Forside:Odda

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Odda kommune»)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sund • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden
TIDLIGERE KOMMUNE: Jondal • Odda

Om Odda
1228 Odda komm.png
Odda kommune låg i Hordaland, og grensa til Ullensvang i nord, Vinje i aust, Suldal og Sauda i sør og Etne og Kvinnherad i vest. Kommunen vart oppretta i 1913, då Ullensvang vart delt i to. I 1964 var Røldal kommune innlemma i Odda. I 2016, i samband med Solberg-regjeringa sin kommunereform, vedtok kommunestyra i Odda, Ullensvang og Jondal å skipe ein ny kommune med namnet Ullensvang.

I Odda kommune var det tre tettstader: Administrasjonssenteret Odda, Skare og Tyssedal. Ein del av Hardangervidda nasjonalpark låg i Odda kommune.

Odda var ein industrikommune, med særlig vekt på jern- og metallindustri. Turisme var óg ein viktig næringsveg. Med meir enn 20% av kraftproduksjonen i Hordaland, var Odda ein viktig kraftkommune.   Les mer ...

 
Smakebitar
Claes Gill (til høyre) sammen med Erik Bye under et tv-program i 1962.
Foto: Johan Brun (Dagbladet)/Norsk Folkemuseum.
Claes Daniel Gill (født 13. oktober 1910 i nåværende Odda kommune, den gang del av Ullensvang kommune, død 11. juni 1973 i Oslo) var forfatter, skuespiller, instruktør og teatersjef. Etter en omstreifende tilværelse i yngre år, blant annet i USA, debuterte Gill som lyriker i 1939. Senere virket han som skuespiller og teatersjef, blant annet ved Rogaland teater. Etter tiden i Rogaland var Gill frilansskuespiller og -instruktør og var mye brukt som oppleser av norsk og utenlandsk poesi. Han var også oversetter av teaterstykker. 1962-1964 var han fast knyttet til Odense Teater. Gill spilte også i to filmer av Arne Skouen, Det brenner i natt (1955) og Herren og hans tjenere (1959).   Les mer …

Murboligen.
Foto: Dag Endre Opedal (2009)

Historia om Murboligen i Odda startar i 1913. Arkitekt Egill Reimers står bak bygget som hadde 44 leilegheiter då det var nytt. Forfattaren Frode Grytten brukar huset som ramme i romanen Bikubesong.

Då planane for Murboligen blei utarbeidd i 1913, var Odda inne i ein vekstperiode som kravde nye og raske løysingar på mange felt. Utvidingane på karbid- og cyanamidfabrikken frå 1912 skapte stadig nye arbeidsplassar og eit stort behov for permanente bustadar og gode familiehus. Opplysningar frå bedriftsarkivet til karbidfabrikken (Alby United Carbide Factory. Ltd), forløparen til Odda Smelteverk, viser at talet på tilsette auka frå 350 personar i 1910 til 795 personar i toppåret 1915. Ikkje rart Odda opplevde «byggeboom». Reimers har i alt teikna to kjende og karakteristiske bygg i Odda. Omkring 1920 fekk han oppdraget med å teikna Formennenes hus, no kjent som Formannshuset. Men dette blei først bygd i 1928 på grunn av dei vanskelege kriseåra tidleg på 20-talet.   Les mer …

Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida.
Foto: Dag Endre Opedal
(2009)

Porten inn til smelteverket i Odda var lukka for folk flest så lenge det var produksjon på verket. Her måtte alle arbeidarane passera og «stempla inn» før dei gjekk inn på fabrikken. Og her strøymde dei ut att når arbeidstida var over. Det var folk på arbeid både natt og dag og folk og bilar passerte ut og inn.

Pulsen i Odda sentrum blei ikkje den same etter at Odda Smelteverk AS stoppa for godt tidleg i mars 2003.   Les mer …

Studentene fra 1902
Foto: 1927

Guttorm Narum (født 17. juni 1881 i Gol, død 5. desember 1929) var ordfører i to kommuner, Vadsø og Odda, og seinere rådmann i Bodø og Bærum.

Han var sønn av gårdbrukerparet Ole Narum (1838–) og Margit f. Christensen (1847–1917). Etter Tønders middelskolekursus og middelskole-eksamen ved St. Hanshaugens skole i 1900 ble det høyere skolegang samme sted, til han tok eksamen artium ved Otto Anderssens skole i 1902. Han var huslærer på Helgøya før han begynte på universitetet, hvor han var ferdig cand.jur. i 1908. Han gjorde seg lite bemerket i livet rundt studiene, fortalte han selv.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 19. mars 1975: omtale av Torstein Dales bortgang.
Torstein Dale (født 8. mai 1907 i Dale i Bruvik, død 18. mars 1975) var lege og sanitetsoffiser. Han hadde en lang militær karriere, som ble avsluttet som generalmajor og sjef for Forsvarets sanitet. Han var fra 1966 til sin død president for Norges Røde Kors. Ved folketellingen for 1910 er Torstein Dale oppført sammen med foreldrene i Nydalen i Odda, som da lå i Ullensvang herred (utskilt som egen kommune i 1913). Faren er oppført som arbeider ved karbidfabrikken i Odda.   Les mer …

Hovlandshuset.
Foto: NVIM arkiv

Hovlandshuset i Odda har adressa Eitrheimsvegen 20. Dette er eit typisk hus for sveitserstilen i Odda sentrum. Det har listverk og pynt i kontrastfargar, og det merker seg ekstra godt ut med knekt hjørne og møne, - nesten som eit tårn, på det mest framtredande hjørnet. I dag (2022) finn vi Bjørg Frisørsalong bak hoveddøra her.

Eitrheimsvegen 20 er bygd i 1909 av ein privatperson og forretningsdrivande i Odda, Martin Hovland. Hovland og kona Barbro dreiv garveri. Eigedomen har gardsnr. 62, bruksnr. 3 i Ullensvang kommune. Alle hus som har gardsnr. 62, ligg på mark som har tilhøyrt garden Bakke.   Les mer …
 
Kategoriar for Odda


 
Andre artiklar