Randi Solem. Etter samtidig maleri.
Randi Andersdotter Solem (fødd i Tiller (nå Trondheim) i 1775 eller 1776, død i Strinda (nå Trondheim) 27. februar 1859), var ein framståande haugianar, men også ein tidleg representant for grundtvigianismen i Noreg. I si fyrste og ivrigaste tid som haugiansk forkynnar i ungdomen var ho kjend som Randi Løvaas.
Randi vart religiøst vakt i 1799 under eitt av Hauge sine besøk i Trondheim og omliggjande bygder. Hauge skal ofte ha teke inn på Lauvåsen når han var distriktet. Randi byrja tidleg med å halde oppbyggingar i heimetraktene. Det blir også fortalt at ho gjekk på ski over Dovrefjell for å drive forkynning på Austlandet. I 1802, da ho var 26 år, omtalar Hans Nielsen Hauge Randi som ein «eldste», dvs. ein leiande tillitsperson innan det haugianske venesamfunnet. Ho var ei av fem kvinner av i alt ca. 30 personar som Hauge gav slik status i skriftet hans der dette framgår. Les mer …
Cecelie Vernøy (1880-1962) Cecelie Peternille Eliasdotter Vernøy (1880 - 1962) tonsette ei rekkje salmar og andelege songar. Eit utval av songane hennar vart spelt inn i NRK sitt studio i Bergen og seinare tekne vare på av Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen. Ho var fødd Bremnes, og kom frå Geitung på Bømlo. Der var det eit rikt musikkliv, og Cecilie lærte mange songar av bestefar sin. Fjorten år gammal, kort tid etter at ho hadde mista faren sin, kom ho som tenestejente til Reksteren i Tysnes kommune. Her vart ho verande. I 1909 gifta ho seg med Jan Andreas Olson Vernøy (1881-1949). Dei fekk fire born saman.
Cecelie var oppvaksen ute i havgapet, og både mannen og sønene var sjøfolk. Ektemannen Jan Andreas reiste for det meste i utanriksfart. Det vart såleis Cecelie som hadde det meste arbeidet heime. Sjølv var ho aktiv i foreningsarbeid for Den norske sjømannsmisjon. Ho levde eit sterkt religiøst liv, og vitnesbyrdet hennar lydde gjennom songen som mange hadde glede av å lyda til. Etter at mannen døydde i 1949, levde ho som enkje i 13 år. Les mer …
Halvor Folkestad ( 1807- 89), også kjent som Halvor Olsen Folkestad, var teolog. Han var født i Bø i Telemark, som sønn av sersjant og gårdbruker Ole Halvorsen Folkestad (1778–1864) og Asberg Augundsdatter (1785–1866). Folkestad ble cand.theol. i 1836. Etter å ha vært lærer på Karmøy, ble han i 1841 utnevnt til sogneprest i Mo i Telemark. Fra 1849 var Folkestad i 10 år sogneprest i Kviteseid og inspektør for lærerseminaret der. I 1859 etterfulgte han Magnus Brostrup Landstad som sogneprest i Fredrikshald, nå Halden. Folkestad var biskop i det nyopprettede Hamar bispedømme 1864– 87. Fra 1873 til 1887 var han også overhoffpredikant, etter å ha holdt talen ved kroningen av kong Oscar II og dronning Sophie i Trondheim 1873. Les mer …
Hå gamle prestegard i 2007. Foto: Jarle Vines
Hå gamle prestegard ligg i Hå kommune på Jæren. Våningshuset frå 1787 er den eldste prestegardsbygningen som er bevart i Jæren prosti. Husa i det gamle prestegardstunet er no kultursenter med utstillingar og andre arrangement. Det er eit mykje brukt tilbod for folk i distriktet, og mange turistar legg dessutan vegen innom Hå. Strandgravfelta frå jernalderen, Obrestad fyr, den gamle Kongevegen og huset til dei engelske «lakselordane» på andre sida av Håelva bidreg til å gjera området kulturhistorisk interessant. Den eldste opplysninga om Hå som prestebustad skriv seg frå 1637. Det dreier seg om eit kongebrev som gav Kristen Lauritsson Lind og kona, Margrethe Pedersdotter, løyve til å bu her i deira levetid, og etterpå kunne eitt av barna deira overta garden. Kristen hadde vore prest i Bø prestegjeld frå rundt 1610. På denne tida var Bø kyrkje i Nærbø hovudkyrkje i soknet. Bø sokneprestembete åtte garden Hå, som i Kristen og Margrethe sine auge må ha vore ein meir attraktiv plass å bu enn Bø. Kvifor valde dei å flytta? Hå var ein svært god gard med viktige attåtnæringar (sjå under), som låg sentralt til ved Kongevegen over Jæren og nær sjøen. Dessutan kan det ha spela ei rolle at Njærheim kyrkje i Hå var ombygd eller heilt nybygd på denne tida. I alle høve medførte flyttinga til prestefamilien at Njærheim kyrkje blei ny hovudkyrkje, og prestegjeldet skifta namn frå Bø til Hå prestegjeld. Les mer …
Kristendommen er en monoteistisk religion basert på troen på Jesus Kristus som Guds sønn og menneskenes frelser. Kristendommen er en abrahamittisk religion, som har sitt hovedopphav i jødedommen. Bibelen, i form av Det gamle testamente (som deles med jødedommen) og Det nye testamente (som er unikt for kristendommen), er kristendommens hellige skrift. Kristendommen spredte seg fra den tids Judea/Palestina til Europa i løpet av de første århundrer i vår tidsregning, og på 300-tallet ble den akseptert som statsreligion i Romerriket. Til Norge kom den langt senere. Den første kristne konge i landet var Håkon Adalsteinsfostre (regjerte 935–961), men han gjorde lite for å utbre religionen. Olav Tryggvason (regjerte 995–1000) skal ha vært den første som bygde en kirke i Norge, Moster kirke. Hans virke for kristendommen ble fulgt opp av Olav den hellige, som ble helligkåret etter sin død i 1030. Kristningen av Norge er en av faktorene som definerer overgangen fra vikingtiden til tidlig middelalder. Da Norge ble kristnet var det bare en kirke, men i løpet 1000-tallet ble den vestlige og den østlige kirke splittet. Norge lå innenfor Den katolske kirkes virkeområde. Gjennom middelalderen ble det kirkelige hierarkiet, med sokn og bispedømmer, bygget opp. Kirken ble en viktig jordeier, og også en viktig politisk maktfaktor. Les mer …
|