Arnoldus Koren, 85 år gammal. Etter målarstykke av Anna Nerdrum.
Arnoldus von Westen Sylow Koren (fødd i Bergen 22. juli 1764, død i Ullensvang 8. oktober 1854) var jurist, eidsvollsmann og stortingsmann. Lengste embetstenesta si hadde han som sorenskrivar i Hardanger og Voss. Han var også kjend som ein føregangsmann i landbruket, ikkje minst kva gjeld fruktdyrkinga i Hardanger.
I Riksforsamlinga på Eidsvoll var han ein konsekvent sjølvstendemann, og han vidareførde denne linja på omframstortinget hausten 1814. Av politiske motstandarar vart han framstilt nærmast som ein overivrig våsekopp, og også hans eigne vener kunne finne han meir enn nødvendig taletrengd. Dette har nok verka til å setje i skuggen Korens fortenester som politikar, embetsmann og gardbrukar. Og det har svekt ettertidas syn for hans heilskaplege samfunnsideal, prega framfor alt av moderne liberale og demokratiske haldningar. Han var kanskje den på Eidsvoll som tydelegast målbar tanken om eit konsekvent brot med det gamle samfunn, for å realisere den franske revolusjonens ideal om fridom, likskap og brorskap. Les mer …
Smelteverksporten markerte kontaktpunktet mellom byen og verket, mellom arbeidet og fritida. Foto: Dag Endre Opedal (2009)
Porten inn til smelteverket i Odda var lukka for folk flest så lenge det var produksjon på verket. Her måtte alle arbeidarane passera og «stempla inn» før dei gjekk inn på fabrikken. Og her strøymde dei ut att når arbeidstida var over. Det var folk på arbeid både natt og dag og folk og bilar passerte ut og inn.
Pulsen i Odda sentrum blei ikkje den same etter at Odda Smelteverk AS stoppa for godt tidleg i mars 2003. Les mer …
Familien Christiansen budde også i Folgefonngata nr 9 då huset var nesten heilt nytt. Foto: Arkiv NVIM.
Folgefonngata 9 i Odda er eit lite trehus i ein og ein halv etasje, bygd i 1907/08. Dette er ein av dei første arbeidarbustadane som blei bygd i Odda sentrum, og saman med Folgefonngata 11 og 13 tilhøyrer det Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i dag. Folgefonngata 9 er ein «formannsbolig» med to rom og kjøkken. Det er to leilegheiter i huset. Mange av dei andre husa i gata hadde leilegheiter med eitt rom og kjøkken og var for fagarbeidarar. I åra 1907 til 1914, før Murboligen kom, låg det slike bustadar på begge sider av Folgefonngata. Les mer …
Utsikt fra Torsnes mot Strandebarm på vestsiden av Hardangerfjorden. Foto: Elin Galtung Lihaug
Torsnes er et lite sted sør for Jondal i Jondal kommune i Hardanger ( Hordaland). Stedsnavnet antyder at det i tidligere tider var en helligdom for guden Tor på dette neset. Gården Torsnes har vært holdt innenfor samme slekt helt fra 1100-tallet og frem til i dag. Midt på 1600-tallet var godseieren på Torsnes, Lauritz Johansson Galte, en av de største godseierne i Hardanger. Skattemanntallet for 1647 viser at han i tillegg til Torsnes hadde 31 gårder eller gårdparter i Hardanger, 13 i Sunnhordland og 6 på Voss. Hans sønn, Lauritz Galtung, var admiral i den dansk-norske fellesflåte og senere lensherre over Lister len og bodde lite på Torsnes som voksen. Les mer …
|