Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Komitativ er eit adverbialt kasus som blir bruka i samiske språk. Komitativ, som vi òg kunne kalle med-kasus, blir bruka om reiskap/middel, og i tillegg blant anna om nokon ein er saman med. På sørsamisk er den typiske eintalsendinga -ine, -jne eller -inie. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske eintalsendinga -jn (pite- og lulesamisk ortografi) / -in (nordsamisk ortografi). I indoeuropeiske språk blir reiskapskasuset kalla instrumentalis.   Les mer …

Tittelbladet til Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Ganander
Tornesamisk eller karesuandosamisk, òg kjent som markasamisk i Ofoten og Troms, er ei samisk dialektgruppe som oftast blir rekna til nordsamisk språk. Tornesamisk er den sørvestligaste av dei nordsamiske hovuddialektane og blir snakka i deler av Finland, lengst nord i Sverige og blant markasamane i Nord-Noreg frå Ballangen kommune i Ofoten til Nordreisa kommune i Nord-Troms. Tornesamisk låg til grunn for Grammatica Lapponica (1743) av Henrik Johansson Ganander.   Les mer …

Mållaget ved Stord lærarskule (Målvinarlaget) vart skipa 13. januar 1877 og skulle samla elevane på Stord seminar til arbeid for målsaka. Seminaret og mållaget vart for mange komande lærarar det fyrste møtet med målreisinga, og det fekk store verknader for spreiinga av målsaka utover bygdene på Vestlandet. Laget melde seg inn i Det norske Samlaget rett etter skipinga. Til liks med dei andre seminara var det i byrjinga ein sterk motstand mot landsmålet og målsaka frå styraren og lærarane på seminaret. Dette endra seg etter kvart, og det endelege skiftet kom kring 1902 med nye målvenlege lærarkrefter. Den nye rektoren frå 1904, Peter Vogelius Bredal Deinboll, var meir målvenleg enn den gamle, og med Severin Eskeland som rektor frå 1917 fekk lærarskulen ein rektor som sjølv var aktiv målmann.   Les mer …

Innkallinga og framlegget til resolusjon, Sogns Tidende 11. juli 1884.

Vadheimresolusjonen vart vedteke på eit amtslærarmøte for Nordre Bergenhus i Vadheim 22.-24. september 1884. Resolusjonen kravde auka rom for landsmålet i skule og styringsverk, og det var det fyrste av kring 50 liknande vedtak landet over.

Denne kampanjen var medverkande til at Stortinget i mai 1885 gjorde Jamstellingsvedtaket som sa at landsmålet skulle ha offisiell status på line med det vanlege bokspråket i skule og offentleg forvaltning. I litteraturen er både læraren Olav Sande på Leikanger og teologen og folkehøgskulelæraren Eirik Olson Bruhjell i Sogndal nemnde som initiativtakarar. Dette var «eit framlegg som Sande hadde forma, - fraa fyrste hand», heiter det i 70-årsomtala av Sande. Båe var ein del av det sterke målmiljøet kring Sogndal folkehøgskule, og båe var sentrale i ordskiftet på lærarmøtet. Det er vanskeleg å seie kven som spela den viktigaste rolla i førebuingane, men det var Dahl som lanserte framlegget offentleg og innleidde om saka på lærarmøtet.   Les mer …

Viggo Ullmann tok initiativet til målparagrafen.
Målparagrafen var paragrafen i folkeskulelovene som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i undervisninga. Hovudprinsippa gjeld framleis og er i dag ein del av opplæringslova. Lovendringa som Stortinget vedtok i 1892, var ei konkretisering av jamstellingsvedtaket frå 1885, og det var eit avgjerande vedtak når det galdt å gjera nynorsk til offisielt jamstelt skriftspråk og bruksspråk i det norske samfunnet. Målrørsla hadde sidan 1870-åra arbeidd for at det skulle bli mogleg å bruka nynorsk (landsmål) i skulen. Eit fyrste steg var vedtaket i 1878 om at "Undervisningen i Almueskolen bør saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal." Etter dette måtte læraren retta seg etter dialekten til elevane. Jamstellingsvedtaket i 1885 gjorde i prinsippet nynorsk til offisielt språk i skule- og styringsverket. Det vart opp til Johan Sverdrups skulekommisjon (nedsett november 1885) som skulle utarbeida nye folkeskulelover, å implementera dette i lovverket. Det nynorskvenlege fleirtalet i kommisjonen kom med eit framlegg til målparagraf, men då folkeskulelovene vart vedtekne i juni 1889, gjorde fråfallet i Venstre at framlegget ikkje fekk fleirtal. Etter Venstre sin valsiger i 1891 tok partiet opp att saka.   Les mer …

Eldre samisk salmebok som har blitt brukt blant lulesamane.
Foto: Olve Utne
Lulesamisk (julevsámegiella) er eit samisk språk som ligg geografisk og språklig mellom tornesamisk (oftast klassifisert som nordsamisk) i nordaust og pitesamisk i sørvest. Språket blir tradisjonelt snakka blant lulesamar i Nord-Salten (særlig Sørfold, Hamarøy og delar av Narvik kommunar) i Nordland fylke så vel som i sørlige Gällivare og i Jokkmokk kommunar i Norrbottens län. Tysfjord kommune (Divtasvuona suohkan), som utgjer kjerneområdet for lulesamisk språk i Noreg, vart innlemma i Sametingets språkforvaltningsområde den 1. januar 2006, og lulesamisk og norsk er likestilte språk i kommunen. Ved delinga av Tysfjord kommune 01.01.2020 vart denne statusen overført til nye Hamarøy kommune.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier


 
Andre artiklar