Dette er MB «Speser» slik ho var før ombygging på Vik Båtbyggeri.
MB «Speser» var eit fraktefartøy frå Melbu i Vesterålen. Bygd ved Holms verft, Sverige, i 1928, oppgitt til 93 brt. Det var ei svartmåla, kravellbygd, svenskemakke i eik, bogen baug og speiel. Eigaren, Malvin Eriksen frå Melbu, hadde kjøpt båten frå Sverige, og brukt den til sandfrakt og kystfrakt. «Speser» kom til L/L Vik Båtbyggeri i januar 1960.Båten skulle forhøyast tre hudgangar, og få kryssarhekk. Under arbeidet bestemte eigaren seg for at baugen skulle skiftast med ein rana baug, framover liggande. Den gamle baugen vart kappa av og vinsja tilsides. Kaising eller dekkshus skulle byggast i jern, og vera i full breidde. Alle lugarar skulle innreidast på dekk, altså i kaisinga. Det skulle byggast overbygg med rorhus og bestikklugar, og ein skipperlugar i bakkant. Motoren skulle skiftast med ein brukt 130 hk Voldamotor. Les mer …
Dette er «Varnes», truleg ein av fyrste turane med båten. På dekket framom rorhuset står Klara Marie Velle og Inge Rolv Velle. MB «Varnes» F-10-LB. Kjenningsignal: 3YGO. L/L Vik Båtbyggeri bygde denne båten i 1946 for Alf Nilsen, Kjøllefjord i Lebesby. Det vart bygt nokre båtar i storleik rundt 35 fot. Desse båtane har det no seinare vore vanskeleg å spore opp. Varnes fann ein på eit bilde der fiskerimerket var synleg. I fiskeriregisteret finn ein namn på eigar, og det gir spor for meir opplysningar.
Håkon Høydalsvik hugsar frå då båten var bygd. Båten var bygd tradisjonelt på doblingspant, truleg 5-toms tømmerbreidd. Korleis den tradisjonelle oppbygginga av skrog var ved Vik, har artikkelen Hud og dekk litt meir detaljar om. Les mer …
«Vieljaš» Foto: Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum
Vieljaš er en rekonstruksjon av en liten tanabask. «Vieljaš» betyr lillebror. Basken er bygget som et rekonstruksjonsprosjekt etter tegning.
Oppmåling og tegning er utført av Bjørn Skauge i 2002. Den opprinnelige båten er funnet ved utløpet av Tanavassdraget, og er i svært dårlig forfatning. Det foreligger ikke informasjon om båtbygger, byggeår eller byggested. Originalen for denne Tanabasken tilhører Tana museum i Polmak.
Arbeidet med rekonstruksjon og dokumentasjon er utført av Nordnorsk fartøyvernsenter i samarbeid med Tana Museum og Varanger Samiske Museum i Deanu ja Várjjat Museasiida med støtte fra Sametinget. Les mer …
Ein straumbåt (lokal uttale: ["strøʊmˌbɔ.t]) er ein lokal variant av saltværingsbåten. Straumbåtane, som normalt har to fulle rom og eit halvrom i midten, og to til tre par årar, blei tradisjonelt bygd på Evensgård og Kvæl på Røkland i Saltdal kommune for bruk i den ekstreme straumen (opptil 16 knop) i Saltstraumen i Bodø. Karakteristiske drag ved straumbåten er den grunne kjølen og relativt flatbotna skrogforma så vel som at sjølve kjølen er kort og går over, via ein knekk, i lett skrånande understemne ved skottane. Straumbåtane har ikkje tollpinnar (som lett kan knekke ved stor belastning), men naturlig vaksne heiltre-keipar. Ofte er det brukt ekstra solide hammelband av sydd dyrehud. Resultatet er ein gruntgåande båt med brei base og lite motstand under vasslinja — ein kombinasjon som er gunstig for å komme seg fram i sterk straum, men til gjengjeld usikker når både straumen og vinden er sterk. Les mer …
Saltværing er den varianten av nordlandsbåtar som tradisjonelt blir bygd frå Salten og nordover. Samanlikna med ranværingane og bindalsbåtane har dei relativt mindre spring, og framskotten er gjerne meir utlagt. Generelt har båtane nordom Saltfjellet alltid vore bygd i furu, medan ranværingane og bindalsbåtane av nyare, rettstemna type normalt har vore bygd i gran. Det er usikkert kva ulikheiter det har vore mellom båtane bygd i Salten og Ofoten på den eine sida og båtane bygd nord i Troms og Finnmark på den andre, men ein tendens er at båtar som har vore brukt opp mot Finnmark gjerne har vorte borda opp med eit ekstra omfar. Les mer …
|