Lokalhistoriewiki:Hovedside: Forskjell mellom sideversjoner
(Nytt på wikien: Hjelpeside for visuell redigering) |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 9: | Linje 9: | ||
{{thumb|align=left|Bokåret 2019 logo bred hvit.png| |}} | {{thumb|align=left|Bokåret 2019 logo bred hvit.png| |}} | ||
====Månedens lokalhistoriske verk==== | ====[[Månedens lokalhistoriske verk]]==== | ||
{{Månedens_verk_{{CURRENTYEAR}}-{{CURRENTMONTH}}}} | {{Månedens_verk_{{CURRENTYEAR}}-{{CURRENTMONTH}}}} |
Sideversjonen fra 29. mai 2019 kl. 07:46
Smakebiter fra artikleneÅsta Holth (fødd 13. februar 1904 på Svullrya, død 16. mars 1999 på Kongsvinger) var forfattar og skogfinsk kulturformidlar.
Ho vaks opp på finnetorpet Sør-Revholt på Grue Finnskog som den nest yngste i ein stor syskenflokk. Det var trange kår, og som fjortenåring fekk ho sin første jobb som hushjelp. Det var hardt arbeid der klasseforskjellane mellom tenestefolk og arbeidsgjevarar var tydelege. Det var som dramatiker ho byrja, med sitt første skodespel for amatørteater i 1929. Det hadde tittelen I Luråsen, og vart publisert av Noregs ungdomslag. Det kom fleire slike, men i dag er dette ein mindre kjend del av forfattarskapet. Frå 1935 levde ho dels av skrivinga, mellom anna ved å skrive noveller for ukeblad. Særleg i Arbeidermagasinet fekk ho inn ein del. Somme av dei var underteikna med Åsta Paavolainen, slekta sitt finske namn; andre med Åsta Holth etter torpet Sør-Revholt. Ho sa sjølv om skrivemåten: «Visst er Holth eit jålet namn, med den h'en hengt på. Men det var mote den gongen far min forkorta Revholt.». Den første boka ho gav ut var novellesamlinga Gamle bygdevegen frå 1944. Dette er framleis ein klassikar, med nokre av dei finaste finnskogsforteljingane ho skreiv. Som lyrikar debuterte ho i 1946 med diktsamlinga Porkkalafela. Les mer …Mosdøl er den vestlegaste garden i Kyrkjebygdi i Bykle kommune. Gardsvaldet strekkjer seg frå bytet mot Hoslemo på høgste punktet i Gråsteinnutane i nord og til Bykil i sør. Mot vest grensar garden mot Holen på austsida mot Byklum. Eit noko lauseleg overslag over arealet vil setje det til å vera på kring 18 000 mål. Av dette ligg kring 5500 mål i sameige mellom bnr 1, 2 og 3, medan resten fordeler seg med ca 3500 mål på bnr 1, 4000 mål på bnr 2 og 5000 mål på bnr 3. Om gardsnamnet skriv Amund B. Larsen (Norske Gaardnavne VIII, 213) at «sidste Led er Dialektens Døl, f., liden Dal. 1ste Led er vistnok Mosi, m, mosebevoxet myr.». Denne tolkinga er ikkje urimeleg, men me skal taka med at ordet 'døl' etter Ivar Aasen (Norsk Ordbog 123) også har tydinga «Engstykke tæt ved Husene; meget græsrig Eng». Om ein torer leggje den sistnemnde tydinga til grunn, vil ho peike i retning av at Mosdøl opphavleg har vorte dela ifrå ein eldre gard, og det vil me vil halde for truleg også av andre grunnar. For Byklum er utan tvil eldste garden i Kyrkjebygdi, medan Mosdøl og Gjerden båe er sekundære i høve til denne. Men så må ein då leggje til at delinga må ha funne stad svært langt att i tida, iallfall fyre Svartedauden og kanskje endå langt tidlegare. Les mer …
Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år. Les mer …
|
Om lokalhistoriewiki.noLokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 430 artikler og 210 425 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. |