Dette bilde av «Sigfred» er teke frå kaia på Vik. I bakgrunnen ser ein garden Hunneset .
MB «Sigfred» N-20-BR, var bygd i 1948 ved L/L Vik Båtbyggeri. Registreringsbokstavane fortel at båten er registrert i Nordland fylke, og i Brønnøy fiskeridistrikt i Sør- Helgeland.
«Sigfred» var truleg den fyste båten over femti fot som var bygd på Vik. Spesifikasjonar frå fiskeriregisteret er på båtlista for Vik. Båten var bygd for Arne Iversen, Brønnøysund, og vart overlevert 1 eller 2 mars 1949.
Båten var som alle kravellbygde båtane på 1940, 50 og 60 talet bygd på doblingspant. I artikelen om doblingspant vert begrepet forklart. Båten hadde to køyer i kahytta og seks køyer i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og keising var i stål. Byssa var i akterkant av keising. I akterkant rorhus var ein liten bestikklugar med kartbord. Oppgang frå keisinga til rorhuset var under kartbordet. Elles alle instrument som var vanleg den tida. Instrument vert elles skifta og fornya etter kvart som forbetringane dukkar opp, og det elles er formålstenleg. Les mer …
Fjørmannsfar (jf. islandsk fjögramannafar og færøysk fýramannafar), òg kalla firmannsfar, fjørnfar, fjørefar, fjøfar m.m., var ein båttype som var vanlig i alle fall frå 1600-talet og fram til 1800-talet. I ulike kjelder blir dei omtala som båtar med fire, fem eller seks rorsrom. Fjørmannsfar var vanlige i alle fall på både Sunnmøre og Nordmøre. I skifteprotokollane frå Nordmøre på andre halvdelen av 1600-talet ser fjørmannsfara ut til å ha vore ein slags fyringar. Hans Strøm skriv i Søndmørs Beskrivelse ( 1762): «Fjøringfar eller Fjæringfar, som af andre kaldes Fjærmandsfar, er et Navn, som uden Tvivl vil sige det samme som Firerøings-Far, efterdi det tillægges en Baad med 4 Par Aarer, som dog altid bemandes med 6 Karle og er det almindeligste Slags Havbaad, hvormed man i Vaar-Fiskeriets Tid reiser 2 til 4 Mile ud i Havet for at fange Torsk.» I eit notat frå Ole Ekkilsøyvåg frå Averøya sitert i Nordmøre fiskerisoge er fjøfar omtala som eit anna namn på femroring. Les mer …
Ein eller ei dregel (med dialektformer som dreiel ( Snm.) og driggel ( Ndm.) eller skottdregel ( N-Nor.) er eit skvettbord som blir sett på toppen av ripa ved segling i grov sjø for å minske sjansen for å få sjøen inn i båten i le. På båtar med vaterbord blir dreglane sett i hol i vaterbordet; på båtar utan vaterbord ligg dregelen an mot keipane på innersida, på yttersida er det loddrette jarnband som går i hol mellom ripa og langisa, og dreglane er i tillegg festa med jarnkrokar (og tidligare gjerne vidjeband). På somme båtar, særlig åfjordsbåtar med lågt fribord, kan dreglane vera meir permanent festa. Dreglane kan vera enkle eller ha keipar. Åfjordsbåt-dreglar kan ha årehol, og det finst òg tradisjon om geitbåt-dreglar med årehol. Les mer …
Nemninga snidbetning viser til byggjemåten til sunnmørsbåten. Det nedste bordet (på storbåtane dei to nedste borda) blir avskrådd (snida) ned mot kjølen. Dette fører til at borda vidare oppover i båten må skråast ned mot stemne og stamn. Denne skråinga blir gjort ved at kvart bord attanfrå blir skjerva (skøytt) mot to bord framme (renningane). Les mer …
|