Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Bykilsmoen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Bykilsmoen ligg på furumoen på austsida av Fiskleimhylen i nordenden av Bykil i Bykle kommune. Vel 200 m mot nordvest frå tunet her kjem ein til Sollid, som er ein litt eldre plass. Det siste er vel grunnen til at ein stundom finn Bykilsmoen omtala som Sollidmoen. Andre gonger vert bruket berre kalla Moen, og det namnet vart familienamn for dei som ættar herifrå. Truleg kan her etter gamalt ha vore ein heimestøyl for Evre Mosdøl (bnr 3), men ein gong i åra mellom 1865 og 1875 vart staden teken i bruk som husmannsplass. Som me kjem attende til nedanfor, er det eit visst grunnlag for å gjeta på at dette må ha vore i 1869 eller 1870. Dei som slo seg ned her då var Vetle Knutsson Nesland og familien hans.

Vetle var fødd i Systog Nesland som son åt Knut Gunnarsson på det bruket og kona, Birgit Åvoldsdotter, fødd Trydal.

  • Vetle Knutsson Nesland, f 1816, d 1875
g 1846 m Åsne Torleivsdtr. Trydal, f 1820, d 1898. Born:
  • Knut, f 1847, d 1847
  • Knut, f 1850, g 1875 m Birgit Gunnarsdtr. Nesland, sjå nedanfor
  • Torleiv, f 1854, n 1875 seinare lagnad ukj.
  • Bjørgulv, f 1857, d 1875
Åsne Torleivsdotter var frå Nordstog Trydal, og dotter åt Torleiv Åsmundsson Stavenes på det bruket og kona, Tore Åvoldsdotter, fødd Trydal.   Les mer …

Holen 1965. Myri nærast, Der uppe attom.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Der uppe er det andre av dei to gamle bruka på Holen i Bykle kommune. Som namnet tilseier, låg det litt høgre i terrenget enn Myri.

I bolken om den udela garden kom me til at Tarjei Andresson, som var gift med syster åt odelsmannen, var den fyrste oppsitjaren her, og budde her iallfall frå 1690-åra. I den gamle gards- og ættesoga (51) les me at han var frå Brotteli, og ut ifrå namna passar dette godt, det var vitterleg ein Andres Tarjeisson i Brotteli i det aktuelle tidsromet. Men det er uråd å prove at Tarjei her var son hans, og opplysninga i den gamle boka lyt difor stå som ei gjeting. Urimeleg er ho ikkje, men altså usikker. Me set opp fødselsåret hans med atterhald, ettersom det berre er utrekna etter oppgjeven alder ved gravferda.

  • Tarjei Andresson, f ca 1652, d 1734
g m Torbjørg Auversdtr. Holen, d fyre 1734. Born:
  • Jorunn, f ca 1681, g ca 1713 m em Asbjørn Torsson Røysland, sjå Valle VI, 511
  • Andres, g 1721 m Tone Alvsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Gunnar, f ca 1687, g 1718 m Astrid Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Auver, f ca 1692, g 1. 1721 m e Gunhild Gunnarsdtr. Bjørnarå, g 2. 1768 m Jorunn Olavsdtr. Bjørnarå, sjå nedanfor, jfr Bjørnarå Der heime
  • Anne, g 1731 m Ånund Torgrimsson Flatland, sjå Valle VI, 198   Les mer …

Dette biletet er teke i Sandbekksosen i Bossvatn. Sandbekk er ein støyl på sørsida av vatnet som høyrde til Neire Dysje. Mannen på land er Juel Lund. I båten sit Thina Lund (som seinare gifte seg med Ånund Brotteli), Søren Lund og Ragna Abrahamson - kona til August Abrahamson som tok biletet. Dette var truleg ein gong i den tida då Søren Lund åtte Brotteli, dvs. mellom 1903 og 1907. Frå Setesdalsmuseet.

Neire Dysje var ein av Dysjegardane i Bykle kommune. Som det går fram av bolken om den udela garden, vart dette bruket utskilt i 1815. I og for seg kunne ein godt tenkt seg at det hadde vore husmannsplass tidlegare, men me har ikkje sett noko som peikar i den lei.

I den gamle gards og ættesoga (89) les me at «Åvold Jonsson kjøpte garden av Mikkelsen Bratteland» og at det «ser ut som om Mikkel Olsen Bratteland fekk garden etter Ole Tallaksen Dysje, eller borna hans». Dette er iallfall delvis gale, ettersom Olav Tallaksson aldri hadde noko gardsbruk å selje, han var busete hjå broren. Når det gjeld Mikkel Bratteland, har me ikkje sett at han heller åtte noko i Dysje, men for den skuld kan han kanskje ha gjort det ei tid. Det me veit heilt sikkert er at Åvold fekk skøyte på bruket hjå Åsmund Sørensson. Dette var i 1815, i 1819 vart det halde delingsforretning og skyldsetjing, og overdragingsdokument vart tinglyst i 1820.

Åvold Jonsson var frå Vatnedalen, og son åt Jon Åvoldsson Nesland og kona, Tore Bjørgulvsdotter, fødd Breive. Åvold åtte Ryningen nokre år, men selde det bruket til Salmund Snæresson Ryningen i 1797. I 1800 kaupte han Attistog Gjerden hjå Bjørgulv Åsmundsson, og etter at han gifte seg i 1805 budde han og huslyden hans der.   Les mer …

Systog Dalen 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Småbruket Systog Dalen, som ligg like austom Nordstog Dalen, kom til i 1917, då Olav O. Åsen kaupte ein parsell på ein stad mellom 300 og 400 mål hjå Sjur Vatnedalen og Knut K. Vatnedalen. Bruket vart matrikulert i 1920.

I matrikkelen står namnet Åsen, men til vanleg vert bruket omtala som Systog Dalen. I den gamle gards- og ættesoga (184) og sameleis i Norges Bebyggelse (153) står det at Systog er bnr 17, men bnr 17 er eit heistykke nordom Dalen, som heiter Renna.

Olav Åsen var son åt Torbjørg Åsmundsdotter frå Systog Stavenes. Faren var Olav Knutsson Nesland (sjå Nistog, gnr 14, bnr 10). Mora gifte seg i 1885 med Olav Auversson Åsen, og Olav Olavsson vaks opp hjå henne og stykfaren (sjå Tveitvodd, gnr 14, bnr 9). Han nytta Åsen-namnet åt Olav Auversson.   Les mer …

Solhaug 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Solhaug, også kalla Bjones, ligg i breidd med Der nede i Berdalen i Bykle kommune, og vart utskilt derifrå.

Namnet Bjones kjem av at den fyrste som budde her var frå Bjones, gnr 16, bnr 8, og tok med seg heimenamnet sitt til den nye verestaden. Han og kona hans kom hit i 1897. Mannen heitte Olav, og var son åt Tarjei Tarjeisson Bjones, og kona, Margit Olavsdotter frå Skolås.

  • Olav Tarjeisson Bjones, f 1834, d 1916
g 1. 1860 m e Tone Asbjørnsdtr. Stavenes, f 1811, d 1890, ikkje born.
g 2. 1896 m Gyro Salmundsdtr. Breive, f 1855, d 1927. Born:
  • Knut, f 1898, g m Borghild Nilsen, Øyestad, sjå nedanfor
  • Salmund, f 1899, g 1. 1934 m Anne Kristine Breive, g 2. 1979 m e Turid Hallvardsdtr. Breive, f Berg 1906, sjå Hagen, bnr 5, jfr. Åsland, bnr 16
Olav hadde i 1858, saman med broren Tarjei, kaupt attende Bjones, som ei tid hadde vore i eiga åt Hallvard Ånundsson Tveiten i Mosdøl. Då han gifte seg med enka Tone Asbjørnsdotter Stavenes i 1860, kunne han difor skrivast opp som «ungkar, selveier».   Les mer …

«Bjaaen Turiststation» ca 1903. Mannen med det store skjegget er Knut B. Bjåen, til høgre for han står kona, Torbjørg S. Bjåen, og til venstre står Borgny Abrahamson frå Kristiansand, dotter åt August Abrahamson, han som tok biletet. Huset i bakgrunnen er Nor i stoga, det næraste er Su i stoga, som var turiststasjonen. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Bjåen eller Sud i stoga er den nordlegaste garden i Bykle kommune, og dermed den fyrste faste busetnaden ein kjem til når ein køyrer riksvegen frå Tallaksbru] i Haukeli og over mot Setesdal.

Johannes Skar har skrive ein særs velsvarva karakteristikk av denne verestaden (Gamalt or Sætesdal I, 129):

Bjåen ligg so berrsynt med Breivatn, midt i ville heidane mellom Bykle og Grungedal. Der var halvonnor mil til folk, kva leid du ville taka. Å så i Bjåen - der var aldri talemåte; heidane var for håge. Livemåten hadde dei av buskapen; det var der so utifrå godt på slåttor og beite. Rundt ikring var der fæle fiskevatn, og dyr og fuglar utyver alle heidar.
Gardsnamnet er i bygdemålet Bjåì (nominativ eintal) eller Bjånì (dativ eintal). Tarald Nomeland gjev i den gamle gards- og ættesoga (222) opp at dette kjem av eit gamalnorsk Bjár, som skal tyde «engslette», med sekundærtydingane «gard» og «støyl». Ettersom Bjå er hokjønnsord «må det vera gale å skrive Bjåen», tykkjer han, «det gjev ordet hannkjønnsform». Så langt ein heldt seg til nynorsk mål, har Nomeland sjølvsagt rett i det siste poenget, men forma Bjåen, som har fått hevd både som gardsnamn og ættenamn, vart til medan skriftmålet var dansk, og der gjer dei som kjent ikkje grammatisk skilnad på hankjønn og hokjønn, men opererer med «fælleskøn». På denne bakgrunnen tykkjest det misvisande å seia at den innarbeidde namneforma er «gale».   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest