Forside:Samferdsel og transport

SAMFERDSEL OG TRANSPORT
Bilisme • Jernbane • Postvesen • Sjøfart • Veger • Telekommunikasjon • Prosjektet SAMKULT

Om Samferdsel og transport
Dette er inngangssida til wikiens artikler om samferdsel og kommunikasjon.
 
Smakebiter
Då det kom bilveg til Hovden i 1937, var Knut og Gyro avstad til Vestfold og kaupte seg ein bruka Buick. Biletet her viser truleg kaupssituasjonen - det var vanleg at seljar og kaupar stilte opp til fotografering saman ved slike høgtidelege høve. Dersom det var slike problem med å få starta doningen, som biletet kan tyde på, vil me tru at dei to karane som står på hovudet i motoren helst var noko flaue, men Knut kaupte då bilen i alle høve, og hadde glede av han i tre-fire år. Etter det me har fått vita frå Buick Club Norge er bilen på biletet ein 1920-modell av typen K-45. Karosseritypen er «Phaeton», som tyder open 5-seter med kalesje. Ein viktig grunn til å kaupe open bil var at dei var langt billegare enn sedanane. I 1923 var prisskilnaden mellom ein Buick Phaeton og ein sedan av same merket så stor at ein kunne kaupe to T-Fordar for differansen. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden ved Setesdalsmuseet. Trykt i Heimar og folk i Bykle (2006) b I s 189.
Foto: Heimar og folk i Bykle, 2006
NEG 193 Bil og bilkjøring er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 2002 med tittel Bil og bilkjøring. Utsendarar var Ann Helene Bolstad Skjelbred og Anne Moestue.   Les mer …

Familien Lundteigen er klare for søndagstur i 1925. Bildet er tatt på gården Boksrud på Fiskum, der familien bodde.
Foto: Eiker Arkiv
NEG 87 Høyre- og venstretrafikk er ei spørjeliste sendt frå Norsk etnologisk gransking i 1961 med tittel Høyre- og venstretrafikk. Utsendar skal etter soga ha vore ein engelskmann.   Les mer …

Dette kartutsnittet fra 1888 viser antydet hvor kanalen ligger, mellom Barselkilen og Osterskilen. Kartet viser også hvilket urent farvann småbåtene slapp å gå utenom.
Foto: Historiske kart - www.kartverket.no
Hesneskanalen åpner en passasje fra Barselkilen inn i Osterskilen, ca 1,5 km øst for Grimstad. Kanalen brukes av mindre båter mellom Grimstad og traktene omkring Hesnesøy og nordøstover. Dermed unngår en et utsatt havstykke sør for Hesnesøy og utenfor Rossekniben - og kan gå innenfor. Tidligere forekom det tragiske ulykker på havstykket utenfor. Kanalen er omkring 300 meter lang.[1]   Les mer …

Milnbrygga er ei bryggje med to vindhus i Kristiansund. I dag rommar denne bryggja Norsk Klippfiskmuseum.
Foto: Harald Oppedal
Eit sjøhus, òg kalla ei sjøbu, ei bryggje eller eit pakkhus, er ei lagerbygning i éin (vanlegare to) eller fleire etasjar som ligg med ein vegg over djupt vatn så skuter kan legge til for lasting og lossing. Øvst på sjøveggen er det som regel eitt eller fleire vindhus med vinder for heising av gods mellom bryggja og skutene. Rett under vindhuset er det bryggjedører (brýjedöre, brøggdørre) i kvar etasje der varene var tekne inn ved lossing av skuta og ut ved lasting. Namnet bryggje med variasjonar (brygge, brøgge, brø’gg, brøggæ, brøgga o.a.) er det vanlege namnet frå Nordmøre og Trondheim og nordover. Sjøhus er det vanlegaste namnet sør i Noreg. På Sunnmøre blir bryggjene, inkludert dei store murbryggjene i jugendstil i Ålesund, helst kalla sjøbuer. Nemninga pakkhus blir helst bruka om dei store bryggjene i bindingsverk som særleg vart bygde frå utpå 1800-talet av. Pakkhus er likevel først og fremst ei funksjonsnemning og inkluderer òg bygningstypar som ikkje er bryggjer.   Les mer …

Vaktarboligane på Semska.
Foto: Olve Utne (2010)
Semska stasjon, tidligare Saltfjell stasjon, er ein tidligare jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Semska (pitesamisk Sæmmsá, ‘våtmark’) i Saltdal kommune i Salten. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Bolna stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal. Stasjonsbygninga er riven i dag, men dei tre vaktarboligane står enno og er i privat eige. Stasjonen grensar til Semska–Stødi naturreservat (på austsida av jarnbanesporet) og den tidligare Krokelva fangeleir (kring 300 meter nordafor stasjonen).   Les mer …

Rutetabellen til den første ringruta, gjeldende fra 15. mars 1966, trykt bl.a. i lokalavisene på Gjøvik.

Ringruta mellom Gjøvik og Toten ble etablert 15. mars 1966 og har sia vært stammen i kollektivtilbudet i regionen. Ruta kom i stand etter at flere av de små rutebilselskapene i området hadde gått sammen i Vestoppland Bilselskap (1965). Det nyetablerte selskapet, med Markus Tangsveen som trafikkleder, fikk konsulentbistand av Transportøkonomisk institutt (TØI) for å planlegge ruteopplegget.

I hovedsak har ruta helt siden starten kjørt med fire busser, to i hver retning. Ringrute 1 kalles ruta som først går sørøstover fra Gjøvik, gjennom Østre Toten, og deretter vest- og nordover gjennom Vestre Toten tilbake til Gjøvik. Ringrute 2 kjører den motsatte runden. Ringrutene har i mesteparten av sin historie kjørt med faste avgangstider hver time, lenge 10 minutter over hel fra Gjøvik, men i starten (og fra 2012) 5 over hel. Det strømlinjeforma opplegget møtte i starten en del motstand, da mange mente at rutetidene ikke passa akkurat deres behov.   Les mer …
 
Kategorier for Samferdsel og transport


 
Andre artikler
 
  1. Agderposten 31/5/1950