Sauland bygdekvinnelag stilte opp til forklefotografering. Mange av forkleda som er omtala i artikkelen ser vi her. Modellane er frå venstre: Aslaug Mosebø, Bjørg Aamaas, Elsa Slaattun, Liv Tinnes Mork og Ragnhild Bekkhus. Foto: Leif Skoje / Hjartdal historielag Forkledas historie
Det ser ut til at forkledet har hørt med til kvinnekleda langt tilbake i tida. Få klesplagg er laga av så mange ulike materialer og fargar, og har så mange forskjellige utformingar, som forkledet. Sjølve hensikten med forkledet var at det skulle verne kleda, men er og var også bruka som pynt, f.eks. forkledet til bunadene våre.
Forkledet har vore bruka både i kvardag og fest. Hadde forkleda kunne fortalt om alt dei hadde vore med på, ville det blitt utallige historiar. Forkleda eg skriv om er del av ei samling på over 50 som eg har tatt vare på. Dei er velbruka av mor, født i 1901, av svigermor født i 1901, og av to tanter til mannen min, født i 1885 og 1889. Les mer …
Smettvevteknikken er ein gamal vevteknikk som held på å verte borte ettersom det er så få som praktiserar han no. Fjærland i Sogn var kanskje den plassen som i ei periode vov mest smettvev. Anne Britt Lotsberg (opprinneleg frå Fjærland) er ein av dei få som held tradisjonen oppe. Bortsett frå omreisande vevarar (Flamsvevinga) og i laugssystemet har veving stort sett vore kvinnene sitt arbeid. Det var særleg naudsynt attende i det sjølvforsynte bondesamfunnet å skaffe seg det meste sjølv. Og det var kvinnene som var ansvarlege for tekstilane.
Etter kvart som ein kunne få det ein trong utanfrå, vart bruken av til dømes dei vovne gjenstandane endra. Slik var det med åkle som hadde vore nyttige som sengjeteppe og som «isolasjon» på veggen – no vart dei nytta meir til «pynt». Det synte seg at i Sogn greidde dei ein periode å få i stand ei ganske stor næring innan åkleveving. Det var i Fjærland (og til dels Jølster og Balestrand) dette fann stad. Les mer …
Kvinner frå Tysnes i Sunnhordland med svarthuve. Biletet er teke ca. 1920- eller 1930-åra. Gyri Vevatne (1856-1936) og søstera Anna (1860-1937).
Svarthuve, også kalla Tysnes-huve, var eit hovudplagg for kvinner som var mykje nytta på Tysnes i Sunnhordland på 1800-talet og fram til ca. 1930-åra. Huva vart brukt til kvardags og helg. Huvene var laga av ulltøy, klede eller vadmål, og fôra med lerret, ullflanell eller anna stoff. Til stor stas kunne det vera fløyelshuver.
Huva er sett saman av eit nesten rundt bakstykke og eit fasongskore framstykke. Breidde bak kunne vera frå omlag 26 til 36 cm. Fram- og bakstykket er sydd saman med maskin, eller med atterstyng for hand på dei eldste huvene. Sårkanten er synleg inni huva. Huva er kanta nede med eit smalt band, som også er løpegang for snor til å regulera vidda på huva. Les mer …
Olivia Dalen, Hol i Hallingdal, viser hvordan et mangletre ble brukt. Foto: Bergliot Sinding, 1962. Mangletre eller manglebrett er et redskap som i det gamle bondesamfunnet ble brukt til å glatte lintøy. Man rullet det fuktige lintøyet stramt rundt en rund og glatt stokk, og gned det med mangletreet. De er kjent i Norge fra 1600-tallet, og kom først til byene. Mangletreet gikk etterhvert ut av bruk da klesruller (opprinnelig «manglekasser») og strykejern ble vanlige i løpet av 1800-tallet.
Mangletrær er som regel laget av tre, dekorert med treskurd. Noen er også rosemalt, noe som ble skikk fra andre halvdel av 1700-tallet. Ifølge Noss har visstnok de eldste trærne ikke håndtak. Senere ble det vanlig med bøylehåndtak, noen få med utskårede figurer. På 1700-tallet ble det vanlig at håndtaket fikk form av en hest, men også andre dyr kunne bli brukt. Les mer …
|