Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.
Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.
Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag. Les mer …
Drøbak kirke sett fra Kirkegaten.
Drøbak kirke og Drøbak kirkegård ligger sentralt i Drøbak i Frogn kommune i Follo. Adressen er Kirkegaten 18. Kirken ble innviet 29.oktober 1776, og ble bekostet av forretningsmannen, trelasthandleren og skipsrederen Niels Carlsen (1734-1809) og hans kone, Martha Zachariasdatter. Drøbak kirke, også kalt Vår Frelsers kirke, er en tømmerkirke med en korsarm i hver himmelretning. Terrenget gjorde at alteret ble liggende i vest og ikke i øst, hvor klokketårnet med inngangspartiet står. Kirken er påvirket i bygningsform av Oslo domkirke. Den har 335 sitteplasser. Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum. Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld. 1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet. Les mer …
Bykle gamle kyrkje i desember 2011. Foto: Reidar Tveito
Bykle gamle kyrkje vart innvia i 1619 eller 1620, og er ei langkyrkje i tre. Ho vart restuarert og noko ombygd 1803–1806. Kyrkja nyttast av Bykle sokn, men soknekyrkja er no Bykle kyrkje frå 2004. Kyrkja er freda. Denne kyrkja må ha erstatta ei eldre kyrkje, som vi lyt kalla Bykle mellomalderkyrkje.
Kyrkja er oppført i lafta tømmer med utvendig, kvitmalt panel. Koret er noko smalare enn skipet, og har rett avslutning.
Kyrkja er rosemåla innvendig. Aslak A. Wasshus og Knut Å. Byklum måla ho opphavleg i 1828, og i 1938 vart rosemålinga restaurert av Ulvik Hendrisen. Altertavla er frå om lag 1650, og er delt i fleire felt med motiva «Kristus som ber korset», «Kristus på korset» og tre englehovud over. Ein har slege fast at det er eldre motiv under desse, som kanskje er dei opphavlege. Døypefonten er frå om lag 1600, medan alterringen er frå 1776. Det er galleri frå nord og vest; ein veit ikkje når desse vart konstruert. Les mer …
Lesja kyrkje er hovudkyrkje i Lesja prestegjeld og ligg på ein haug sentralt i bygda. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot Lesjavatnet. Kyrkje er soknekyrkja for Lesja sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Lesje prestegjeld.
Det kan ha vore ein førkristen kultstad i området her, for Prestgarden ligg like nedafor den noverande kyrkja og like nord (vest) for den gamle kyrkjestaden.
Byggmeister for den nye kyrkja var Ola Fredriksson frå Nistugu Sør-Hole i Lesja (ca 1711-1769), og ho vart dekorert av den landskjende treskjeraren Jakob Bersveinsson Klukkstad opphavleg frå Lom. Han kom til Lesja for å skjere preikestol kring 1742, og er rekna som den som skapte den nye akantusskurden i Gudbrandsdalen. Prekestolen var han ferdig med i 1745. Betalinga var 40 riksdalar. Samstundes starta bygginga av den nye kyrkja, og Jakob fekk oppdraget med å skjere altartavla. Den var han neppe ferdig med før nokre år etter kyrkja var vigsla – han fekk i alle fall ikkje betalinga, 35 dalar, før i 1766. Jakob skar også korskiljedekorasjonane i kyrkja. Les mer …
|