Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.
Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.
Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag. Les mer …
Jostedal kyrkje, som sto ferdig i 1660. Tøger Jensson var ansvarleg for bygginga. Tøger Jensson (òg kalla Tøger/Thøgger Jensen/Jenssøn) (fødd kring 1614 og død kring 1710) var sokneprest i Jostedal prestegjeld frå 1652 til 1703.Tøger vart cand.theol. 11. juni 1642 og skreiv seg då "Theocarius Ioannis Breonius". 'Breonius' kan vere ei latinisering av Breum, som var i vanleg bruk som namn på Jostedal prestegard fram til 1800-talet. Han nytta alltid Jensen som etternamn, og den einaste kjende Jens på prestegarden i Jostedalen frå den tida Tøger var fødd, er presten Jens Jonasson. Han var den fyrste kjende presten i Jostedalen etter nyryddinga og er nemnd som prest i 1604.I åra 1653-1669 var Tøger Jensson kyrkjeombodsmann i Jostedalen. Det var truleg han som tok initiativet til ei synfaring i januar 1656 som slo fast at Jostedal kyrkje var til nedfalls og at ei ny måtte byggjast. Tøger tok på seg ansvaret for bygginga, og 2. oktober 1660 var det ny synfaring der den nye kyrkja vart vurdert og taksert. Tøger hadde lagt ut for bygginga, og synfaringsdokumentet slo fast at han skulle få utbetalt kostnaden som vart taksert til 216 riksdalar. Les mer …
Haldo Rasmusen Mærk (født ca. 1651, død 1717 - begravet 15.8.1717) var gårdbruker. Han hadde søndre del av Mærk i Rennebu. I bygdeboka, på side 126, bind I, står følgende: "I 1721 vart Rasmus Holdosen Mærk innstemna av lensmann Erik Mærk fordi han hadde trengt seg inn på enga hans innagjerds. Lagretten fann at innmarka var svært oppstykka og blande om kvarandre. Både den dåverande eigaren og den førre eigaren av den sørlege gardparten hadde ved pløyinga si "indgrebet og fornærmed" eigaren av den nordre grunn".
På side 128 står følgende: "Mærk vart delt først på 1600-tallet, og i vel 100 år framover var det 2 gardar i grenda". I 1730-åra kjøpte lensmann Mærk også den søndre del, og gården ble dermed samlet igjen. Les mer …
Fort Dansborg i den tidligere kolonien Tranquebar. Foto: Esben Agersnap
Tharangambadi ( tamil தரங்கம்பாடி), oftest skrevet Tranquebar i eldre og Trankebar i nyere skandinavisk sammenheng, er en by og tidligere dansk–norsk koloni omkring 300 kilometer sør for Chennai i Tamil Nadu i Sør-India. Den norske (eller rettere dansk-norske) historien startet i 1616, da Christian IV ga det nyopprettede Dansk Ostindisk Kompani enerett på handel mellom Asia og Danmark-Norge. Den skånskfødte adelsmannen Ove Gjedde ble sendt av sted i 1618 på oppdrag fra kongen for å opprette handelsforbindelser med India. Det lyktes ikke som først planlagt på Sri Lanka, men etter harde forhandlinger med herskeren i Tanjore fikk man en liten handelskoloni i fiskerlandsbyen Trankebar. Den ble opprettet i 1620. Les mer …
|