Rommani eller rommani rakripa, òg kalla norsk romani og svensk romani, er eit språk med hovudsakleg skandinavisk grammatikk og indisk-basert ordforråd som tradisjonelt blir bruka av romanifolket (tavringar, reisande, tatrar, romanoar, romanisæl) i det vestlege Sverige, på Austlandet og i Trøndelag. Etter eit vedtak i den svenske Riksdagen den 2. desember 1999 fekk romani i alle sine variantar (saman med samisk, finsk, tornedalsfinsk og jiddisch) offisiell status som nasjonalt minoritetsspråk i Sverige. Ordtilfanget i romani ber sterkt preg av historia til romanifolket. Kjernen av ordtilfanget kjem frå dei indoariske språka kring Pandjab i Pakistan og det nordvestlege India og Rajasthan i India. Mange ord liknar på dei tilsvarande orda i hindi — slik som tala frå ein til fem. Andre vesentlege kjelder er gresk, slaviske språk, romanske språk og germanske språk. Grammatikken står i sterk motsetnad til ordtilfanget i romani rakripa; både syntaksen (setningsoppbyggjinga) og morfologien (systemet av bøyingsendingar) er i det store og heile av sentralskandinavisk type. Les mer …
Hovedbygget på Askviknes barnehjem Foto: Fra boka De hjemløse: et sosialt problem i et kristelig lys Askviknes barnehjem ble opprettet i Os i Hordaland 27. juni 1900 av Foreningen til Modarbeidelse af Omstreifervæsenet som fra 1935 het Norsk misjon blant hjemløse (1897–1989). Barnehjemmet var i drift fram til 1953. Dette var det første barnehjemmet etablert av «Omstreifermisjonen».
Det skulle være plass til 25 barn på Askviknes, og opptaksalderen var under 4 år. Ved folketellinga i 1900, samme året som barnehjemmet ble opprettet, finner man oppført 17 barn mellom to og åtte år på Askviknes, i tillegg til en tjenestegutt, to barnepiker, en lærerinne, to diakonisser og ei kokke. Generalsekretæren i Omstreifermisjonen, Jakob Walnum, var også registrert som til stede ved barnehjemmet under denne folketellinga. Les mer …
Asjkenaziske jødar eller asjkenazím, òg kalla ( høg) tyske jødar og austjødar, er den gruppa av jødar som tradisjonelt har jiddisch til morsmål og som dei siste kring 1000 åra tradisjonelt har heldt til i Sentral- og Aust-Europa. Asjkenazim hadde i nokre kortare periodar innreiserett til Noreg føre 1814, vanligvis med leidebrevsplikt. I 1851 fikk asjkenaziske jødar full innreise-, busettings- og arbeidsrett i Noreg. Fleirtalet av dei norske jødane i dag er asjkenaziske. Les mer …
I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet. Foto: ukjent
Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.
Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige. Les mer …
|