Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2 og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet. Foto: Widerøes Flyveselskap Kremmarholmen på Fedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1).
Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje. Les mer …
«Gneisenau» fotografert i 1939/40. Foto: Deutsches Bundesarchiv
Fjell festning (også Fjell fort, Batterie Fjell, Festung Sotra, MKB 11/504 Fjell eller Torden Felix) er et kystforsvarsanlegg på Sotra, Fjell i Øygarden kommune. Anlegget ligger på et høydeplatå over Fjell gard midt på øya. Anlegget ble bygget av den tyske okkupasjonsmakten under andre verdenskrig og tilhørte den tyske Kriegsmarine og inngikk i Atlanterhavsvollen. Festningen var bygget som et forsvar rundt hovedvåpenet, en trippel 28,3 cm kanon, plassert i et pansertårn med en maksimal rekkevidde på 37 km. Kanonen var opprinnelig en skipskanon fra slagkrysseren «Gneisenau», som hadde tre slike kanoner og disse ble demontert etter at skipet ble skadd etter britisk bombing i Kiel i februar 1942. Festningens hovedformål var å forsvare innseilingen til Bergen, nord og sør for Sotra. Bergen var en viktig by for okkupasjonsmakten, ikke minst på grunn av ubåtbunkeren i Laksevåg. Les mer …
Gamlehaugen ligger på en parkbehandlet høyde ved nordøstenden av Nordåsvannet på Paradis i Fana utenfor Bergen og er i dag en kongebolig. Eiendommen var opprinnelig et gårdsbruk som ble ødegård etter Svartedauden. Gården skal ha blitt ryddet på nytt som en del av Fjøsanger hovedgård i 1665. Gården gikk under navnet «Haugen» (Hauen, Hoen, Hågen) fram til den fikk navnet Gamlehaugen som skilte den fra den nyryddede gården Nyhaugen (mellom Gamlehaugen og Fjøsanger hovedgård).
I 1708 ble gården skyldsatt og matrikulert som egen gård, men ble betraktet som en plass under Fjøsanger hovedgård til den ble utskilt ved skiftet i 1809 etter Danckert Krohn (1726-1795) som døde barnløs. Krohn hadde kjøpt gården av sin svoger John Mariager i 1774.
Det var hans brordatter Marie Krohn som da overtok Gamlehaugen, og hennes nevø Albert Henrik Krohn overtok Nyhaugen og for øvrig også Lungegården. Jordveien ble drevet videre av husmenn eller forpaktere. På begge steder ble det oppført nye våningshus med midtark og avvalmet mansardtak og omgjort til lystgårder. På Gamlehaugen ble dette senere ombygd i sveitserstil. Også Nyhaugen ble ombygget før denne ble revet for å gi plass til ny bebyggelse.
Les mer …
Postkort med Haus og Mjeldalen sett frå vest. Foto: Fjellanger Widerøe VisKom AS, privat eige
Mjeldalen ligg på vestsida av innlandsøya Osterøy i Hordaland, ned mot tettstaden Haus, eller Hausvik, og Sørfjorden. Ein kjem til Mjeldalen ved å følgje E16 til Osterøyvegen over Osterøybrua til Kvisti, omlag 7 minutt med bil frå Arna, eller 15 minutt frå Vågsbotn. Forbi rasteplassen går vegen om Tirsåstunnelen til skilting mot Haus. Her, på toppen av Mjeldalen, ligg Ambogen (vegen er svinga som ein alboge), med oversyn over heile dalen. Dalen er ein typisk U-dal, som geologiske krefter har grave ut for lenge sidan. Elva renn gennom dalen og ut i Mjeldavatnet nederst i dalen, og vidare ut i Sørfjorden. Isen har forma dalen, og her er tre ulike morene-terrassar. Namnet Mjelde kjem av mjele, fin morenesand. Busetnaden går attende til dei eldste tider. Funn av ein flintsigd frå steinalderen tyder på at det har vore dyrka korn i dalen for omlag 4000 år sidan. Tidleg må garden Mjelde ha vorte delt i tre terrassar; Mjelde øvre, - midtre og -nedre, og dei var samla rundt kvart sitt tun (Øvstemjedla, Midtmjedla og Nedstemjedla). Mjeldalen er definert som LNF-område, og det har lenge vore byggestopp her. Les mer …
Bjørnestad krins i Hyllestad kommune inkluderte i 1861 gardane Bjørnestad, Rutle, Teige og Trausdalen. I 1864-1867 går Trausdalen i Ulvik krins, før garden går tilbake til Bjørnestad krins i 1867. I 1893 kom det ny krinsregulering, Seljevoll og Myklebust vart flytta frå Bordvik krins til Bjørnestad og Trausdalen vart på ny overført til Ulvik krins. Bjørnestad krins bestod av desse gardane frå 1893-1932: Seljevoll, Myklebust, Bjørnestad, Rutle og Teige. Den tida det var skule i bedehuset, var det todelt skule; småskulen og storskulen gjekk på skule annankvar dag.
Bestefar til Gunvor Risnes var lærar. Gunvor var eldste born på garden då bestefaren skulte, og ho syns det var svære greier når borna kom på garden for å bli undervist. Gunvor fekk lov å vere med så lenge ho sat stilt i ro. Les mer …
Ole Myklestad (1841-1918) frå Tysnes kommune i Sunnhordland.
Ole Torbjørnsen Myklestad (fødd 19. januar 1841 i Tysnes, død 1918 i Fana) var agronom og gardbrukar, men er best kjent som mannen som utrydda smaleskabben i Noreg og på Island.
Myklestad vart fødd på garden Myklestad i Uggdal i Tysnes kommune. Han var yngste son på garden. Av det som finst att av dokument etter han, tyder alt på at han må ha vore både driftig og føretaksam. Han vart elev ved jordbruksskulen i Kvinnherad, der han fekk tittelen ”Landbrugsseminarist”. Det finst mange attestar frå forskjellig hald etter han, og alle stader er det berre vellæta. Han vert omtala som ”et flittigt og agtværdig Menneske” med stor lærehug. Etter kvart vart han agronom, og garden han kjøpte i Fana, vart snart drive fram til eit mønsterbruk. Og slik kunne han ha enda sine dagar, som ein flittig og dyktig bonde om det ikkje hadde vore for smaleskabben som herja land og strand rundt. Les mer …
Bygdebokforfattar, lyrikar og omsetjar Johan Tufteland.
Johan Tufteland (fødd i Austevoll 28. mai 1913, død i Kvam i Hardanger 25. februar 1998) var fiskar, lærar, lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. Utdanninga hans var frå Stord lærarskule 1938-1942, Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (NTNU) 1949-1950, Sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden 1951-1952 og Universitetet i Oslo 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, i Kvam og på Kvitsøy. Tufteland skreiv både fag- og skjønnlitteratur. Han gav ut kultursoge og tre gards- og ættesoger for Austevoll kommune, tre diktsamlingar og ein roman. Dessutan skreiv han artiklar i aviser og tidsskrift. I tillegg gjendikta han til nynorsk dikt av den amerikanske lyrikaren Emely Dickinson. Fleire av Tufteland sine gjendikta salmar av mellom anna Nikolai Grundtvig er med i Norsk salmebok. Les mer …
MB «Rolf» blir sjøsett på våren. MB «Rolf» SF 220 A eller «Uragavlen», frå 1952 «Rolf» M 10 VA eller «Gråmerra». Den har desse opplysingane i Statens Fiskeriregister, Sogn og Fjordane, Askvoll 1932: Må = Motorbåt, åpen. Kf = Kystfiske. T = tre. 31 = Byggeår 1931. Lengd 39,3 fot, breidd 12.2 fot, djupte 5,3 fot. «Rolf» er i den handskrivne utgåva av fiskeriregisteret i Askvoll kommune innskriven som «hekksbygget dekksbåt», altså ein kutter. Det har sikkert vore rett i utgangspunktet, då den var under bygging som kutter i Hardanger i 1931. Båten er i Fiskeriregisteret oppgitt som Må = Motorbåt, åpen. Det tyder ikkje dekka, at der ikkje er dekk i heile båten. «Rolf» hadde dekk på fremste halvdel. På dekk var rorhus med bysse i bakkant og lugarkappe midt på dekk framom rorhuset. Motoren hadde plassering under rorhuset. «Rolf» hadde ein kraftig stamn og ein stor «svinerygg» som fungerte som rekke på fremste del av båten. Bak hadde båten «rull» i «dokker» driven av spakar, slik det var vanleg då båten vart bygd. Nota låg midt i og der var halvmeter breide gangvegar på begge sider. Dette var ein vanleg konstruksjon for «notgavlar» utover til 1940. Seinare vart det lagt dekk i dei største båtane. Les mer …
|