Forside:Pitesamisk historie og kultur

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved Stødi på Saltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Árran i juli 2009.
Foto: Olve Utne

Árran – julevsáme guovdásj / lulesamisk senter er eit senter for lulesamisk kultur på Drag i Tysfjord kommune i Salten/Ofoten. Senteret inneheld blant anna museum, språksenter og ein lulesamisk-språklig barnehage. (Barnehagen vart utskild som eiga verksamheit i 2018.) I tillegg har både sametingsadministrasjonen, NRK Sápmi, Nord Universitet og Statped kontor der.

Árran gjev ut eit populærvitskaplig tidsskrift om lulesamisk språk og kultur, Bårjås, som kjem ut med eit nummer i året. Språksenteret har vore involvert i produksjonen av det lulesamiske språkkurset Sámásta, og i tillegg er dei involvert i den planlagte utgjevinga av ei norsk–lulesamisk ordbok.   Les mer …

Nuorttasávllo på grensa mellom Saltdal og Arjeplog kommunar. Legg merke til den kamelaktige toppen.
Foto:  Lars Røed Hansen, april 2007.

Sávvlo (genitiv Sávlo) (lulesamisk form Sávllo, genitiv Sávlo) er eit pitesamisk ord for eit høgt, spisst fjell. I Saltdal og Arjeplog kommunar finn vi fleire stadnamn som inkluderer dette ordet:

  Les mer …

Nokre pitesamiske stadnamn kring Saltfjorden/Skjerstadfjorden.
Det finst ikkje noka fast normering av pitesamiske stadnamn enno. På kart frå kartverket har det tidligare vorte bruka hovudsaklig nordsamisk normering, og frå dei siste tiåra på 1900-talet i aukande grad lulesamisk normering. På same kartbladet kan vi ofte finne desse to normeringsmåtane rett attmed kvarandre — på Det store Saltfjellkartet (2008) finn vi for eksempel Vaššavárri (nordsamisk) og Vássjatjåhkkå (lulesamisk) side om side. Det pitesamiske namnet som ligg til grunn for det norske tettstadsnamnet Sulitjelma er Sulisjælbmá eller Sulidælbmá. På mange kart er den nordsamiske normeringa Sulečielbma bruka. På andre kart att er den lulesamiske forma som Fauske kommune har valt, Sulisjielmmá, bruka. I dag ligg normeringa av samiske stadnamn i Salten, inkludert det pitesamiske området i Sør-Salten, under Sametinget, som har valt å bruke lulesamisk normering. Trass i at lulesamisk og pitesamisk er nærme i slekt med kvarandre, er det òg vesentlige ulikheiter. Medan lulesamisk i hovudsak behandlar l’m som [ləm], skrive som lmm, har pitesamisk eit mindre utbygd glidevokalsystem og får oftare inn ein dissimilerande plosiv ved nasalforlenging: ləb̥m eller lb̥m, gjerne skrive som lbm. I vokalsystemet har pitesamisk hyppig ua/uæ og æ i ordformer med sterkt stadium der lulesamisk har oa og ie, og i tillegg mykje bruk av å der lulesamisk har oa.   Les mer …

Israel Ruong (1903–1986) var ein pitesamisk språkforskar, politikar og professor i samisk språk og kultur ved Uppsala universitet. Israel Ruong vart fødd i Arjeplog i 1903. Foreldra var kateketar og bufaste i Harrok ved innsjøen Labbas. Foreldra og fleire sysken omkom i spanskesjuka som ramma Arjeplog i 1920. Oppveksten i Harrok blir utførlig skildra i artikkelen «Harrok : ett samiskt nybygge i Pite Lappmark», som er utgjeven i Kultur på karrig jord : festskrift til Asbjørn Nesheim. Han tok lærarutdaning i Luleå og arbeidde som lærar ved Nomadskolan i Jukkasjärvi. Faglig sett arbeidde Ruong elles med ulike aspekt av samiske språk òg, og særlig med morfologien.   Les mer …

Lønsstua i mars 2010.
Foto: Olve Utne
Lønsstua er ei turisthytte med sjølvbetening på Lønsdal i Saltdal kommune i Salten. Hytta ligg kring 820 meter SSO for Lønsdal stasjon og 100 SO for Polarsirkelen høyfjellshotell. Hovudhytta vart bygd i 1985 og har 22 sengeplassar. Annekset vart bygd i 1999 og har åtte sengeplassar. Eigar av hytta er Bodø og Omegn Turistforening.   Les mer …

Vaktarboligane på Semska.
Foto: Olve Utne (2010)
Semska stasjon, tidligare Saltfjell stasjon, er ein tidligare jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjon på Nordlandsbanen. Stasjonen ligg på Semska (pitesamisk Sæmmsá, ‘våtmark’) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonsbygninga er riven i dag, men dei tre vaktarboligane står enno og er i privat eige. Stasjonen grensar til Semska–Stødi naturreservat (på austsida av jarnbanesporet) og den tidligare Krokelva fangeleir (kring 300 meter nordafor stasjonen).   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur


 
Andre artiklar