finland, kring 4 mil vestom Helsingfors.   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Rørossamisk, òg kjent som herjedalssamisk eller sørlig jämtlandssamisk, er den sørligaste av dei tre overlevande hovuddialektane av sørsamisk — og den sørligaste av alle dei nolevande samiske dialektane. I Noreg blir rørossamisk tradisjonelt snakka i området frå Nord-Østerdalen og Trollheimen i sør til Tydalsområdet i nordaust, og i Sverige blir han snakka så langt sør som i Idre og Särna. Blant dei mest kjennspake trekka kan nemnast bevart m i endingar der nordligare dialektar har svekking til b, så vel som mykje overgang frå -oe til -a i endingar. Andre viktige trekk er gjennomgripande palatalisering av s til sj føre fremre vokal (goåssjie (gåessie)); hyppig overgang a > sj føre n (Nörjisjn (Nöörjesne), sjeæterisjnie (seaterisnie)) og t (Sjtaala (Staaloe), sjisjtie (sistie)); så vel som ein del apokope av korte vokalar.   Les mer …

Eivind Berggrav, Østlandsk reisnings fyrste formann (ukjend fotograf).
Østlandsk reisning var ein språkpolitisk organisasjon som gjekk inn for eit sterkare innslag av folkemålet i riksmål og større rom for austlandske bøyingsformer i nynorsknormalen. Det var med andre ord ei språkpolitisk linje som sidan har vore kjend som samnorsk. I vidare forstand kan ein sjå Østlandsk reisning som ein framstøyt for regional, sosial og kulturell sjølvhevding, med uttala brodd både mot eit danskfundert riksmål dyrka av urbane eliter, og mot det som vart oppfatta som vestlandsdominansen i norskdomsrørsla. Organisasjonen var i verksemd i åra 1916-1926, og lykkast i å øve innverknad på rettskrivingsreforma i 1917, som fekk svært «radikale» valfrie former i båe skriftspråka. 1920-åra har vore rekna som ein stille periode i språkhistoria, men etter språkforskaren Ernst Håkon Jahr er dette ei mistyding. I tiåret etter fyrste verdskrig vart mange av dei språkpolitiske slaga utkjempa i kommunane, på lokalplanet, og fekk derfor ikkje merksemd i den riksdekkjande pressa. Østlandsk reisning var innblanda i mange lokale språkkampar på Austlandet, som talsmenn for dei som ønskte ei meir talemålsnær rettskriving.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier


 
Andre artiklar