Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Mal:Forside Samer
Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Foto: Olve Utne
Fuassko (bidumsámen; julevsámen Fuossko) jala Fuajjsko (bidumsámen)), vuonagielan Fauske, le stáđđa ja kommuvdna Sálton. Lä 9 634 (1.1.2011) vieso Fuosko kommuvnan. Fuosko kommuvna plássa lä Fuassko. Ietjá dáfo Fuosko kommuvnan lä Valnesfjord, Finnájjde ja Sulidälbmá.   Les mer …

Lexicon Lapponicum vart skrive av Erik Lindahl, Johan Öhrling og Johan Ihre og utgjeve første gongen i 1780. Språkforma i Lexicum Lapponicum er hovudsaklig umesamisk, men med trekk frå sørsamisk med si manglande stadieveksling på den eine sida og pitesamisk og lulesamisk med sine enklare kasusendelsar, og tildels òg ordforråd, på den andre. Rettskrivinga er, i motsetning til den tidligare etablerte rettskrivinga til Knud Leem,[1] sterkt prega av ei stilisering etter latinsk mønster, noko som fører til at teksten tildels kan vera vanskelig å lesa. Både det nordlige trekket stadieveksling og det sørlige trekket omlyd ser ut til å vera heilt fråverande.   Les mer …

Saltfjellet (bokmål/nynorsk) eller Sáltoduoddar (pitesamisk), òg skrive Sáltoduottar (nordsamisk) og Sálltoduottar (lulesamisk), er eit høgfjellsområde mellom Rana og Saltfjorden i Nordland fylke.   Les mer …

Israel Ruong (19031986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførlig skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Faglig sett arbeidde Ruong elles med ulike aspekt av samiske språk òg, og særlig med morfologien.   Les mer …

Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).   Les mer …

Lønsstua i mars 2010.
Foto: Olve Utne
Lønsstua er ei turisthytte med sjølvbetening på Lønsdal i Saltdal kommune i Salten. Hytta ligg kring 820 meter SSO for Lønsdal stasjon og 100 SO for Polarsirkelen høyfjellshotell. Hovudhytta vart bygd i 1985 og har 22 sengeplassar. Annekset vart bygd i 1999 og har åtte sengeplassar. Eigar av hytta er Bodø og Omegn Turistforening.   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur


 
Andre artiklar
 
  1. Leem, Knud: Lexicon Lapponicum bipartitum, Lapponico-Danico-Latinum & Danico-Latino-Lapponicum. Utg. Impensis Seminarii Lapponici Fridericiani. 1768. Digital versjonNettbiblioteket.