Her vert «Nilfisk» sjøsett. (1974)
MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk.
«Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.
Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik. Les mer …
Olavskyrkja på Avaldsnes. Foto: Christian Bickel
Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av kongane som skal ha budd på neset i førhistorisk tid. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til. Avaldsnes var Rogaland fylke sin tusenårsstad. Les mer …
Kystlaget Romsa som vart stifta i 1999, har tatt namn etter ei fråflytta øygruppe i tidlegare Ølen kommune (no Vindafjord kommune). På første del av 1900-talet var der eit aktivt samfunn på øyane med bortimot 80 fastbuande på det meste. Rundt 1960 var det slutt, og sistemann flytta til fastlandet. No er øyane offentleg friluftsområde, men minnene står att og overalt finn ein spor etter fiskarbondekulturen der åkerlappen saman med sjøbruket gav utkome i det daglege. Laget er medlem i Forbundet KYSTEN. Les mer …
Leirong kystlag er et lokallag tilsluttet Forbundet KYSTEN. De har ca 100 medlemmer over hele Tysvær kommune og ble stiftet i 1999. Laget arbeider med bevaring av norsk kystkultur, der vern gjennom bruk og tradisjonsbåren kunnskap er viktige bærebjelker for aktivitetene deres. De ønsker å gi mennesker i alle aldere muligheten til å delta i sitt felles kystkulturarbeid. Les mer …
Haraldshaugen fotografert på midten av 1900-tallet.
Haraldshaugen ligg på garden Gardå (Gard) i Haugesund kommune. I 1872, til 1000-års jubileet for slaget i Hafrsfjord, blei det på Haraldshaugen reist eit monument over Harald Hårfagre og rikssamlinga. I 1852 besøkte Ivar Aasen det folk antok var den gamle kongegrava på Gardå. Her vart han inspirert til å skriva om Haraldshaugen : Her ser eg Haralds haug fyre augom. Diktet stod på trykk både i Folkevennen, Illustreret Nyhedsblad og det kom med i P.A. Jensen si Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863). Dermed var Haraldshaugen sikra ein plass i den nasjonale mytologien som blomstra i denne nasjonsbyggingsfasen. Les mer …
|