Smakebitar fra artiklar
|
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
Per Øyvind Heradstveit (til høyre) fotografert i 1968 i en pause i innspillingen av debattprogrammet Åpen Post. Til venstre ses medprogramleder Kjell Arnljot Wig. Foto: Dagbladet/Norsk Folkemuseum
Per Øyvind Heradstveit (født 26. mai 1932 Skjold i Ryfylke ( Vindafjord kommune), død 11. mai 2004 i Oslo) var journalist, forfatter og kringkastingsmann, tilknyttet NRK fra 1956. Han var blant NRKs mest markante profiler fra 1960-årene og fremover, kanskje særlig kjent som debattleder og intervjuer, med politikk som spesialfelt. Per Øyvind Heradstveit var født i Rogaland, men vokste opp i Vikøy i Kvam kommune i Hardanger. Etter examen artium 1951 og et år som lærervikar og journalistelev, studerte han filologi ved Universitetet i Oslo. Han hadde senere studieopphold i Frankrike, Tyskland, Østerrike og Sovjetunionen og ble cand.mag. i 1962. Les mer …
Kystlaget Romsa som vart stifta i 1999, har tatt namn etter ei fråflytta øygruppe i tidlegare Ølen kommune (No Vindafjord kommune). På første del av 1900-talet var der eit aktivt samfunn på øyane med bortimot 80 fastbuande på det meste. Rundt 1960 var det slutt, og sistemann flytta til fastlandet. No er øyane offentleg friluftsområde, men minnene står att og overalt finn ein spor etter fiskarbondekulturen der åkerlappen saman med sjøbruket gav utkome i det daglege. Laget er medlem i Forbundet KYSTEN. Les mer …
|
|
|
|