Halvor Haavelmo (født 25. november 1886 på Gol, død 16. august 1967 i Skedsmo) var lærer, lokalpolitiker og lokalhistoriker i Skedsmo på Romerike. Han er særlig kjent for bygdebøkene om Skedsmo, og som lærer brant han spesielt for skolehagene. Haavelmo var opprinnelig Venstre-mann, men ble av okkupasjonsstyret utpekt til Skedsmo-ordfører under andre verdenskrig, etter å ha sittet nærmere 30 år i herredsstyret. Økonomen Trygve Haavelmo (1911-99) var sønnen hans. Les mer …
Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling. (2018)
Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.
Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar. Les mer …
Holla Meieri (huset lengst til venstre) sett frå ein av båtane i Telemarkskanalen. Foto: Ukjendt / Nasjonalbiblioteket.
Holla Meieri vart anlagt som eit aksjeselskap av bøndene på Holla i 1896. Meieriet låg på Ulefoss i gamle Holla kommune i Telemark.
Holla Meieri låg like ved brygga ved Telemarkskanalen på Ulefoss. Meieriet hadde 150 leverandørar og mottok i 1939 1,5 millionar kilo mjølk. Mjølka vart distribuert gjennom tre utsalsstader på Ulefoss, samt ved hjelp av meieriets mjølkebil. I tillegg produserte meieriet smør og ost som også vart solgt andre stader i Telemark. I 1939 vart det produsert 45 000 kg smør og 35 000 kg ulike ostar. Les mer …
|