Nils Grotnes ca. 1950. Foto: Ukjent Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for framhaldsskulen i Sel i Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945. Les mer …
Lekas kommunevåpen, i rødt en gull vinget ørneklo, viser til ørnerovet.
Ørnerovet på Leka er et av våre yngste rovdyrsagn. I 1932 forsvant tre og et halvt år gamle Solveig Hartvigsen (1929–2010) fra familiens hage. Hun ble funnet i god behold på et fjell, og det ble konkludert med at en havørn måtte ha tatt henne. Selv om enkelte omtaler av saken framstiller det som om Hartvigsen hele livet hevda at historien var sann, påpekte hun selv at hun ikke huska det som skjedde. Ornitologer mener at det er umulig for en havørn å bære et såpass tungt barn, men allikevel framstilles sagnet som en realitet. Lekas kommunevåpen er inspirert av ørnerovet. Les mer …
Guro Heddelid er ein sagnfigur frå middelalderen. Hun kom frå storgarden Heddelid i Grunningsdalen i Seljord. Grunningsdalen går rett over fjellet frå Seljord til Sauland, mellom Lifjell i sør og Mælefjell i nord. Det heiter seg at garden Heddeli låg innerst i Grunningsdalen, men blei tatt av ras. Ein kan sjå at det ein gong har gått eit stort ras i området, men ingen veit heilt sikkert kor garden har lege.
Guro var ei stolt, sterk og vakker kvinne som det gjekk gjetord om. Til Heddelid kom kjempekarar og friarar for å kjempe om henner gunst. Det skal ha vore mange kampar i Grunningsdalen for Guro si skuld. Det er fleire bygdeviser om Guro Heddelid. Den mest kjente er nok «Guro rid til ottesong». Les mer …
Frøyrak ”der heime”, garden til Olav Frøyrak. Fotografiet er teke frå Sikkom, odden der Skjørings grav var, og der Spelemannssteinen er – Frøyrak var på 1800-talet eit musikalsk senter i Setesdal. Olav Frøyrak (fødd 1918 på Frøyrak i Bygland, død 2006) var gardbrukar på Frøyrak. Tormod Tveitå har skreve ned nokre soger etter det han kallar "ein sogeforteljar i vår tid":
Olav vart fødd på Frøyrak i 1918. Som einaste sonen på bruket ”der heime” var på mange måtar lagnaden fastsett: Han skulle bli på Frøyrak og drive garden. Ikkje slik at eg trur han hadde noko mot denne lagnaden. Men der kom ikkje mange ungjenter til ein veglaus gard på vestsida av fjorden, og som mange andre har opplevd: Ein finn seg sjeldan gifte i skyttarlag og på skogeigarlagsmøte. Så Olav vart aldri gift. Men han var den staselegaste gamalungkaren eg nokon gong har møtt: Høgvaksen, kraftig og med ei kroppshaldning som ein ungdom heilt til det siste – og han var 88 år då han døydde i 2006.
Eg var aldri innom Olav og systera Berit utan at det vart tala om gamalt. Eg nemnde det ikkje, men straks eg kom heim sette eg meg ned med papir og blyant og skreiv det eg hadde høyrd. Kvar gong hadde eg høyrd noko nytt gamalt. Ei soge høyrde eg to gonger (Bjønnane under Hesteberga), men då eg skulle samanlikne dei to versjonane så var dei ord for ord mest identiske. Dei små forskjellane som var, var nok mi skyld. Les mer …
Foto: Britt Kjellesvik Rage
Kristnebleie var ein mykje brukt dåpsskikk på Vestlandet med å leggja ein brodert duk over brystet på dåpsbarnet når ein heldt det fram til døypefonten. Kristnebleien var dekorert med forskjellige symbol som skulle halda vonde maktar ute. Det er ei smal, avstiva smekke utan knyteband, som berre var meint å leggja oppå barnet, frå halsen til føtene. Smekken var utbreidd særleg på Vestlandet, frå Vest-Agder og langs kysten til Sogn og Fjordane. Det finst også nokre få døme på dåpssmekker frå Telemark og Aust-Agder, men desse er av ein mindre type. Brystduken har gått under forskjellige namn og har gjerne hatt ein ulik form, alt etter dei ulike landsdelane. På Vestlandet har ein gjerne nytta omgrepet «kristnaduk», mens ein i Agder har brukt termen «smykke». Men som oftast har ein kalla denne brystduken for «bleie» eller «kristnebleie», truleg eit namn som har vorte overført frå ein tidlegare type plagg, det kvite dåpslakenet som vart kalla bløye eller bleie. Kristnebleien må difor vera av yngre type enn dåpslakenet. Les mer …
Trolldomsprosessane i Europa frå 1420-åra til kring 1750, i nyare tid òg kjent som hekseprosessane eller heksejakta, var ei organisert jakt på personar ein meinte var trolldomskunnige. Trolldomsprosessane fann hovudsakleg stad i protestantiske område, men var òg vanleg i Frankrike og Polen. I katolske kjerneområde som Spania, Portugal og Italia vart ein liknande funksjon utført av Inkvisisjonen. Dei fleste av dei dømte i prosessane i Noreg var kvinner og har frå 1700-talet av — etter at trolldomsprosesstida var over — gjerne vorte kalla hekser. Totalt vart omkring 50 menn og 250 kvinner dømte til døden i Noreg; totalt er det dokumentert at 307 personar vart avretta. Eit unntak frå hovudregelen elles i Nord-Europa var Island, der berre menn vart dømte for trolldom. Blant samane var det òg fleire menn enn kvinner som vart skulda. Den første norske saka kom i 1570-åra, og den siste avrettinga fann stad i 1695. Dei fleste avrettingane i Noreg vart utførte ved brenning på bål. Brenninga vart sett som ei rensing av den dømte. Les mer …
|