I St. Jørgensveita 7 i Trondheim låg den første synagogen i byen — eit midtpunkt for jødane i Midt-Noreg frå slutten av 1800-talet.
Foto: ukjent
Jødar (nynorsk) eller jøder (bokmål/dansk) er ei folkegruppe av hovudsakleg semittisk opphav som tradisjonelt praktiserer religionen jødedom med sine variantar. I Nord-Europa er har det tradisjonelt vore to hovudgrupper av jødar — portugisarjødar, som er den vest- og nordeuropeiske undergruppa av sefardím, og høgtyske jødar, som det same som asjkenazím.
Jødar har vore nemnt i offisielle dokument i Noreg sidan 1400-talet, og vi veit om jødar som har hatt varierande tilknyting til Danmark-Noreg sidan tida kring 1600. Fram til 1814 var hovudregelen at høgtyske jødar hadde generelt innreiseforbod, medan portugisarjødar hadde lov til å reise til og i Danmark-Noreg og livnære seg med eller utan leidebrev i nokre periodar. Frå 1814 til 1844 var det totalforbod mot jødar i Noreg, og dei fleste jødane i Noreg i dag ættar frå jødar som kom inn etter 1851. Jødane er ein av dei nasjonale minoritetane i både Noreg og Sverige. Les mer ...
Smakebiter
Den israelitiske menighed (DIM) var navnet på flere menighetsdannelser i det jødiske miljøet i Kristiania/Oslo mellom 1893 og 1938. Felles for dem alle var utgangspunktet i en mer ortodoks, østeuropeisk-orientert jødedom, i motsetning til Det mosaiske Trossamfunds mer moderne-ortodokse tysk-danske tradisjon. I 1920–21 bygde den daværende DIM synagogen i Calmeyergaten, og denne ble deres synagoge fram til menigheten ble innlemmet i Det mosaiske Trossamfund i 1938. Synagogen ble brukt som vintersynagoge av det forente DMT fram til den ble beslaglagt av nazistene i 1942. Les mer …
Jødedom er den tradisjonelle religionen til det jødiske folket. Jødedommen er ein monoteistisk religion som har grunnlag i Tenákh (Den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet) med hovudvekta på Toráen (Mosebøkene). Hovudretninga av jødedommen i dag er rabbinsk jødedom, som i tillegg baserer seg den munnlege tradisjonen som han nedfeller seg i Talmúd med sine kommentarar. Sjølv om det på mange tidspunkt i historia har vore eit mindre tal jødar i Noreg, er det først sidan dei par siste tiåra av 1800-talet at det har vore offentlege jødiske gudstenester her i landet. I dag finst det fullt ut organiserte jødiske meinigheiter i Oslo (Det mosaiske trossamfund i Oslo) og Trondheim (Det mosaiske trossamfunn, Trondheim), men føre andre verdskrigen var det òg meir eller mindre organiserte grupper andre stader, inkludert i Kristiansund (sjå Jødedom i Kristiansund). Les mer …
Gerson og sonen Samuel under slåttonna sommaren 1939.