Faksimile fra Østlands-Posten 27. mai 1995: utsnitt av portrettintervju med Ruth Lagesen.
Ruth Lagesen (født 10. august 1914 i Bagn i Sør-Aurdal kommune i Valdres, død 7. april 2005 i Larvik) var pianist, orkesterleder og musikkpedagog, kjent som landets første kvinnelige orkesterdirigent. Les mer …
Magnhild og Erik Almhjell på bryllaupsdagen sin i 1948.
Fredag 25. oktober 1946 fyller Erik Almhjell 65 år. Han er fødd og oppvaksen på garden Almhjell i Sundalen. Mor hans var frå Torske og av ei sers musikalsk ætt. Berre 4 år gamall dreiv han og øvde seg på trekkspel, det var tungt so han laut ha det ståande på ein krakk. Då han var 13 år tok han til med fela. Broren Ola, som og ei tid var svær spelemann, lærte han gripa, og sjølv lærte han seg notar. Ungdomslaget på Aalvundeid tok seg ein tur over fjellet til Sundalen og kom ned ved Almhjell, då spela 13 åringen ein slått åt dei. Han har all si tid drive med hart produktivt arbeid, gardsarbeid, skogsarbeid, vegarbeid og anna. Det er berre i fristunderne han kan dyrke musikken. Ein må bli forundra når ein ser dei harde arbeidsfingrane glida leikande lett over felestreng[-] og tralla fram dei mjuke fine tonar. Les mer …
Carl Eliassen Tandstad (fødd 3. februar 1875 i Sykkylven, død 1938) var lærar, musikar og komponist frå Sykkylven. Han vart fødd i Johannesgarden på Tandstad, som son av Elias og Guri Tandstad. Carl E. Tandstad ville nytte dei rike evnene sine, og som ung reiste han til Volda der han gjennomførte mellomskulen. Volda-tida vart ei rik tid for han. Der fann han også kona si, Ida. Etter som åra gjekk, fekk dei ein stor barneflokk. I Volda kom han i lag med den vidgjetne spelemannen og komponisten Per Bolstad. Begge var, trass i unge år, framifrå felespelarar. Dei inspirerte kvarandre som musikarar og utvikla ein varm, livslang venskap. Les mer …
|