Forside:Kulturminneregistrering i Volda

Sideversjon per 17. jan. 2018 kl. 13:47 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{emnemal|Flertall(er/ar)=ar}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Om Kulturminneregistrering i Volda
Kulturminneregistrering i Volda er eit prosjekt som kom i gang i samband med arbeidet med kulturminneplan for Volda kommune, som starta opp våren 2017. Her tek ein sikte på å samle informasjon om så mange kulturminne som muleg innafor kommunegrensene, og mange både tidlegare artiklar og nyskrivne vil etter kvart bli kopla til prosjektet.   Les mer ...
 
Smakebitar
Oversyn over Berkneset. I venstre bildekant ser vi Yksnøya
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)
Hærkystbatteriet på Berkneset i Volda vart bygd opp av dei tyske okkupasjonsstyrkane på Berkneset i Volda i løpet av 1942. Batteriet var operativt i desember det året, som ein del av Festung Norwegen. Nemninga er etter den tyske terminologien; det var den tyske hæren, Hærkystregiment 976, som hadde ansvaret for fortet. Dette regimentet hadde i alt 11 slike fort eller batteri på Sunnmøre, og Berkneset hadde nemninga HKB 35/976. Alt sommaren 1940 sendte tyskarane ein styrke på 10 soldatar til Yksnøya utanfor Berkneset der dei først planla utbygginga. Innbyggjarane fekk beskjed om at dei måtte vere budd på å flytte frå øya. Men da tyskarane fann ut at det var dårleg vassforsyning der, vart planane skrinlagde.   Les mer …

SS «Nevada», modell, babord side

Kvalfangst med seglfartøy i Nordatlanteren Nebbkval-/bottlenosefangst i Nordatlanteren frå Sunnmøre/Ålesund 62.47408549° N 6.15181299° Ø gjekk føre seg i tiåra rundt 1900 (1888 -1915) med spesialutrusta seglfartøy på 55 – 100 netto registertonn (sjå tabell nede i stykket). Fartøya var fyrst kjøpt brukt frå USA og England/dei britiske øyar. Seinare vart det kjøpt nye og brukte fartøy i Noreg. Størrelse og utrusting på fartøya var tilnærma lik for fangst og lasting rundt 1900. Tidleg og seint i perioda var der heftig forsking på fartøy og utstyr. Kvalfangarane var opptekne av god funksjon, ikkje detaljar. Dei sorterte fartøya i to typer etter seglføring, skonnertar og skværseglarar.

Fangstinga fylgde vandringa til nebbkvalen og fangsten var spekk til oljeproduksjon. Kvalen fylgde truleg vandringa til ein blekksprut/akkar. Kvalfangarane sjekka av og til mageinnhaldet til kvalen som var mest blekksprut med innslag av litt sild og torsk.   Les mer …

Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling.
(2018)

Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar.   Les mer …

«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. No i Bergen Museum
Foto: Svein Skare, Bergen Museum, UiB/Voldaminne 2008
«En stor egetræs kiste» i stavkyrkja i Volda. Den første kyrkja i Volda var truleg bygd sist på 1200-talet eller tidleg på 1300-talet. Det var ei stavkyrkje, først bygd som langkyrkje. Seinare vart den bygd til krosskyrkje. Fullt utbygd skal det ha vore plass til 621 personar, «saavel staaende som sittende». Vi veit lite om utsmykking i kyrkja dei første hundreåra. Men det er påliteleg dokumentasjon på korleis kyrkja blei rikt utsmykka frå tidleg på 1600-talet.   Les mer …

Løypestrengar i Austefjorden (Volda) er eit oversyn over slike innretningar ein kjenner i dag.Her skulle gjerne vore presentert full oversikt på Løypestrengar i Høydalen, men det er jammen ikkje lett. Tek her med frå «Ytre Høydalen». Kan ikkje hugse at eg har sett når dei var i bruk. Det var ein streng i Rabben, , den finn ein i terrenget, lett å sjå i Joledalsråsa. Ser ut som dimensjonen har vore om lag 5/16 tomme. På Øggarden var strammespel på eit par stader Går ein nøye gjennom terrenget vil ein truleg finne restar av strengen opp i bakkane der. Vidare var det Løypestrengar i Bøstranda. Ein innom Storeklubben, og ein i området mellom Dekkja og Lissjeklubben   Les mer …

Gamlegymnaset i 2009, før oppussingsarbeidet starta.

Gamlegymnaset i Volda vart bygd av Bergenhusiske regiment i 1851 til kapteinene sine. Difor vart bygget kalla «Kapteinsgarden». Huset hadde ei grunnflate på 150 m2 og vart bygd med èin etasje.

I 1891 kjøpte Aage Stabell huset for å begynne med «Millomskule». I 1910 kjøpte Johan Fredrik Voss og Olav Riste for å drive skule vidare, og det vart det første treårige gymnaset på landsbygda i Noreg. På den tida vart bygd på ein 2. etasje, og huset vart slik vi kjenner det i dag.   Les mer …
 
Kategoriar for Kulturminneregistrering i Volda
ingen underkategorier


 
Andre artiklar