Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Komitativ er eit adverbialt kasus som blir bruka i samiske språk. Komitativ, som vi òg kunne kalle med-kasus, blir bruka om reiskap/middel, og i tillegg blant anna om nokon ein er saman med. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ine, -jne eller -inie. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske eintalsendinga -jn (pite- og lulesamisk ortografi) / -in (nordsamisk ortografi). I indoeuropeiske språk blir reiskapskasuset kalla instrumentalis.   Les mer …

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Nokre pitesamiske stadnamn kring Saltfjorden/Skjerstadfjorden.
Det finst ikkje noka fast normering av pitesamiske stadnamn enno. På kart frå kartverket har det tidligare vorte bruka hovudsaklig nordsamisk normering, og frå dei siste tiåra på 1900-talet i aukande grad lulesamisk normering. På same kartbladet kan vi ofte finne desse to normeringsmåtane rett attmed kvarandre — på Det store Saltfjellkartet (2008) finn vi for eksempel Vaššavárri (nordsamisk) og Vássjatjåhkkå (lulesamisk) side om side. Det pitesamiske namnet som ligg til grunn for det norske tettstadsnamnet Sulitjelma er Sulisjælbmá eller Sulidælbmá. På mange kart er den nordsamiske normeringa Sulečielbma bruka. På andre kart att er den lulesamiske forma som Fauske kommune har valt, Sulisjielmmá, bruka. I dag ligg normeringa av samiske stadnamn i Salten, inkludert det pitesamiske området i Sør-Salten, under Sametinget, som har valt å bruke lulesamisk normering. Trass i at lulesamisk og pitesamisk er nærme i slekt med kvarandre, er det òg vesentlige ulikheiter. Medan lulesamisk i hovudsak behandlar l’m som [ləm], skrive som lmm, har pitesamisk eit mindre utbygd glidevokalsystem og får oftare inn ein dissimilerande plosiv ved nasalforlenging: ləb̥m eller lb̥m, gjerne skrive som lbm. I vokalsystemet har pitesamisk hyppig ua/ og æ i ordformer med sterkt stadium der lulesamisk har oa og ie, og i tillegg mykje bruk av å der lulesamisk har oa.   Les mer …

Lom stavkyrkje. Presten og klokkaren her var kvasse motstandarar i målstriden rundt år 1900.
Foto: Dag Bertelsen (1997)
Språkskiftet til nynorsk i Lom skjedde tidleg. Det var den fyrste bygda på Austlandet som innførte landsmålet som skulemål. Det skjedde i 1899, i alle skulekrinsane i bygda. Språkskiftet hadde nær samanheng med den blomstrande norskdomsrørsla som Christopher Bruun hadde sett i gang i Gudbrandsdalen i siste tredelen av 1800-talet. Fleire av dei som rydda grunnen og stilte seg i spissen for språkskiftet i Lom, hadde sjølve vore elevar av Bruun på folkehøgskulen hans i Sel og/eller i Gausdal. Andre hadde i barneskulealderen gått på Andreas Austlid sin friskule på Ofigsbø i Lom i 1870-åra. Friskulen var ein avleggjar av Bruuns folkehøgskule.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk.
Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde. Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der.   Les mer …

Martinus Høgåsen, sosialist i bunad, representerer ein hovudstreng i språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen, nemleg kombinasjonen av norskdom og sosialisme. Frå ei arbeidarstemne på Hundorp i 1928. Dei to andre på biletet er Hans Baukhol og O.Broløkken

Språkskiftet til nynorsk i Gudbrandsdalen tok til på eit tidleg tidspunkt jamført med andre delar av Austlandet. Som den fyrste kommunen aust for Langfjella innførte Lom landsmålet som skulemål alt i 1899. Grannebygda Skjåk kom etter ni år seinare med nokre av skulekrinsane sine, medan Østre Gausdal i den andre enden av dalen gjennomførde språkskiftet for alle sine skulekrinsar det same året 1908. Med omsyn til opplæringsmålet i folkeskulen var språkskiftet praktisk tala fullt gjennomført i distriktet før 1940.

Frå fyrst av var det norskdoms- og venstremiljø som stod i fronten for språkskiftet. Sidan vart det eit markant innslag av nynorskaktivisme også innan arbeidarrørsla i distriktet, noko som er med på å forklare den massive suksessen for målstrevet i 1930-åra. Stor skilnad i tidspunkt for språkskiftet i likearta grannebygder gjer det elles openbert at særskilde omstende og lokalt verkande aktørgrupper har hatt mykje å seie for utfallet.

Etter krigen har språkskifteprosessen vorte mykje reversert, særleg i dei sørlege bygdene.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier


 
Andre artiklar