Forside:Bokbinding

Om Bokbinding
Bokbinding   Les mer ...
 
Smakebiter
Artikkelen om Gullik Sveinsson Teigstol og ætti og ættlingane hans er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1954.

Straks sør for Løkje hotell i Kvåle skulekrins i Vestre Slidre ligg garden Teigstol. Frå gardstunet er det so fint eit utsyn over Slidrefjorden med skogkledde øyar og nes og fagre grender i kring. Lengst borte ris Ålfjell og Olberg til vers, den siste med varde på toppen. Han vart kveikt om fienden våga seg inn i landet. Sjeldan ser du fagrare syn enn Vestre Slidre i stille og sol. Det er ikkje underleg om det her i Slidre er fostra kunstnarar.

I felespel har Vestre Slidre hatt mange gjæve kunstmenn. Ein av dei merkelegaste var Gullik Sveinsson Teigstol. Han var fødd 10. mai 1807 og døydde 16. januar 1881. Kona hans var Sigrid Olsdotter, fødd Berge i Vestre Slidre den 26. januar 1819 og døydde 22. april 1885.

Gullik vart tidleg ein meisterleg god felespelar. Han hadde lært tå storspelaren Jørn Nilsson Hilme. Og so spelte han mykje saman med Knut Røn, som var tå Rengistad. Dei var båe saman hjå Jørn Hilme i Ulnes i Nord-Aurdal, og han var jamt hjå dei i Vestre Slidre. Spelmann Jørgen Jørgensen Ringestad fortel soleis om Gullik Teigstol:

«Han far, spelmann Jørgen Ivarson Ringestad, tala om at Jørn Hilme hadde ein lått han kalla Spelmannsprøva. Dersom ein spelmann ikkje vonleg lærde han, vilde han ikkje ha noko med han. Men Teigstolen og Knut Røn lærde fort Spelmannsprøva. Ein gong sat både Lars Krøsshaug, Gullik Teigstol og Knut Røn oppå Rengistad og let på fele. Då det leid ut i kveldingi, gjekk dei ned i Teigstolen og stelte seg til å låte der. Om litt kom det inn ein kar til dei, og då dei såg vel på han, var det Jørn Hilme. Då vart det slutt med felelætet, og det bar til å tala med karane. Til slutt gav dei Jørn Hilme ei fele og bad han låte. Men det var ikkje større han vilde lata seg til. Han tala då om at han kom nordan fjellet i frå (d. e. frå Vestlandet). Fela si hadde han sett att under Teigstollåven. Karane truga han då til å gå etter henne, og då han kom inn att, kan du tru det vart spel! Dei hine fann til felone sine og freista lære av meisteren. Heile natti heldt dei på og langt ut på hin dagen. Då var det at Krøsshaugen la fela si på bordet og tok soleis til ords mynnta på Jørn Hilme:

«Fingadn e kji bere på de enn på uss, men bøgin ha styggen gjeve de!»   Les mer …

Marie Wexelsen
Jeg er så glad hver julekveld er ein julesong. Teksta er skrivi av Marie Wexelsen (1832–1911) og kom ut i 1859, i boka Ketil, en Julegave for de Smaa. I Wexelsenfamilien finst det ein melodi denne songen vart sungen på, men melodien som har festa seg til teksta, er det Peder Knudsen som har skrivi. Han var husmannsson frå Vågå og vart organist i Ålesund. Melodien var kjend og brukt i Ålesund så tidleg som i 1862, men så seint som i 1898 står songen oppført med ein annan melodi i Seips visebok. Det har danna seg ein myte om korleis Marie og Peder møtte einannan. Dette er truleg ikkje anna enn ei søt historie. Det er ikkje noko som tyder på at Marie nokon gong var i Ålesund, eller at ho og Peder hadde kontakt. Men teksta til Marie og melodien til Peder har smelta saman til eit heile.   Les mer …

Rikard Berge, frå boka Ljos over Telemark.
Foto: Ukjend

Rikard Berge (fødd 7. november 1881 i Rauland, død 26. september 1969 i Skien) var konservator, folkeminnesamlar og bygdebokforfattar. Han gjorde eit stort arbeid med å samle folkeminne, særleg frå Telemark, og la mykje av grunnlaget for seinare kulturhistorisk arbeid.Rikard Berge voks opp hos morfaren Rikard A. Berge (1815–1902), som han hadde namnet sitt etter. Etter å ha teke lærarprøva var han skulemeister ei tid. Sjølv om han ikkje tok examen artium følgde han førelesingar hos Moltke MoeDet Kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. Han var òg i København og fekk råd frå Axel Olrik.

I 1908 gifta han seg med Johanna Bugge. Faren hennar, professor Sophus Bugge, døydde året før. Berge fekk då tilgang til oppskriftene etter Bugge, mellom anna kring 1200 balladeoppskrifter. Berge og kona kom i konflikt med universitetet om retten til desse manuskripta. Universitetet meinte å ha rett på dei, medan ervingane meinte at det var deira eigedom. Berge tapte i retten. I åre som følgde var det strid mellom Berge på den eine sida, og først Moltke Moe og så Knut Liestøl på den andre. Liestøl skipa i 1914 Norsk folkeminnesamling, og var tilhengar av eit sentralinstitutt for folkeminne for heile landet. Berge var ueinig, og ville ha samlingar på musea rundt i landet, og eit samarbeid mellom lokale einingar og eit sentralt organ. Særleg i artikkelen «Decentralisation» frå 1920 var Berge kvass i ordbruken i denne strida.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 14. februar 1987: utsnitt av omtale av Marie Foss ved hennes 80-årsdag.

Marie Foss (født 14. februar 1907 i Vejle, Danmark, død 27. februar 1993) var musikkpedagog, fiolinist og kordirigent. Etter å ha giftet seg med en nordmann flyttet hun til Norge på slutten av 1930-tallet. I 1947 ble hun ansatt som kordirigent i NRK, hvor hun ble helt til 1985, hovedsakelig som leder for NRKs Jentekor.Marie Foss var født og oppvokst i Danmark. Hun var utdannet fra Det kongelige danske Musikkonservatorium 1924-1927 med fiolin som hovedinstrument, og en tid underviste hun ved København Drengekorps Musikskole. 1936–1938 var hun ansatt ved København Musikkonservatorium og Folkemusikkskole. Hun giftet seg med nordmannen Daniel Foss i 1933, og i 1938 flyttet hun til Norge, hvor hun hadde sitt virke resten av livet.

Marie Foss begynte sin karriere i Norge med å undervise ved Robert Rieflings klaverinstitutt. I 1947, på initiativ fra Lauritz Johnson, startet hun NRKs Jentekor. Hun forble i NRK resten av yrkeskarrieren.

Under Foss' strenge ledelse utviklet NRKs Jentekor seg til å bli av høy kvalitet, både nasjonalt og internasjonalt. I 1972 startet hun også en ungdomsgruppe, det senere NRKs Studiekor. Tre ganger fikk dette koret BBCs Silver Rose Bowl i konkurransen Let the people sing.

  Les mer …

Inngangen til Folkemusikkarkivets kontorer
Foto: Siri Johannessen

Agder Folkemusikkarkiv vart etablert i 1998 og ligg på Rysstad i Valle kommune. Arkivet er for Agder fylke og er samlokalisert med Setesdalsmuseet og har i tillegg til arkiv og administrative rom eit lytte- og studierom for publikum. Den daglege leiaren er Harald B. Knutsen. For å leve opp til måla og retningslinene søkjer arkivet å kome i kontakt med dei som har gamalt eller nytt materiale som kan bli kopiert og på den måten verte bevart for ettertida.

Agder Folkemusikkarkiv har eit frittståande styre på tre medlemmer som er oppnemnde av fylkesrådmennene i Aust- og Vest-Agder. I åra 2006 - 2010 var kultursjefen i Aust-Agder, Per Norstrøm, leiar medan dei to andre medlemmane var Anne Tone Hageland (fylkeskultursjef i Vest-Agder) og Leiv Solberg (ansvarleg for folkemusikktimen i NRK, tidlegare leiar for Arendal kulturhus).   Les mer …

Egges grav på Vår Frelsers gravlund.
Foto: Chris Nyborg
Klaus Egge (født 19. juli 1906Klokkergården i Gransherad, død 7. mars 1979 i Oslo) var komponist, musikkpedagog og anmelder av musikk i Arbeiderbladet. Foreldrene til Klaus Egge het Rasmus Klausson Egge og Rakel Iversen. Han var fra Egge i Breim; hun var fra Langesund. Rasmus Klausson Egge var målmann og lærer i Porsgrunn. Da Klaus ble født, bodde foreldrene i Gransherad, for mora var sykelig og trengte frisk luft. Rasmus Klausson Egge var kirkesanger under oppholdet i Gransherad. Etter et par år flyttet familien tilbake til Porsgrunn, der foreldrene bodde livet ut. De bodde først i St. Hansåsen og deretter i Lilleåsveien 4. Der vokste Klaus Egge opp. Flere hardingfelespillere vanket hos familien Egge, noe som må ha inspirert Klaus siden i livet.   Les mer …
 
Kategorier for Bokbinding


 
Andre artikler