Forside:Arkivvesen

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Arkiv»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Arkivvesen
Motiv frå eit arkiv.

Arkiv er institusjonar eller avdelingar innafor ei verksemd som tek vare på dokument frå verksemda. Ordet nyttast óg om sjølve samlinga av dokument, og om lokala der dei vert lagra. For historieforskinga er arkivet staden som ikkje gløymer, der vårt kollektive minne er lagra. I eit moderne arkiv tyder ikkje lenger dokument «gulna ark», men «alle fysiske spor av verksemda». Arkiva kan såleis innehalde alt frå handskrivne notat til digitale databasar. Eit arkiv kan vere aktivt, til dømes eit kommunalt arkiv der ein kan gå inn og hente fram vedtak frå seinare tid. Det kan óg vere historisk, med dokument frå ei verksemd som hører fortida til eller dokumentar som ikkje lenger er aktuelle for eigaren. Mange arkiv kombinerer dei to funksjonane, til dømes byarkiva som både har ein aktiv og ein historisk avdeling. Arkiv kan óg vere private, knytta til ein einskild person.

Arkiva har ein dobbeltrolle. På den eine sida skal dei ta vare på dokument for framtida, og det gjer ein best ved å gje så få som mogleg direkte tilgang. På den andre sida skal dei legge til rette for at dei som treng å bruke dokumenta får tilgang til dei. Ein kan tenke på det som å både vere museum, med gjenstandane i monter eller magasin og på same tid bibliotek med lesesal der brukarane sjølv kan gå gjennom dokumenta. Ny teknologi har gjort denne floka mindre utfordrande. Mange arkiv har nå digitalisert deler av samlingane, og gjer dei tilgjengelege på nett. Brukarane får då tilgang til nøyaktige avfotograferingar, medan sjølve dokumenta kan oppbevarast trygt. Eit skilje mellom arkiv og bibliotek er at arkivdokumenta som regel ikkje er publisert. Dei er ofte unike, anten i streng forstand fordi det berre finst eit eksemplar, eller fordi det handlar om ein original. Dette sett óg strengare krav til skydd for dokumenta.

Den nasjonale arkivtenesta i Noreg er organisert som Arkivverket. Det består av Riksarkivet, dei åtte statsarkiva og Samisk arkiv. Verksemda er heimla i arkivlova av 1992 (i kraft frå 1999), som mellom anna krev avlevering av arkiv frå offentlege institusjonar. Arkivverket står bak Digitalarkivet, som mellom anna har lagt ut avfotograferingar av dei fleste kyrkjebøkene.   Les mer ...

 
Smakebitar
Polarhelter. Fridtjof Nansen og karene som gikk på ski over Grønland 1888-1889. Postkort med portretter av grønlandsekspedisjonens medlemmer Ole (Nielsen) Ravna, Samuel (Johansen) Balto, Otto Neumann Knoph Sverdrup, Fridtjof Nansen, Oluf Christian Dietrichson og Kristian Kristiansen (Trana). Ett bilde fra Godthaab og kart over Grønland er også med.
Foto: Nasjonalbiblioteket
(1889)
NEG 218 Helter og forbilder er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2007 med tittel Helter og forbilder. Utsendar var Audun Kjus i samband med eit forskingsprosjekt om helteforteljingar i skule og undervisning.   Les mer …

Disk, kalk og oblateske fra Nesodden kirke.
Foto: Fra Berner, Hj.: Nesodden herred.
NEG 214 Ritualer i kirken er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2006 med tittel Ritualer i kirken. Utsendar var Ann Helene Bolstad Skjelbred.   Les mer …

<onlyinclude>
Sina (11) var ein flink «dyredoktor». Til venstre Kasberg Husa (bnr 7-17g). Huset til Karl Gudmundsen Husa bak (s 135).
NEG 75 Litt krøtermedisin er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1959 med tittel Litt krøtermedisin. Utsendar var Andreas Ropeid.<onlyinclude>

Sjå også

Eksterne lenker


NEG 37 Høgtidsmat – årsfestar er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1953 med tittel Høgtidsmat ved dei gamle årsfestane. Utsendar var Lily Weiser-Aall. Denne spørjelista har samanheng med og utfyller NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar frå 1953, NEG 32 Servering av smør frå 1951 og NEG 23 Bordskikk til hverdags frå 1950. I 2009 vart det sendt ut ei ny liste som dokumenterer korleis emnet hadde endra seg deg drøye hundreåret imellom, NEG 228 Store begivenheter - fest og markering.   Les mer …

Smørask fra Feios, Vik kommune.
Foto: Jan Magne Rinde
(2016)
NEG 32 Servering av smør er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1951 med tittel Servering av smør til hverdags og høgtid. Utsendarar var Lily Weiser-Aall og Rigmor Frimannslund. Denne spørjelista har samanheng med og utfyller NEG 39 Høgtidsmat – familiefestar frå 1953, NEG 37 Høgtidsmat – årsfestar frå 1953 og NEG 23 Bordskikk til hverdags frå 1950.   Les mer …

Servering av kaffe. Foto fra Kanstadsamlinga, ukjent sted og dato.
NEG 28 Drikk til maten til kvardags er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1950 med tittel Drikk til maten til kvardags. Utsendar var Lily Weiser-Aall.   Les mer …
 
Kategoriar for Arkivvesen


 
Andre artiklar