Forside:Samisk mat

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 14. nov. 2013 kl. 13:28 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Samisk mat
Foto: Olve Utne
(2015)

Samisk mat varierer ein god del mellom ulike samiske samfunn. Blant reindriftssamar er reinkjøttet naturlig nok utgangspunktet. Veidesamar har tradisjonelt hatt sitt utgangspunkt i småvilt (inkl. rype, tiur og hare), fisk og bær, urtar og sopp. Småbrukssamane, f.eks. langs kysten av Midt- og Nord-Norge, har hatt mykje av den same tradisjonsmaten som sine ikkje-samiske naboar — men gjerne med ein del bruk av reinkjøtt. Typisk samiske mat inkluderer bl.a. tørrkjøtt av rein, bidos (kjøttsuppe av rein), reinost/sauost som kaffeost, boknafisk, røykt røye eller annan fisk, gáhkko (rundt, heva brød).   Les mer ...

 
Smakebitar
Lulesamisk skáhppo (reinostform av tre) utstilt i Salten museum i Bodø.
Foto: Olve Utne.
Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet.
Foto: Ellisif Wessel.
Reinost (nynorsk/bokmål; bokmål/svensk renost; sørsamisk bovtsenvuasta; pitesamisk buhtsuvuässta -st-; lulesamisk boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (lulesamisk dæjvvo -jv-) eller utskore tre (lulesamisk skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga.   Les mer …

 
Kategoriar for Samisk mat
ingen underkategorier


 
Andre artiklar