Lokalhistoriewiki:Hovedside

Mal:Månedens dugnad 2026-11

Nytt på Lokalhistoriewiki

Se også på Lokalhistoriewiki

Mal:Bildespørsmål 2026-48


Smakebiter fra artiklene

Øvre Skarpmoen. Dette er truleg det eldste tunet på Skarpmo-eiga. Biletet er teke av Narve Skarpmoen ein gong rundt 1905.
Skarpmoen er ein matrikkelgard i Rollag, gardsnummer 47, som strekkjer seg frå Numedalslågen i vest og austover til grensa mot Sigdal. Gardsnamnet er forklart slik: «Første Led sigter til Jordbundens Magerhed: her er haard og skarp Mark.» Det er funne fleire gjenstandar på Skarpmo-eiga som vitnar om menneskeleg aktivitet her i lang tid attende. For lang tid sidan vart det funne ei flintøks utan skafthol og eit par bronsespenner på eit av jorda. Desse gjenstandane veit ein ikkje kor er i dag. Universitetets oldsakssamling har ein spjutspiss med mothakar frå eldre jarnalder som er funnen på Skarpmoen.   Les mer …

Kultran sumaren 2004.
Foto: Tor Hallvard Mosdøl

Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.

Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».

Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.

Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der.   Les mer …

Staben i 2017. Fra venstre: Jens Erik Kjelstad, Trygve Ramnefjell, Olav Birketveit, Linn T. Sunne, Øystein Stabell, Silje Grøtan Torp, Kari Anita Johansen, Cecilie Lønnum, Karin Heimdal og Tone Nyseter. Foran sitter Turid Skundberg Syversen.
Foto: Drengestua kafé

Oppland fylkesbibliotek ble oppretta i 1947, som Oppland sentralbibliotek. Siden starten har biblioteket vært samlokalisert med Gjøvik bibliotek, og de to bibliotekene hadde felles sjef til 1999. Seinere har det vært to separate organisasjoner, med hver sin ledelse. Fylkesbiblioteket har siden 1980 holdt til i en sidefløy til Gjøvik rådhus, på adressa Kauffeldts plass 1. Pr. 2017 har biblioteket 9,1 årsverk fordelt på 10 ansatte, leda av Tone Nyseter, som har vært fylkesbiblioteksjef siden 2014.

Fylkesbiblioteket er hjemla i Lov om folkebibliotek og yter bibliotekfaglig veiledning og assistanse til folke- og skolebibliotekene i Oppland. Samtidig skal det gi råd til lokale myndigheter og bibliotekeiere. Fylkesbiblioteket arrangerer kurs og møter om bibliotekspørsmål og sørger for samordning og sambruk av boksamlinger som fjernlånsvirksomheten i fylket og organisering av det lokale lånesamarbeidet. I tillegg har fylkesbiblioteket driftsansvar for bokbussen.   Les mer …

Ukas artikkel

Lokalhistoriewiki:Hovedside/Ukas artikkel 2026-48

Ukas bilde

Mal:Utvalgt bilde 2026-48

Om lokalhistoriewiki.no

Lokalhistoriewiki drives av Norsk lokalhistorisk institutt (NLI) ved Nasjonalbiblioteket. Wikien har over 2 millioner besøk i året og akkurat nå 73 428 artikler og 210 431 bilder. Om du vil bidra med å skrive, redigere eller laste opp bilder, er det bare å registrere seg som bruker! Hvis du trenger starthjelp, kan du ta en titt på hjelpesidene våre. Og om du ikke finner ut av ting, ta gjerne direkte kontakt med oss på NLI. Les mer...

NB-logo-no-farge liten.png