Nokre pitesamiske stadnamn kring Saltfjorden/Skjerstadfjorden.
Det finst ikkje noka fast normering av pitesamiske stadnamn enno. På kart frå kartverket har det tidligare vorte bruka hovudsaklig nordsamisk normering, og frå dei siste tiåra på 1900-talet i aukande grad lulesamisk normering. På same kartbladet kan vi ofte finne desse to normeringsmåtane rett attmed kvarandre — på Det store Saltfjellkartet (2008) finn vi for eksempel Vaššavárri ( nordsamisk) og Vássjatjåhkkå ( lulesamisk) side om side. Det pitesamiske namnet som ligg til grunn for det norske tettstadsnamnet Sulitjelma er Sulisjælbmá eller Sulidælbmá. På mange kart er den nordsamiske normeringa Sulečielbma bruka. På andre kart att er den lulesamiske forma som Fauske kommune har valt, Sulisjielmmá, bruka. I dag ligg normeringa av samiske stadnamn i Salten, inkludert det pitesamiske området i Sør-Salten, under Sametinget, som har valt å bruke lulesamisk normering. Trass i at lulesamisk og pitesamisk er nærme i slekt med kvarandre, er det òg vesentlige ulikheiter. Medan lulesamisk i hovudsak behandlar l’m som [ləm], skrive som lmm, har pitesamisk eit mindre utbygd glidevokalsystem og får oftare inn ein dissimilerande plosiv ved nasalforlenging: ləb̥m eller lb̥m, gjerne skrive som lbm. I vokalsystemet har pitesamisk hyppig ua/ uæ og æ i ordformer med sterkt stadium der lulesamisk har oa og ie, og i tillegg mykje bruk av å der lulesamisk har oa. Les mer …
Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk. Foto: Olve Utne
Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk. Les mer …
Målparagrafen var paragrafen i folkeskulelovene som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i undervisninga. Hovudprinsippa gjeld framleis og er i dag ein del av opplæringslova. Lovendringa som Stortinget vedtok i 1892, var ei konkretisering av jamstellingsvedtaket frå 1885, og det var eit avgjerande vedtak når det galdt å gjera nynorsk til offisielt jamstelt skriftspråk og bruksspråk i det norske samfunnet. Målrørsla hadde sidan 1870-åra arbeidd for at det skulle bli mogleg å bruka nynorsk (landsmål) i skulen. Eit fyrste steg var vedtaket i 1878 om at "Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal." Etter dette måtte læraren retta seg etter dialekten til elevane. Jamstellingsvedtaket i 1885 gjorde i prinsippet nynorsk til offisielt språk i skule- og styringsverket. Det vart opp til Johan Sverdrups skulekommisjon (nedsett november 1885) som skulle utarbeida nye folkeskulelover, å implementera dette i lovverket. Det nynorskvenlege fleirtalet i kommisjonen kom med eit framlegg til målparagraf, men då folkeskulelovene vart vedtekne i juni 1889, gjorde fråfallet i Venstre at framlegget ikkje fekk fleirtal. Etter Venstre sin valsiger i 1891 tok partiet opp att saka. Les mer …
|