Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård». Les mer …
D/S «Nord» var en dampbåt som gikk på Glomma, Vorma og Mjøsa. Båten ble bygd i 1876 av Motala Werkstad i Sverige og sjøsatt samme år på Årnes, som D/S «Vormen». I sine første leveår skifta båten flere ganger eier og navn. Fra 1881 til 1892 het den D/S «Gjøvik», men i 1892 kom navnet «D/S Nord». Sin mest stabile periode hadde den som del av Eidsvold Dampskibsselskabs flåte, fra 1898 til slutten av 1930-tallet. Nord gikk da i tømmertrekking og varetransport. Båten ble hogd på Gjøvik i 1953. Les mer …
Bjåen fjellstove og Bjåen-gardane. Biletet er truleg teke sumaren 1939. Gamalt prospektkort frå samlinga ved Setesdalsmuseet. Bjåen fjellstove - flyfoto frå ca 1970 ved Norrønafly. Her frå Jorunn Rosenberg Rysstad via Setesdalsmuseet.
Bjåen fjellstove ligg på austsida av Breivatn i Bykle kommune, på flaten under Buskarlii, og i det nordvestre hyrna av Breivassflotti. Tomta og teigen ikring som høyrde til, ligg på grunnen til den eigedomen, gnr 2, bnr 9, og har aldri vorte formelt utskilt eller matrikulert for seg sjølv. Sjølv om eigedomen vart utskild frå Hovden, er han nært knytt til Bjåen som er ein av Breivegardane.
Bakgrunnen for byggjinga av fjellstoga var at det i andre helvta av 1930-åra vart arbeidd med veganlegg frå Hovden til Haukeli. Når denne vegen vart ferdig, ville det vera køyrande med bil frå Vinje over Valle og alt til Kristiansand. Dette måtte ein vente ville føre turisttrafikk med seg, og det burde det gå an å gjera seg ei næring av. Omlag såleis har han nok tenkt, Aslak Såvesson Bjåen frå Nor i stoga, då han bestemte seg for å setje i gang med fjellstove innmed nyvegen. Det fyrste tiltaket hans på staden var å setje opp ei hytte, som han fekk under tak i 1937. Dei større bygga, sjølve fjellstoga og uthuset, laut vente til vegen vart ferdig året etter, for slike materialmengder var ikkje godt å draga fram med hest. Les mer …
Draging av båt med Storebåtsvogna. Båten er ein 40 fots dekksbåt som seinare fekk ein liten motor og gjekk i fart på Austefjorden. Pga. liten fart fekk båten tilnamnet «Bondepinå».
Storebåtsvogna i Bjørkedalen i Volda er kanskje Noregs einaste hestetrekte båtvogn bygd med statstilskot. Bakgrunnen for tiltaket var utviklinga i fiskerinæringa på kysten sist på 1800-talet, særleg overgangen til større båtar og dei problema båtbyggjarane i Bjørkedalen hadde med transportvegen ned til Kilsfjorden og sjøen.
Bjørkedalingane kunne sjølvsagt bygge større båtar, men det å frakte dei på den gamle vegen vart vanskelegare og vanskelegare. Dette behovet var medverkande til at det vart bygd ny, telefri veg ned til Kile sist i 1870-åra. Les mer …
|